Avislesing paa Moen.

Graatenmoen hev eit Læseværelse, der Soldatarne skal faa lesa Blad og Bøker, som dei kann hava Nytte av. Tanken er vitug og god. Men slik som det Lese-Romet vart styrt, so totte baade eg og andre, at Nytta ikkje kunde bli stor. Der var ein Regel, som lydde so: Bøger eller Aviser maa ikke indlægges paa Læseværelset af nogen anden end Leirkommandanten eller den fungerende Feltprest. Og naar ikkje andre Blad maatte koma inn enn dei, Offiserarne likad, so kann ein vita kva for Blad det var. Umframt Underoffisersbladet, som no er som eit Fagblad aa kalla for, var det Fædrelandet og Aftenbladet. Bøker var der ikkje. Det var daa heller ikkje mange som gjekk inn der og las; det stod for det meste tomt.
           
Umframt dei nemnde Bladi sende Cammermeyer Folkebladet til Uddeling blandt Soldatarne, 200 No. kvar Vika. Det vart uppslegne lysande Subskriptionsindbydelser paa Folkebladet paa Sjapperne; men det var nok ikkje lengje, dei fekk hanga i Fred, endaa det visst ikkje var Kaptein Løvenskjold, som klorad dei ned med Sabelen. Tilslutt vart me kvitt Folkebladet, som liksom ei ægyptisk Landeplage trengde seg inn i kvart Rom og Smytte, og næste Aar kann visst Cammermeyer lata vera med Novembermissionen sin bland Telemarkingarne.
           
Det var andre Blad Soldatarne las, Verd. Gang, Fedrh. Opl. Avis. Kunde daa ikkje dei og faa Lov til aa koma inn i Graatenmoens Heilagdom. Lese-Romet? Naar Storthinget gjev Pening til slikt, er det daa Meiningi, at Storthinget berre vil hjelpa Høgrebladi? Kunde ikkje Thinget ved Bevilgningi slaa fast, at Pengarne skulde brukast til Tinging av dei Bladi, som vart mest lesne, ikkje berre til nokle faae, som Soldatarne lite og inkje bryr seg um?                                  
 
A. H.