Ho Sigrid.

(Ei Friarsoga fraa Vestlandet).
           
 
Det var ei Gjenta, heitte Sigrid. Folk heldt henne ikkje for aa vera av dei klokaste, og slike Stakkarar meiner no Folk, at dei hev Lov til aa fara aat mot som dei vil. Sigrid tenkte hardt paa ein Jordagut der i Grendi. Men dette vilde ikkje Syster aat Guten vita av. Ho og den andre Systeri og Tenestgjenta deira lagde seg daa ihopum aa gjera Sigrid ei Pretta.
           
Tenestgjenta fekk fine Karmannsklæde paa seg og ein kvit Bringeduk og ein stor Hatt. So lagde dei i Veg til Sigrid. Tett attmed Husi, der Sigrid tente, gjekk det ei Elv. Attum Hushyrna paa Elvebreddi var det lagt upp eit Slags Stelling, og der lagde dei tvo Systerne seg paa Skugl. Gjenta i Karsklædi bankad paa og fekk Sigrid ut. Daa Sigrid fekk sjaa den fine Friaren, vart ho reint ovglad og gav seg strakst i Godprat. Friaren, skulde vera, lagad det no so, at dei drog seg meir og meir burttil der Systerne stod, so dei kunde høyra, og no stod dei daa der bak og vilde mest kovna av Laatt. Den eine av dei fekk daa liksom litt Straff for Gapet sitt; for rett som det var, brotnad den Stauren, ho stod paa, so ho datt i Elvi; men ho tagde, leet seg driva med Straumen og krabbad seg upp eit Stykkje ifraa, vaat som ei Bikkje. Daa Friaren tenkte, at dei svo Systerne kunde hava best av aa faa Laatten paa Los, fekk han Sigrid til aa beda seg med inn paa Loftet. Der sat dei daa og svallad i Myrket til langt paa Kveld. Daa Friaren endeleg skulde avstad, bad han um aa faa koma att næste Laurdagskveld; Sigrid var reint fortryllt av Gleda og trudde paa Friaren som paa Katekisma. Næste Laurdag kann du tru, Sigrid hadde skurat og vaskat baade Golv og Benkjer, baade Kjerald og Fat, kokat Rjome og fjelgat seg upp, so Husbonden sagde det var sjaaande, at ho ventad Friar i Kveld. Gjenta berre stod og lo av detta, ventad og ventad, men nei, - ingen Friar kom. Kjem han ikkje i Kveld, so kjem han væl næste Laurdagskveld, tenkte Sigrid, Stakar, og slog seg til Ro. Andre Laurdagskvelden sat ho paa nytt og ventad i god Tru; nei, ingen Gut kom. Sundags Morgonen tenkte Gjenta, at det var best aa faa Greida paa dette. Ho tok paa seg Kyrkjeklædi og strauk stad til den Garden, der Friaren hadde sagt seg heime. Daa ho kom dit, fekk ho spurt at Guten var med Grannekyrkja, ei god Mil derifraa. Ho avstad til Kyrkja. Daa ho kom dit, skulde Folk alt paa Heimvegen att. Den Guten, ho trudde det var som hadde friat til henne hin Kvelden, fekk ho fat i; men daa han fekk høyra det, ho hadde aa fortelja, vart han baade harm og forbinad. Dette hev Syster mi funnet paa! sagde han; dei hev gjort Narr av deg, Sigrid! - -
           
Skjemd og sorgfull ruslad Sigrid heim att. Ho var stundom innimot Graaten. Kvi skal daa Folk vera so vonde mot meg? tenkte Sigrid.
                       
Men Soga um Friaren hennar kom ut i Bygdi, og Sigrid vart til Laatt og Løgje for alt Folk.     
 
- h.