[Prof. Aschehoug fyrr og no.]

Prof. Aschehoug fyrr og no. Fædrelandet forsvarar Prof. Aschehoug av 1880 mot Prof. Aschehoug av 1869. Det er ikkje sannt, at 1869 Aars Aschehoug var imot Veto i Bevillings- og Skattesager.
           
Han sagde vistnok, at Storthingets bevilgende og beskattende Myndighed var uindskrænket; men han tenkte ikkje paa Vetoet; han meinte berre, at Storthinget ikkje var bundet av serlege Grunnlogpaabod til aa utlikna Skattar paa den elder den Maaten, at Storthinget kunde gaa so mykje i Smaatt som det vilde med Bevilgningarne sine o. s. fr.
           
Ja, han sagde vist nok, at Storthingets bevilgende og beskattende Myndighed var uindskrænket. Men han sagde litt meir, gode Fædreland! Ordi hans fall so:
           
Storthinget har en beskattende Myndighed, hvis eneste (eneste!) Indskrænkning det er, at den kun kan gjøres gjældende for 3 Aar ad Gangen. Grundloven har fremdeles tillagt Storthinget en bevilgende Myndighed, der er ligesaa ubunden. Dette synest oss aa vera klaare Ord.
           
Gjeng det an aa vrida seg fraa slike Utsegner, - so vil det heretter ikkje nytta aa bry seg det Slag um, kva Prof. Aschehoug segjer. Han kann uttala seg so klaart han vil: næste Gong gjeng han ifraa det att.
           
Men kanskje den Mannen hev det slik? Me hev set likso utrulege Ting av han fyrr!
           
I so Tilfelle skal me ikkje misunna Bakstrævararne Autoriteten deira!
           
 
Det er ein Ting, Fædrelandet fortel, som me synest mest er for stygg.
           
Prof. Aschehoug hev, segjer Fædrelandet, i 20 til 30 Aar lært Juristarne paa Universitetet, at Kongen hev Veto baade i Pengesaker og i Grunnlogsaker.
           
Hev Mannen altso gjenget der paa Universitetet og forkynnt Lærdomar, som han offentleg ikkje torde leggja fram, iallfall ikkje heilt og klaart, - fyrr no?
           
Er Mannen ein politisk . . . nok-sagt!?
           
- Eit er visst. Hev denne Mannen i 20-30 Aar fraa sin Lærestol paa Universitetet forkynnt som full vitenskapeleg Sanning dette, som det iallfall hev voret den sterkaste Tvil um i alle desse Aar, ja i heile vaar Fridomstid: Vetoet i Bevillingssaker, Skattesaker, og Grunnlogssaker, - hev han gjort det, so skal Gud og kvar Mann vita og døma, at han ikkje fortener aa heita Vitenskapsmann, men at det finst eit annat og mykje mindre vælklingande namn, som vil høva aat han daa.
           
Men er det so, so vil det og vera lett og skyna, kor det hev seg, at mest alle Juristarne vaare er slike hardsette Vetomenn. Ein lærer i den Skulen Ein gjeng, og Aschehoug hev Folk trutt av ein juridisk Autoritet, som Ein kunde lita paa.
           
No bleiknar det stygt med Autoriteten. Men ein skikkeleg og ærleg Mann -? Fædrelandet lyt greida betre ut i den Saki.