[Notisar]

Kristiania, den 21de Januar.
 
Det 30te ordentlige Storthing samlar seg Tirsdag den 1ste Februar.
           
Det hev eit stort Arbeid; mange Voner samlar seg um det. Det trengst at det held seg fast og klokt.
           
Maatte det hava Lukka med seg so visst, som det no hev Veljarfolket med seg!
           
 
Eit historisk Museum vil Kongen faa i Stand paa Oskarshall.
 
           
I Tyskland hev Bismark no fenge i Stand eit national-økonomisk Raad, som han sjølv opnad no om Torsdagen. Dæ hev til Fyremaal aa finna ut Raadgjerder for al Slag Idn: Jordbruk, Handverk og anna Handyrke, Handel o. s. fr.
 
           
Mariette, ein av dei gjævaste Ægyptologarne, er daaen i Kairo, 60 Aar gamall.
 
           
Ufreden i Avganistan heve kosta England 17 ½ Mill. £, d. e. 315 Millionar Kronor.
 
           
Ufreden i Sudamerika. Chilifolket heve slege Peruanarne atter og tekje Byarne Callao og Lima, Hovudstaden. Men no tykkjer nok Argentina, at Chili vert for megtigt og buer seg til Herferd mot dæ. Det vert nok lenge fyrr Aarlatingi tek Ende i den Jordbolken.
 
            I
Sambandsstatarne i Amerika er dæ no over 50 Millionar Menneskje. For 10 Aar sidan var dæ berre 38 ½ Million.
 
           
I Arabia hev dei funnet sundbrotne Minnestyttor og andre Saker, som skal vera 4000 Aar gamle. Dæ er Innskrifter paa deim, og desse skal no dei lærde laga seg til aa tyda.