Kommissionar. 1)

Til kongelege Kommissionar krev Regjeringi i Aar Kr. 55,000. Derav Kr. 16,500 til uforudseede Kommissioner.
           
Ifjor fekk ho til denne Posten 10,000 Kr., og det er dei Pengarne, den kongelege Militærkommissionen hev havt aa liva paa. Det er væl lite rimelegt at Storthinget etter det, som det hev røynt i det siste Aaret, vil gjeva korkje mykje elder lite til dette Slaget av uforudseede Utgifter.
           
 
Regjeringi meiner, at ho aaleine hev Rett til aa setja Nemnder til Fyrebuing av Logjer. Men denne Meiningi hev ikkje Grunn i nokot Logbod korkje i Grunnlogi elder annanstad. Tvertimod segjer Grunnlogi greidt og tydelegt (§ 49), at den lovgivende Magt er hos Folket, der udøver den ved Storthinget. Regjeringi hev berre same Retten som dei einskilde Odelsthingsmenn, nemleg Rett til aa foreslaa Logjer (§ 65).
           
Hev Storthinget den loggjevande Magti, so maa det og hava Magt til aa gjera det som trengst for aa faa Logjerne istand. I Samstev hermed var det, at alt Riksforsamlingi i 1814 sette ein parlamentarisk Logkommission, som skulde utarbeida Forslag til dei Logverki, som Riksforsamlingi vilde hava utførde. 2) Gjenom mange Aar, heilt til 1830, heldt Storthinget fram med aa bruka denne Retten sin. Men av praktiske Grunnar vart fraa 1830 av den Skikken innførd, at Storthinget kravde, at Regjeringi skulde syrgja for aa faa istand Utkast til dei Logverk, som Thinget vilde hava fram. Der var Samarbeid den Gongen millom Regjering og Storthing. Kongen valde sine Raadar millom dei førande Menn i Thinget (H. Foss, Sørensen, Riddervold o. fl.), og der var full Tillit til, at Regjeringi baade kunde og vilde stydja Loggjevararbeidet paa beste Maate.
           
Ikring 1850 kjem det eit Vende. Storthinget bad Regjeringi um Utkast til ei Jury-Log; Regjeringi kom ikkje med det. So sette Storthinget sjølv ei Jury-Nemnd (1854) med U. A: Motzfeldt som Formann. Daa protesterad Regjeringi gjenom ein kongeleg Resolution, og dei Nemndemennerne, som Regjeringi kunde naa, vart forfylgde paa same Maaten som Hernemnd-Mennerne i 1880.
           
Men næste Storthing (i 1857) uttalad etter samrøystig Innstilling fraa Protokolkomiteen (Formann: Harbitz) eit samrøystigt Misstykkje mot denne Framferdi av Regjeringi. Den gamall-konservative O. Valstad sagde bl. a:
           
Jeg synes det ligger ligefrem i Sagens Natur, at naar Storthinget efter Grundloven er tillagt Lovgivningsmagten, maa det ogsaa være den principale Magt, som er berettiget til at faa udnævnt hvem det vil til at forberede Sagerne.
           
So radikalt var Storthinget i 1857. Der sat Menn som I. B. Faye, N. P. Vogt, P. Smit, A. M. Schweigaard, Borgarmeister Platou; - ikkje ein av dei kunde vera med paa aa finna seg i, at Regjeringi hadde lagt Meinkrokar i Vegen for Jury-Nemndi, naar ho skulde utføra eit Yrkje, som Storthinget hadde paalagt henne.
           
Kva segjer dei konservative Partibladi no, naar Storthinget i aalvorlege, landsvigtige Spursmaal brukar sin gamle Rett?
           
 
Bakstrævet viser altid til Grannelandi og Skikken der, naar det er Tale um vaare konstitutionelle Spursmaal. Lat oss daa sjaa, korleids dei hev det i Danmark med Avsyn paa Log-Nemnder!
           
§ 46 i den danske Grunnlogi segjer: Ethvert av Thingene kan til at undersøge almenvigtige Gjenstande nedsætte Kommissioner af sine Medlemmer.
           
Slik Radikalisme gjeng altso an i Danmark!
           
So lengje Regjeringi i Noreg stend paa det kav bakstrævande Standpunktet som no, kann me ikkje forstaa, at Thinget kann forsvara aa gjeva ein Skilling til nye kongelege Kommissioner, og alraminst til uforudseede!
 
 
Mennerne fraa 1815
 
(og 1818) hev ikkje aaleine gjort § 82 ubrukeleg til Grunnstein for det absolute Veto i Forfatningsspursmaal, men dei hev og øydelagt Læra um Veto i Pengesaker. 3)
           
Me skal leggja væl Merke til det.
           
Litra d i § 75 segjer, at det tilkjem Storthinget aa bevilga dei Pengarne som tarvst til Riksens Utgifter.
           
Mennerne fraa 1815 (og 1818) sagde at det vilde vera meiningslaust (aldeles uden Hensigt), um Kongen hadde Veto til Litra d.
           
Mennerne fraa (1815 og) 1818 fann, at det var umoglegt, at vituge Folk, som las Grunnlogi med Forstand, kunde finna paa aa innbilla seg, at Kongen hadde Veto til Litra d. Det kunde ikkje vera grundet Tvil i den Saki. Storthinget hadde Bevilgningsretten, heilt og reint.
           
Det meinte Mennerne fraa 1815 og 1818. Og dei visste, kva Thinget av 17de Mai og Thinget av 4de November hadde meint og viljat. Dei foor ikkje med Fortolkningskunster, dei.
           
Det same, som gjeld um Litra d, gjeld um Litra i. Litra i segjer, at det tilkjem Storthinget aa revidera millomtidige Gage- og Pensionslistur. Der hev altso Kongen helder ikkje Veto. So meinte Mennerne av 1815 og 1818. Og dei visste det.
           
 
Grunnlognemndi i 1824 meinte, at Kongen hadde absolut Veto i Grunnlogsaker.
           
Men væl aa merkja ikkje etter Grunnlogi, berre etter Sagens Natur. Det var Fortolkningskunsterne, som tok til aa røra so smaatt paa seg. Sagens Natur kann brukast til mangt, den; - det kjem berre an paa, kva det er, Ein held for aa vera Saki!
 
 
1) Etter Berg. Tid.
 
2) Paa det overordentlige Storthinget i 1814 foreslog Kongen sjølv: at Storthinget nu vilde constituere en Comitee, bestaaende af 12 Medlemmer og delt i tre Sectioner, nemlig en for Finantsens, en for det militære og en for den indvortes Økonomi, hvilken Comittee bør ind til næste Storthing . . . udarbeide et Forslag til . . . Forholdsregler og Anordninger.
Fedrh.
 
3)