[Det store Verk...]

Det store Verk er fullført. Regjeringspartiet og Frieleflokken er alt heilt inne i Einveldet.
           
Heilt inne i det kann Ein segja dei ikkje hev voret, so lengje dei leet Storthinget faa hava att nokot av Magti og Retten sin.
           
Men no er det store Umstøypingsverket fullført. Det er Throndhjems Adresse, som hev Æra av aa ha støypt det ferdigt.
           
Throndhjems Adresse skriv:
           
I det politiske Liv har man som bekjendt en lovgivende Magt og en udøvende Magt. Den sidste udøver Lovene, bringer dem i Anvendelse.
           
Hvis den udøvende Magt, Regjeringen, ikke vil udøve en Lov, ikke anerkjender den, saa er denne Lov død.
           
- Der er me ferdige med heile Loggjevarmagti. Storthinget eig ikkje eingong den. Vil ikkje Regjeringi utøva ei Log, so er Logi dermed avteki og magtlaus. Det vart absolut Veto i Logsaker og, det. Driv Storthinget igjenom ei Log etter § 79, so nyttar det ingen Ting, dersom den udøvende Magt, Regjeringen negtar aa utøva Logi.
           
Men so hev me Ministerandsvaret - ? Ja, spør Mgbl.
           
Nei, no er Systemet fullført. Storthinget hev ikkje Retten yver Grunnlogi; Kongen hev Veto.
           
Storthinget hev ikkje Bevilgningsretten; Kongen hev Veto.
           
Storthinget hev ikkje den loggjevande Magti; Regjeringi kann berre negta aa godkjenna Logjerne.
           
Storthinget kann ikkje draga Ministrarne til Andsvar.
           
Det er eit vidunderlegt Storverk! Norigs Forfatning er den friaste i
Verdi; ved eit Par Pennestrok støyper dei henne um til ei av dei ufriaste, som kann tenkjast.
           
Throndhjems Adresse er styrd av Novemberredaktøren Emil Lie. Hr. Emil Lie hev knapt funnet den nye store Sanningi sjølv; det er visst fleire um det og kanskje det ikkje er berre Smaafolk helder.
           
Nok er det: me kann vera støde paa, at Selmers Regjering nok veit aa baade finna og bruka Tanken, - dersom ho hellest fær liva so lengje.
           
- - Men av Storthinget fær Statsministeren 40,000 Kr., - berre for aa driva Politikk.