[Biblioteksak.]

Biblioteksak. Eit Forslag til Umskiping av Universitetsbiblioteket til eit
Riksbibliotek, var framlagt av Bibliotekar Drolsum. Kyrkjedepartementet likar Forslaget godt, er det sagt, og vilde leggja det fram for Tinget; men Finansministeren torde ikkje; han var rædd Thinget skulde ikkje gaa med paa so stor Bevilgning, og so skamskar han Forslaget, med Avknipingar baade her og der, so det var korkje til halvt elder alt, - Tufs som det Regjeringi allstødt fer med. Slik kom daa Forslaget fram i Thinget.
           
Gage- og Pensionskomiteen kløyvde seg paa Saki; Arctander tok upp Drolsums Forslag og vilde, at Thinget skulde bevilga fullt ut, men paa Vilkaar indtil Stortinget anderledes bestemmer, so Thinget altso skulde hava Magti med heile Biblioteket heretterdags. Det var ikkje so ille uttenkt av Arctander, men det var ikkje politisk, ikkje høvande med den politiske Stillingi, og Johan Sverdrup paaviste og, at Forslaget i seg sjølv ikkje var so godt og praktisk som det skulde vera.
           
Den politiske Stillingi kravde her som hellest -, at Thinget skulde segja Nei elder utsetja Saki til betre Tider. Aa bevilga vilde her som hellest vera aa stydja Regjeringi. Og dette forstod Fleirtalet. Arctander tapte Slaget; Saki vart utsett.
           
Thinget gjorde sin Skyldnad, endaa det i dette som i andre Tilfelle visst fall tungt nok. Men Arctander bør leggja Merke til Himmelteikni. Avrøystingi i Biblioteksaki er ikkje plent ulik eit Mistillitsuttal til Formannen i Gage- og Pensionskomiteen.