[Arbeidarmøtet.]

Arbeidarmøtet. Um detta skriv Redaktøren av det svenske Bladet Östgöten, Hr. Isidor Kjellberg, som var med baade ved det svenske Møtet ifjor og det norske iaar: Det fell strakst i Augo, at dei Spursmaal, som var uppe til Forhandling, var mest plennt dei same, som fyr eit Aar sidan vart dryfte ved det fyrste svenske Arbeidarmøtet. Baae Møte var so like kvarandre, at den svenske Mannen vondt kunde faa fraa seg den Tanken, at hitt fyrste Møtet var detta plennt upp att, so jamngode var Krafterne, so likelaupande Tankegangen, so likelydande Uttryksmaaten, so likt utbytte Partikrafterne og so likstemde Raadgjerderne. Med Avsyn paa det Formelle, Arbeidsordning, Forhandlingsmaate og Uppsettning av Resolutionar laag kannhenda det svenske Møtet nokot yver det norske, men so stod det norske høgre deri, at det heldt heilt burt kvasse, personlege Aafall, og deri, at han elder dei, som førde Klubba, ikkje gjorde nokon Freistnad paa aa tvinga Møtet inn paa ei viss Leid, og agtad seg vel fyr Vald mot Taleretten. Det norske Møtet hadde, liksom det svenske, aa uppvisa ei større Mengd Arbeidarar med god Evne til aa framføra sine Tankar og gjeva sine Kjenslur Uttrykk, Tankar og Kjenslur, som i det heile var fordomsfri og tidhøvelege - - - - Bland framstandande Menn er ser-i-Lag aa nemna Kristianiasamfundets Formann, som og vart Møte-Formann fyr Møtet, Hr. Sakføraren A. J. Dietrichs, ein Mann i sin beste Alder, som utvilsamt er aa rekna til dei frilynde i Landet, endaa, iminnste synbart, heilt logn, og sansad. Han tottest fyr Tilfellet nokot klemd av det Andsvar, som kvilde paa honom, og drog vonleg ein Sukk av Lettnad, daa alt var heppelegt yverstadet.
           
Hr. Statsrevisor Berner syntest Referenten aa vera ein i Botn frilynd Mann, ein ærleg Demokrat. Um hans Kjennskap til dei aalmenne Sakerne og um hans Djervskap bar Fyredraget hans i Røysterettsspursmaalet det fagraste Vitnemaal.
           
Hr. Helge Væringsaasen, Ordførar i 2dre Avdeildi, ein varmhjartad, høgtenkt Mann og Arbeidarven. Den udeilde Gaum, dei gav etter Ordi hans, viste, at han er aalment vyrd, hans blide Bragder og kravlause Maate aa treda upp paa fengslad kvar og Ein.
           
Hr. A. Hølaas, cand. juris, Revisionssekretær, - eit livleg ungdomelegt Andlit, graatt, rikt Haar, innelegt venlegt Aasyn var Ordførar i fyrste Avdeildi, og nokon betre hadde vel ikkje kunnat finnast.
           
Hr. Georg Sverdrup (Son til Storthingspresidenten), ein ung, mykje lovande Mann, framheldt i andre Avdeildi Framtidsutsynerne og viste derved Daning og Dug i høgt Maal. Han hadde ymist, meir nytt og uventad, men difyr ikkje mindre sannt aa segja, og saagst difyr, syntest det Referenten, ikkje altid med ser-i-Lag blide Augo av.
           
Hr. Oskar Andersen- Dietz, Sakførar og Redaktør, Vara-Ordførar i andre Avdeildi, kunnskapsrik og dugande han og, men stundom altfor glad i, tottest det oss, aa verta høyrd og trudd framfyr alle andre, og ikkje heilt nøgd med Handklappningar naar dei galdt Hr. Sverdrup.
           
Hr. Dr. Stoltz, Referent i andre Avdeildi, fullt sjølvstendig og mykje interessant. Uttalad Samhug fyr Kravet paa allmenn Røysterett.
           
(Her er Skildringi avbroti i det Bladet som sist kom hit, men Forf. lovar aa skriva meir sidan).
           
Um den Talen, Hr. Kjellberg heldt i Festen i Arbejdarsamfundet i Kristiania den 28de Juli og det Uppstyr baade norske og svenske Blad hev gjort med Avsyn paa eit Par av dei Ord, Talaren bar fram, skriv han bl. a. etter aa ha upplyst, at inkje av Referati i norske Blad er heilt rett: Det er allvisst eit Ord, som Bladi ser i Lag hev gjevet Gaum eller og som dei synest vilja gjera nokot reint förskräckligt utor. Talaren liknad Bjørnstjerne Bjørnson med ein Ørn, som Folk venta vilde slaa ned paa og forgjera Nattens Ula, som er vaar Herskar (elder som me kallar vaar Herskar elder nokot dilikt). No synest dei i det rojalistiske Lægret aa vilja tillempa Ordet Ula paa den allra høgste og allra naadigaste; og so gjer vaare norske Venner og Aandsfrendar, dei frilynde Blad, seg den største Møda med aa burtræsonera det fula anbudet. Sa han: Herskar, vaar Herskar elder vaare Herskarar? det er Spursmaalet hjaa dei norske Yrkesbrøder, som synest meina at derpaa kjem alt an. - - Ja, kvat for nokot var det: vaar Herskar elder vaare Herskarar? Den, som skriv detta, burde ha lett fyr aa løysa Tvistemaalet, men han læt det so mykje helder vera, som han tykkjer det i det Heile kann vera det same, anten Ordi fall so elder so. Han skulde vilja raada den som held paa Eintalsformi, aa lata Uttrykket Nattens Ula svara til Umgripet den monarkiske principen; den, som tykkjer betre um Fleirtalet, kann derunder ordna fleire Subjekt: Vankunna Missgrip, Lygn osb. Men me maa raada fraa alt for æventyrlege Utleggningar.
           
Hr. Kjellberg er missnøgd med Raadgjerderne i Skattespursmaalet. No veit me vel, at Spursmaalet, um det er rett aa leggja Toll paa innførde Haandverks- og Industrivarar, er vondt aa greida, og at det er mange, som med Morgenbladet vil stydja Handelen til Forfang fyr Haandverket. Men det tore likvel henda, at dei Menn, som var med i Arbeidarmøtet, og som kjenner det norske Skattesystemet (høg Toll mangedubbelt so høg som i Sverig paa Mat- og Drykkevarar, som Arbeidaren maa kaupa, men laag elder ingen Toll paa dei Handverkstilverkningar, som Arbeidaren kann gjera sjølv), helder vil finna seg i aa betala nokre Øyrur meir fyr eit Par Sko elder ein Stol, naar han dermed kann sleppa aa betala Kaffe, Sukker, Tobak osb. i dyre Domar og faa upphjelpt Industrien, som her til Lands ligg so djupt nede som ingen andre Stadar. Ellest rosar Hr. Kjellberg i det heile dei Raadgjerder Møtet tok.