Ny Bok.

Fra Reformationstiden. Kirke-historiske Livsbilleder fra forskjellige Lande. Af Vilh. Poulsen, Sokneprest til Vinje. Tvillaust heve forf. havt mykje stræv med desse bilæti fyr å leita dei fram og teikna dei fyr oss, men so heve det og vortet til bilæte, som ein berre kann hava godt av å sjå på. Eg skal ikkje segja, at eg er god-til å avgjera, um forf. i alle måtar heve ramat det rette og sanne i kvart bilæte, men eg kjenner, at personarne liver og andar i si Tid og utyver den. I røyndi kjenner me svært litet til det store reformations-århundradet og kjenslurne då. Me heve altid leset nokot um det, men me stend mest lika vise, for personarne vert til stive teologar, som me heve vondt fyr å få tak i.
           
Heve eg ikkje reint teket i mist av det forf. vil, so er det detta: å syna fram det store løysande tidsskiftet, då anden vaknar, kjenner trældomen og slær ut vengjurne. Han syner då, korleids det gjenombrotet slær ut gjenom dei ymse andar, både av menn og kvinnur, vekkjer trongen til sanning, til álvor, til å liva og lida, ja døy fyr sanningi. Og alle stader er det livande ordet og vedkjenning av sanningi vekkjarmagti. Forf. fører detta fram gjenom 13 livsbilæte, som mest alle er klare og fine og borne av eit heilt syn på tilburdarne. Luther sjølv heve han ikkje teket med. Det tarvst minder, segjer forf. i fyreordet, da han er bra kjend fyrr, og so vilde det turva lang tid å gjeva seg i ferd med hans rike liv.
           
Det fyrste bilætet er av humanisten Filip Melanchton og er svært fint teiknat. So prestarne Johannes Bugenhagen og Justus Jonas. I skalden Hans Sachs, som Luther kallad diktarkongen, ser me rett klårt gleda i tidi yver løysingi frå trældomen:
 
            Vaagn op; det dæmrer nu i Øst;
            der synger heit med yndig Røst
            i grønne Lund en Nattergal;
            dens Sang gaar over Berg og Dal.
            Mens Natten mørk mod Vesten flyr,
            i Østen Morgenrøden gryr,
            igjennem dunkle Skyers Hær
            staar Solen op med rødligt Skjær.
 
           
Henrik af Zütphen er blodvitnet. I dei tvo kvende-bilæti: Kurfyrstinde Elisabeth af Brandenborg og Olympia Morata, i franskmannen Louis de Berquin, italiamennerne Vergerio og Caracciolo ser me, korleids desse store og gode andar, som kundeventa den største framtid ved å standa i det gamle, gav burt alt fyr å vinna den kostesame perla, som var funni. Vidare heve forf. gjevet bilæte av: Hans Tausen, Olaus Petri og spaniamannen Constantino Ponce de la Fuente.
           
Stilen er lett og greid. Boki er stor (503) sidur) og kostar Kr. 6.00.
           
Eg trur vist, at alle vil hava gleda av å lesa denne boki, ho vil gjeva eit fullare, meir livande syn på, kvat den tidi i grunnen var, ein vil betre finna meining i det, vår tid strævar med, for ein vil få syn fyr samanhengen. Ho måtte då vist vera svært kjær-komi fyr sokne-biblioteki i landet.