[Ein dansk Mann]

Ein dansk Mann, Hr. A. Larsen, skriv i Kjøbenhavnbladet Fedrelandet eit Stykkje um Maalstrævet, som er verdt aa merkja seg. Han skriv serleg mot det Knudsenske Maalstrævet, som han finn endaa galnare enn det norsk-norske, og han vil ikkje høyra nokot um, at det norske Bymaalet skal utvikla seg frametter mot Norskdom. Dersom Norig fekk sitt eiget Maal, vilde det verta so reint utestengt fraa den aalmenne Kulturen og faa so reint for litet Uppland for Bøkerne sine, at ein Bokavl kunde ikkje trivast paa den Maaten. O. s. fr.
           
Me tenkjer dei Ting gjeng sin Gang, kor mykje Hr. A. Larsen elder Carl Ploug sparkar imot. Og me trur ikkje paa det Snakket um Utestengjing. Um kvart Land i Norden fær sitt Maal, er det sjølvsagt, at dei like fullt vil lesa Bøkerne aat kvarandre og det endaa meir enn no, - liksom Danskarne alt hev teket til aa lesa Svensk og Svenskarne Dansk. I so Maate maa me og vera usams med den høgvyrde Forfattaren, som skreiv i Fedrh. No. 2 um Maalsaki og den politiske Stelling, og som syntest meina at Maalsaki vilde øydeleggja sjølve den danske Bokavlen. Slike myrke Spaadomar trur me ikkje paa. Dei tri Nordlandi vil ikkje tapa i aandeleg Magt, fordi um kvar av dei fær vera seg sjølv i Maal og Tanke. Dei stend kvarandre so nære, at dei berre vil styrkjast ved det. 1)
 
1) Det er ein annan Ting og, me maa segja oss usams i. Me trur ikkje, at Maalsaki vil skapa nokon Revolution. Det vil visst gaa mykje jamt og smaatt med den Forandringi. Det vil allstødt vera Strid, paa Lag som no, litt kvassare endaa, kann henda; men Utviklingi vil gaa so jamt, og det dansk-norske Maalet vil etterkvart verta so norskt, at Morgenbladsmotstandet meir og meir vil tapa all Kraft og alt Grunnlag.