[Ein Kristiania-Brevskrivar...]

Ein Kristiania-Brevskrivar til det svenske Bakstrævarbladet Aftonbladet fortel at Høgremennerne i Storthinget daa vist mange av dei vert nøydde til aa vera med paa Pensjonarne til Welde og Jakobsen, for at ikkje Fleirtalet skal verta for strengt mot alle dei andre Pensionistarne i Landet. Høgre tek altso alt til aa forstaa, at det vil vera faarlegt aa driva Tverbløygskapen for vidt.
           
Same Brevskrivaren vedgjeng, at Høgremennerne i Thinget likar seg ille under det noverande Tilstandet. Dei hev misst all Innflytelse, segjer han, og dei fær ikkje eingong vita, kva Fleirtalet tenkjer paa og legg seg ihop um. Dei gjeng der og er reint tilovers. Under slike Umstende, segjer han, hev dei ikkje stort annat aa gjera enn aa taga werlden så lätt som möjligt, njuta lifvet och se tiden an. -
           
Um Novemberbladet fortel han, at det hev ikr. 4000 Tingarar; - men Ulukka er, at desse for det meste ikkje høyrer til den Delen av Aalmenta, som Bladet er meint paa, men at dei fleste er Embættsmenn, Kjøpmenn og større Eigedomsmenn, som held Bladet for aa stydja det. Og daa nyttar det nok ikkje stort -! Brevskrivaren vedgjeng og, at Verdens Gang, som Budstikken skulde tyna, er skrivet med långt større fyndighet och slagfärdighet än Budstikken.
           
- Det tenkjer no me og. Modet maa ikkje vera stort i Høgreflokken, naar dei kann skriva Ting som desse til utanlandske Blad. Det er væl Thingmøtet den 16de Februar, som hev sett Støkk i dei.
           
Dei forstend væl, at her kjem fleire strenge Dagar i denne Sessionen!