[50,000...]

50,000 Krunur krev Regjeringi i Tillegg til Krunprins-Appanagen, fordi Krunprinsen no hev forlovat seg.
           
Han hadde fyrr 30,000 Kr. Heretter skal han hava 80,000. Og so skal væl Prinsessa med Tidi hava nokre Tusund, ho og.
           
Til Kongehuset hev det rike norske Folket fyrr betalt Kr. 386,000. Heretter skal det betala Kr. 436,000.
           
- Meiner Regjeringi.
 
Og dette krev Regjeringi i denne Tid, - just som Thinget tenkjer paa aa slaa ned Kongeløni og Pengarne til Minister-Kalas og Excellens-Danselag! Og Regjeringi krev det, paa same Tid som ho fer slik aat mot Thinget og Folket, som ho hev gjort gjenom heile det siste Aaret. Til aa krevja Pengar av er Thinget og Folket godt nok; men hellest kann det halda seg heime. - - -
           
- Aa, for alt det Norigs Storthing lyt finna seg i, fordi det hev voret for lite stolt!