Sogur fraa Island.

[Del 9 av 10. Fyrste delen]
 
(Fritt fortalt etter Øyrbyggjasoga).
                         
 
(Framhald.)
 
Snorre Gode hadde sendt Bod til Grannarne sine, at dei skulde leggja Skipi sine under Raudavikshovde, og han for dit med Heimemennerne sine, strakst Sendemannen hans Steintor hadde faret av, og Snorre drog inkje fyrr, fyr di han tottest vita, at Mannen var send til aa speia ut, kvat han hadde fyr seg. Snorre for inn etter Aalftafjorden paa tri Skip, og hadde innpaa 50 Mann, og han kom til Kaarstad, Garden til Torbrands-Sønerne, fyrr Steintor. Daa dei saag Ferdi hans Steintor paa Kaarsstad, daa sagde Torbrands-Sønerne, at dei skulde fara imot dei, og inkje lata dei faa koma inn paa Tunet, for me hev stort og vakkert Mannskap, sagde dei. Det var 80 Mann der. Daa svarad Snorre Gode: Me skal inkje hindra dei, so dei inkje kjem inn paa Garden, og Steintor skal faa fara aat etter Logi, for han vil føra si Sak baade vislegt og vitugt; eg vil, at alle Mann skal vera inne, og de skal inkje egla dykk inn paa dei, so det vert endaa verre aa faa i Stand Forlik. Dermed gjekk alle inn i Stova og sette seg paa Benkerne, men Torbrands-Sønerne dreiv paa Golvet. Steintor og hine reid fram til Døri, og dei fortel, at han var i raud Kjole, og at han hadde bundet upp Flaki under Beltet. Han hadde fager Skjold og Hjelm, og han hadde Sverd i Beltet, og det var utifraa fint. Parerplata og Knappen var kvite av Sylv, og Handtaket var lindat med Sylv, og der var Gull-Listur paa. Steintor og hine steig av Hestarne, og han gjekk upp aat Døri og feste Pungen, som det var 12 Øyrar Sylv i, millom Døri og Beitskida. Han nemnde upp Vitne paa, at no hadde han komet med Betalingi fyr Trælen etter Logi. Døri var opi, og ei Kona stod i Døri og høyrde, at han nemnde upp Vitne 1) ; daa gjekk ho inn i Stova og sagde:

Baade er Steintor ein gasta Kar, og Ordi fall godt fyr han, daa han kom med Betalingi fyr Trælen. Og daa Torleiv Kimbe høyrde detta, daa sprang han fram, baade han og hine Torbrands-Sønerne, og dermed gjekk dei fram alle dei, som i Stova var. Torleiv kom fyrst i Døri og saag, at Tord Blig stod utanfyr Døri og hadde Skjolden sin, og Steintor gjekk rett fram i Tunet. Torleiv tok eit Spjot, som stod i Døri, og stakk til Tord Blig, og han raakad Skjolden, og Spjotet gleid av Skjolden og upp i Oksli, og det vart eit stort Saar. Dermed sprang dei ut, og det bar ihop i Tunet. Steintor slost fælande kvast, og hogg til baade Sidur; men daa Snorre Gode kom ut, bad han dei stogga Slaastingi og bad Steintor og hans Menner rida burt fraa Tunet og lovad, at han skulde inkje koma etter. Daa for Steintor og hine ner etter Vollen, og dermed skildest dei. Men daa Snore Gode kom burt aat Døri, so stod Torodd, Son hans, der og hadde eit stort Saar i Oksli. Han var 12 Aar gamal daa 2) . Snorre spurde, kven som hadde saarat han. Steintor fraa Øyr, sagde han. Torleiv Kimbe svarad: No lønte han deg vakkert, fyr di du inkje vilde fara etter han; no er det mi Raad, at me inkje skal skiljast med det. So skal det vera og no, sagde Snorre Gode, at me skal talast ved litet meir, og dermed bad han Torleiv segja til Mennerne, at dei skulde fara etter dei. Steintor og hine var komne ner av Vollen, daa dei saag dei kom ridande etter, og daa for dei yver Aai og sidan tok dei Vegen upp i Skrida Gjeirvor og sette seg i Stand der, for der var godt aa verja seg, daa det var nok av Stein. Daa Flokken hans Snorre gjekk upp Skrida, daa skaut Steintor etter gamal Skikk eit Spjot yver Flokken hans Snorre til Heil fyr seg 3) , og Spjotet hittad sin Mann og raakad Maar, Frænden hans Snorre, og han var radt ufør til aa slaast. Daa detta vart fortalt til Snorre Gode, svarad han: Det er godt, at det syner seg, at det inkje allstødt er best aa ganga ettest. Dermed vart det ei hard Slaasting. Steintor var fremst i Flokken sin og hogg til baade Sidur, men det fine Sverdet hans dugde inkje, naar det raakad i Skjoldarne, og han laut tidt setja det under Foten og traa det rett. Han gjekk mest paa der, som Snorre Gode var. Styr Torgrims-son, Verfar hans Snorre, søkte hardt fram med Steintor, Frænden sin, og fyrste Mannefallet var, at han drap ein Mann av Flokken hans Snorre, Maagen sin. Daa Snorre Gode saag det, sagde han til Styr: Soleis hemner du Torodd, Dotterson din, som Steintor hev saarat til Ulivs, og du er inkje litet til Niding. Styr svarad: Detta skal eg svint bøta, og dermed snudde han um Skjolden og gjekk inn i Flokken hans Snorre Gode, og drap ein Mann or Flokken hans Steintor. Ved det Leitet kom Aaslak og Illuge Ramme, Son hans, fraa Langedal, og freistad paa aa leggja seg imillom; dei hadde 30 Mann. Vermund Mjove, Bror hans Styr, gjorde Lag med dei, og dei bad Snorre Gode, at han skulde stogga Mannedraapet. Daa bad Snorre Øyrbyggjerne koma og faa Grid (Liv og Fred), og daa bad dei Steintor taka Grid fyr Mennerne sine. Steintor bad Snorre retta fram Handi, og han so gjorde. Daa svingad Steintor Sverdet og hogg i Handi paa Snorre Gode, og det brakad stygt men Hogget raakad i Stalla-Ringen 4) og tok han mest isund, men Snorre vart inkje saarad. Daa ropte Torodd Torbrandsson: Grid vil dei inkje hava, og no skal me inkje slutta, fyrr alle Torlaks-Sønerne er drepne. Daa svarad Snore Gode: Daa vart det agalaust i Bygdi, um alle Torlaks-Sønerne vart drepne, og dei skal faa hava Grid etter Avtala, soframt Steintor vil. Daa bad alle Steintor taka mot Grid. Detta gjorde Steintor, og no vart det sett Grid, som skulde vara, til dess kvar kom heim til seg.
           
No skal me fortelja um Breidvikingarne, at dei spurde, at Snorre Gode hadde faret med mykje Folk til Aalftafjorden. Daa tok dei Hestarne sine og reid etter Steintor, det snøggaste dei vann, og dei var paa Ullvarsfellshalsen, daa Slaget stod i Skrida, og sume segjer det, at Snorre Gode saag Bjørn og hine daa dei var uppe paa Halsbruni, for han snudde Andlitet mot dei, og at det var det, som gjorde, at han var so vegjen, daa han tingad Grid med Steintor. Steintor og Bjørn møttest paa Ørlygsstad, og daa sagde Bjørn, at det hadde gjenget, som han hadde tenkt: det er mi Raad, sagde han, at de snur attende, og no skal me setja hardt etter dei. Steintor svarad: Eg vil halda den Grid, me hev snakkat av med Snorre Gode korleids det so kjem til aa ganga, med Saki vaar sidan. Dermed reid alle kvar til seg, men Tord Blig laag sjuk av Saaret sitt paa Øyr.
           
I Slaget i Aalftafjorden fall det 5 Menner av Mannskapet hans Steintor og tvo av Mannskapet hans Snorre Gode, og mange vart saarad paa baade Sidur, for dei hadde gjenget
hardt paa.
 
Snorre Gode for heim til Helgafell etter Slaget, og det vart avsnakkat, at Torbrands-Sønerne skulde vera anten heime i Alftafjorden elder paa Helgafell, til det vart ein Ende paa desse Sakerne, fyr di at no var det fæl Uvenskap, som ventelegt var, daa det ingi Grid var lenger, fyrst dei var heimatt-komne.                        
 
( Meir.)
 
1) Det var ein lang Formel, naar ein skulde nemna upp Vitne, og den var inkje god aa hugsa.
 
2) Det er han, som for til Jamteland, og kravde Skatt fyr Olav den heilage, og som fekk Hjelp av Arnljot Gelline.
 
3) Meiningi var aa vigja Fiendarne til Odin.
 
4)