[Notisar]

Kristiania, den 25de Februar.
 
  Idet Samlagets Bestyrelse herved tillader sig at andrage om, at det Hr. Pastor Belsheim ifjor tilstaaede aarlige Bidrag af Kr. 1000 forhøies til Kr. 2000 indtil videre, saalænge han er sysselsat med Bibeloversættelsen, skal man bemærke, at flere anerkjendt dygtige Mænd har lovet sin Bistand til at lade Oversættelsen fremtræde saa korrekt og i et saa godt Sprog som muligt.
 
 
Andre Blad som tek upp Stykkje av Fedraheimen, skulde ikkje finna paa aa umskriva dei paa dansk!
 
 
Novemberlaget vil halda politiskt Møte paa Lillestrømmen. Medlemmer og Meningsfæller indbydes.
           
Undrast paa, kva dei skal disskutera um paa det Møtet, naar alle ihop er Meningsfæller?
           
Skal dei bryggja ihop ei Veto-Adresse til Aschehoug? Naa, det kann Ein segja vil vera ei Sælebotsgjerd: for Mannen hev fengjet berre ei 1 Adresse fyrr, so han kann trengja til det!
 
 
Sunn og sann Upplysning. Det kjem meir og meir upp, at November-Budstikka er eit av dei mest upaalitelege Blad i Landet. Verd. Gang held paa og etterviser den eine Usanningi i det grovare enn den andre.
           
Og slikt eit radikalt Bakstrævarblad! Det gjeng vidare enn sjølve Morgenbladet.
           
Og dette skal vera eit Blad for den norske Bonden!
           
Bonden kann, Gud betre oss, vera mindre upplyst enn han burde. Men so u-upplyst som Novemberbladet, nei det er han daa ikkje.
 
 
Fraa Vestlandet. (Or eit Privatbrev). - Paa Skulen vart eg kavdansk: men no held eg fyre, at eg er likso kavende norsk. Og det som verre er; eg er Republikanar; - men det er væl du og. Kvar sann Nordmann maa vera Republikanar.
 
- - Eg ser, at Samlaget bed Thinget om Studnad til ei norsk Bibelumskrift. Daa maa de vera romhendte, gode Storthingsmenn! Lat sjaa de gjer det so de slepp aa trega paa det. Fær me Bibelen paa norsk, og den fær sleppa inn i Hus og Heimar, daa hev me vunnet yver Rygg.
 
 
Ei Mynt (elder Medalje), til Minne om Sverdrup og 9de Juni 1880, hev Gravør Brun (Stortorget 5, Kristiania) laga til. Ho er aa faa kaupt baade av Britania-Metal (1 Kr.), av Bronse (3 Kr.), av Sylv (Kr. 7.50) og av Gull.
 
           
Dagbladet er selt til Haakon Holtan.
 
           
Unorsk og norsk, Storverket til K. Knudsen, er no ferdig. Ho kostar 5 Krunor. Alle Maalmenner bør hava den Boki.
 
           
Eit nytt Samlag emna dei paa, som skal setja seg dæ Fyremaalet aa rett faa framlagt Folkemaalet, slikt dæ liver paa Folketunga. Av Segner og slikt skal dæ au faa samla so mykje som mogelegt. Dæ er Maalmenner helst som vil faa Laget i Stand: Ivar Aasen, Hans Ross, Moltke Moe; Sophus Bugge er nok ogso med.
 
           
Tingmann, hev vore, Erik A. Riisnes, er daaen, 62 Aar gamall. Han var ein god Mann og dugleg, men daa han i 1872 tok paa aa glida yver i Høgre, totte dei frilynde Hordarne ikkje at dei kunde bruka honom lenger. Misminnest me ikkje, so sagde han i Adresse-Ordskiftet i Tinget dæ Aaret, at dæ Stangske Styre var mæ de folkelegaste me hev havt!
 
           
Prest Hvoslef i Lier, som ein Gong var Bisp i Trums, hev nok fengje dei fleste Provste-Roysterne til Bisp i Bergen.
 
           
Med Lofotfisket gjeng dæ godt. Til 14de Februar var dæ opfiska 3 ½ Million Torsk, som er meir en dæ hev vore paa 12 Aar til den Tidi. Prisarne er gode.
 
           
Vaarsildfisket vert det smaatt med i Aar, som dæ lenge hev vore.
 
           
Nokre Teler held Ski-Skule i Kristiania. Damorne vil gjerne læra.
 
           
I Amerika vil nok no Demokratarne slaa seg heilt paa Frihandelen. Ved næste Præsidentvalet vil dei setja den opp som ei Hovudsak. No sist hadde Demokratarne, som jamnt hev vore Frihandelsmenner, eit Præsident-Emne (Hancock) som vilde hava Livdar-(Beskyttelses-)Toll. Men Garfield er helst Frihandelsmann, endaa Republikanararne er dæ vanleg ikkje.
 
           
I Spania hev dæ vore Riksraadskifte. Kong Alfons totte dæ var best aa retta seg etter Folket og faa seg eit frilyndt Styre. Formannen i detta er Sagasta. Han hev oppløyst Tinget, som var bakstrævande, og no skal dæ snart vera nytt Val.
 
           
Viktor Hugo er 79 Aar i Dag.
 
           
Droz heiter Præsidenten i Sveits detta Aaret: den som fyrst vart vald, skaut seg i Joli.
 
           
Thomas Carlyle, vidkjend engelsk Sogerskrivar, er avliden.
 
           
Misprenting i f. No: I Stykket Magtfordelingi, 7 Lina ovanfra: same politiske Kunst, les sanne politiske Kunst.