"Det norske Samlaget"

(vart tilskipat 24de Marts 1868. Det hev til Formaal aa hjelpa til aa utgjeva Bøker paa Norsk, i Landsmaal elder Bygdemaal. Dei, som vil vera med i Samlaget, kann anten gjeva 4 Kr. for Aaret elder 60 Kr. ein Gong for alle, og dermed fær dei alle dei Bøker, som kjem ut med Tilkostnad av Samlaget. Ein melder seg i betalt Brev til Rekneskapsføraren for det Norske Samlaget, Kristiania og sender Pengarne med det same. (For Lagsmenn i Amerika er Aarspengarne 5 Kr. Aaret). I Kristiania kann ein skriva seg inn i Laget hjaa Rekneskapsføraren, H. Johanson, Lykkjevegen No. 11.
           
Iaar hev Samlaget utgjeve: 1. Guro Heddelid, Dikt av Jørund Telnes, (Pris 60 Ø.) 2. Heimskringla I, andre Utgaava (Pris Kr. 2.25). Heile Heimskringla er no aa faa (Pris Kr. 8.00); kvart Hefte er aa faa serskilt (Pris: for II Boki: Kr. 2.25, for III: Kr. 2.00, for IV: Kr. 2.00). Norigs Soga kostar: heft Kr. 2.00, bundi Kr. 2.25).
           
No sist er utkomet:
           
Um Kristi Etterfylgjing av Tomas fraa Kempten i Umskrift fraa Latin. Utgjevi av J. Belsheim. (Pris i Bokhandelen: Kr. 2.00).
           
I Fyreordet skriv Umsetjaren:
           
Det er sagt, at ingji Bok næst etter Biblen heve voret utgjevi so mange Gongjer baade i Grunnskrift paa Latin og i Umskrifter paa mange Maal, som denne Boki Um Kristi Etterfylgjing. Og dette er no ikkje so utrulegt helder, for det er vandt aa finna nokor Uppbyggjings-bok med slik einfeld, gudleg Ande som denne. Men det lyt einn koma vel i Hug, fyst han les Boki, at det er ein Munk som hev skrivet henne aat Folk i Klostri. Det er difyre ymse Ting i henne, som ikkje ero etter vaar lutherske Læra: soleis um aa beda til Heilagmenni, um Skirings-elden og slikt nokot (sjaa 1. Boki 19, 6; 3. Boki 58, 7; 4. Boki 1, 13; 5, 2; 7, 4; 9, 5 og fleire Stader). Difyre hava dei ofta umsnutt eit og annat i Boki og tekjet veg det som er mest katholsk. Men det er stødt nokot meint med slike Umbrøytingar. Folk vilja no helst hava slik ei namngjeti Skrift fri fyre alt Brigde. Det tarv helder ikkje vera Otte fyre at ho gjere Folk katholske. Dei vilja nog skyna, kvat som er etter vaar Tru og kvat som bøygjer av ifraa henne. Difyre er Boki her ubrigd.
           
Umskrifti heve eg samanhaldet med Grunnskrifti, og ymse andre hava ogso gjenomsét henne. Det er strævat aa faa henne so nær Grunnskrifti som det godt læt seg gjera.
           
Det er ein gamall Tvist millom lærde Menner, kvenn som heve skrivet Boki, anti Tomas fraa Kempten elder nokon annan. Men det vøre nokot so nær gagnlaust aa røda vidt her um denne Tvisten. Eg meiner det er dei fleste som no tru at Tomas fraa Kempten (daaen 1471) heve sett upp Boki.
           
Til Prøve tek me inn eit Par Smaabitar av Boki:
           
Gamall Vane er vond aa venda, og ingen læt seg gjerna verda førd lenger en han sjølv ser. Stoler du deg meir paa ditt eiget Vit elder din eigjen Dug en paa denn Krafti, som driv Hjartat til Jesus Kristus som legg Hjartat under seg, verd du vandt elder langsamleg ein aandleg Mann: for Gud vil, at me skulo gjeva oss fullt under honom, og hevjast yver allt Vitet vaart med glødande Kjærleik.
           
Denn som heve sann og fullkomen Kjærleike, søkjer ikkje seg sjølv i nokot, men ynskjer berre Guds Æra i alt. Han ovundar helder ikkje nokot, av di at han ikkje søkjer si eigji Glede; han vil ikkje helder gledjast i seg sjølv; men han ynskjer fyre alt godt aa verda sæl i Gud. Han reiknar ingjen nokot godt til goda, men fører alt tilbaka til Gud, som alt heve Upphavet sitt fraa, som or ei Kjelda, og som alle dei heilage til Slut skulo faa sæl Kvila i. Aa, denn som hedde ein Gneiste av den sanne Kjærleiken, han fengje sanneleg kjenna, at alt her aa Jordi er fullt av Faafengd.
           
Aa, din Daare, kvi vonar du aa liva lengje, fyst du ikkje er viss paa ein einaste Dag? Kor mange hava ikkje vordet narrade, som vendest liva lengje og ero tekne burt or denne Likamen, naar dei minst ventade det? Kor ofta heve du ikkje høyrt um ein som fell fyre Sverdet, ein som druknade, ein som datt ned og braut Halsen av paa seg, ein som do daa han sat og aat, ein daa han helt paa med Leik? Sume hava fengjet Enden sin ved Eld, sume ved Staal, sume ved Braadsott, sume ved Mord. Soleis er Dauden Enden til alle, og Menneskje-livet kverv braadt som ein Skugge.
           
Kvenn mun minnast deg, naar du er daaen, og kvenn mun beda fyre deg? Upp med deg daa, Kjæren min, stræva no alt du kann, for du veit ikkje naar du mun døy, og helder ikkje veit du, kor det mun ganga deg etter Dauden. So lengje du endaa heve Tid, samna deg ukverve Skattar; tenk ikkje paa nokot annat en Frelsa di; syrg berre fyre det som høyrer Gud til. Faa deg no Viner med aa heidra Guds heilage og taka etter Livnaden deira, at dei muno taka mot deg i ævelege Bustader, naar du verd kallad burt fraa dette Livet. (Luk. 16, 9).