Rikspeningen og Administrationen.

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Framhald).
 
                       
9.
 
Aa hava stor Riksgjeld er ingen Spøk for eit lite Land. Iaar gjeng det med innpaa 6 Millionar av Riksinntektene vaare berre til Avdrag og Rentur av Statslaan. Til Jarnvegjer er for same Tidi bevilgat nokot yver 8 Millionar. Og dei hev ikkje kunnat bevilga til nokot nytt Jarnvegstiltak. Det vil dei heller ikkje kunna paa ei god Stund enno.
           
Til Jarnvegsadministrationen (Styrar og Tilsynsmenn, Kontorhald o. dl.) gjeng det ikr. 350,000 Kr.
           
Som me sidan skal sjaa, gjeng det mest ikkje an for Landet aa byggja nye Jarnvegjer under det Styret me no hev. Der er so litet Tilsyn og so litet Andsvar paa alle Kantar, at mest alle slike Tiltak vert vitlaust dyre og endaa ikkje altid so gode eller godt stellte, som dei skulde vera. Her som i so mangt annat treng me eit nytt System.
 
                         
10.
           
Fengselsværket (Slave- og Tugthusi) kostar Landet Kr. 865.880 i eit Aar. Derav gjeng Kr. 270,950 med til Løningar av Embætts- og Tilsynsmenn ved Straffehusi.
           
Til Hjelp for dei, som hev stadet ut Straffi, og som daa skulde prøva aa byrja paa med eit nytt Liv, betalar Staten Kr. 2,400. Knipte Staten mindre her, so kunde han kanskje knipa meir paa dei store Bevilgningarne til Tugthusi! For ei stor Mengd av dei, som vert innsette der i eit Aar.,- hev voret der fyrr.
 
 
11.
           
Til Dokter- og Sjukevæsen betalar Staten uppimot 2 Millionar Krunur (Kr. 1,717,699,75). Derav til Distriktslækjarar o. fl. ikr. 485,000. Resten gjeng til Rikssjukehuset, Daarehusi, Sjukehusi for Spitelske osfr.
           
Distriktslækjarar hev fraa 1500 til 2000 Kr. av Staten. Det, dei tenar serskilt, er ikkje so godt aa rekna ut. For det meste tek dei 2 Kr. for kvar Raadspyrjing, og dei fleste tenar flust.
           
Dei Pengarne som gjeng med til Dokterar og Apotek kunde Folk spara mykje av, dersom dei livde vitugt, heldt seg reinslege; hadde frisk Luft i Romi sine, og drakk mindre av Brennevin og Øl. Det, Ein drikk upp, er tvo Gonger burtkastat: fyrst Pengarne til Brennevinshandlaren, og sidan Pengarne til Dokteren. Det vilde koma færre Folk paa Daarekista au, dersom det ikkje var so mykje Drikking og annan Ulivnad.
           
Den, som i alle Maatar liver paa Folkevis, vinn inn Pengar og Kraft baade for seg sjølv og for Landet. Den som liver ureinslegt eller ukjurslegt paa annan Maate samlar Pengar til Dokteren og Apotekeren, men Armod og Sjukdom til seg sjølv og Borni sine, og Vesaldom til Landet.
           
Riksbudgettet med sine Tal held sterkare Preikur for oss um dette enn nokon Prest kann gjera. Ein kann sjaa paa dei store Tali ved Fengsli, Sjukehusi og Daarekisturne, og sjaa seg rædd. Du unge Gut og du unge Gjenta, som endaa ikkje hev øydelagt deg, - kjære, bruk Vitet. Du vil ikkje trega det.
                         
 
12.
           
Legg Ein ihop det, som Landet kostar ut til Fengselsverket og til Sjukeverket, fær Ein i rundt Tal ut den gilde Summen Kr. 2,583,500. Yver halvtredje Million.
           
Til Folkeskulen betalar Staten, naar me reknar alt væl med: Kr. 1,262,841. Ein og ein kvart Million!
           
- Gav Staten meir til Folkeskulen so kunde han med Tidi spara det inn att paa Bevilgningarne til Tugthusi og Sjukehusi, - og vinna uhorveleg paa det i alle Maatar. Som væl er, hev Storthinget teket til aa forstaa dette. Regjeringi hev ikkje set det. Ho og hennar Folk vil helst hava smaae Lærarløner og Pontoppidanpugnings-Skular, for at den rette Vyrdnaden for Autoriteten kann haldast uppe.
           
Vyrdnaden for Autoriteten, naar det gjeld Folkehelsa paa Kropp og Sjæl! Folkehelsa, Upplysningi, Landsens Framtid!
           
Det er so smaat, at du maa luta deg djupt ned for aa sjaa det.
                         
 
13.
           
Til Landbruket gjev Staten alt i alt Kr. 156,950. (Kongehuset kostar 436,296 Kr.)
           
Av dei 156,950 Kr., som Staten gjev til Framhjelp av Landbruket, gjeng dei 56,900 Kr. med til Løningar og Reisepengar for Ingeniørar, Agronomar o. a. Aas Landbruksskule kostar Kr. 48,400.
           
Fisket er ein av vaare fremste Næringsvegjer og kunde verta det endaa meir, um det vart gjort nokot tilgagns for aa læra Folk upp i aa stella Fisken paa rette Maaten. Til Fiski gjev Staten 78,540 Kr., derav 60,840 Kr. til Løningar, Uppsyn, Skyds, Diæt, Kontorhald osfr.
           
Til Skogvæsenet gjev Staten 150,200 Kr. Derav gjeng Kr. 114.500 til Løningar og Administration.
           
- Det vil gjerna stella seg so all Tid i dette Landet og under dette Styret, at naar Folket gjev Pengar til Framhjelp av nokot gagnlegt elder naudsynlegt, so vert Administrationen so dyr, at det vert att mindre enn Ein tenkte til sjølve Formaalet. Fyrst skal der ein gild Stab av Funktionærar til Direktør, Ingeniørar, Assistentar, Betjentar, med Kontor, Under-Kontor og fullt Stell, - og so fær Ein sjaa, kor mykje Ein fær att til det, som alle desse Folki skulde gjera! Og so er det mest til kvart Aar nye Embætte. So skal den Direktøren hava ein Assitent til, so skal den Direktøren hava meir Kontorhjelp.De stedse stigende Forretninger gjer det naudsynlegt. Forretningarne er alltid stedse stigende. Det er greidt. Og paa den Maaten dyngjer det seg ihop. Og det er ikkje berre Løningslista, som veks ved det, men det er sjølve Embættsmagti. Det syter Regjeringi fyre og alle desse Direktørarne, som nok kvar i sine Rike er liksom smaae Despotar, som innsett og avsett Folk ettersom dei vil, og utan at dei stend nokon til Andsvar. Det radikale Bonde-Storthinget, som hev slikt eit Ord for Embætts-Hat og Knipingspolitikk det segjer sjeldan nei til ei ny Løning. Det er altid hensynsfullt. Det fær ikkje stor Takk for det; di meir Embættsmagti fær, di meir krev ho, og Morgenbladet skjeller paa det radikale Bondestorthinget like godt, fraa Aar til Aar. Men Storthinget gjer det like væl. Det tenkjer nok som so, at eingong maa Ein væl vinna desse Folk naar Ein berre er rigtig snild. Men dei, som kjenner Inntelligens-Ringen vaar, meiner nokot annat. Dei segjer: Alt det, som Storthinget kann gjeva, tek Embættsfolket berre som sin Rett kva annat er Folket til for enn for aa løna og lyda oss? og er like arge, naar Storthinget i sume Ting gjer sin eigen Vilje. For det er altid galet. Me, den upplyste Del av Nationen, - det er me, som skal raada i Riket! meiner Intelligensen.
           
- Storthinget hev voret snildt lengje, og dermed hjelpt upp imot seg ei helder sterk Magt. Men no vil det visst vera Slutt med den Politikken. Daa Embættsmagti no hev trutt seg sterk nok til aa visa Tenner og reisa open Ufred mot Folkemagti, vil Thinget visa, at ikkje det helder er vaapenlaust.