[Arbeidarmøtet i Kristiania.]

Arbeidarmøtet i Kristiania. Av Utsendingar fraa Arbeidarsamfund utanfyr Kristiania møtte ein 40-50 Mann, og fraa Kristiania halvhundrad Mann til. Fraa Trondheim kom umfram 3 Utsendingar 14 Medlemar av Samfundet der, og fraa andre Stader var og frammøtt nokre umfram dei valde Utsendingar. Møtet vart opnat Sundag Kvelden. Til Embættsmenn valdest: Fyr Sammøtet Sakførar A. J. Dietrichs (Formann), Bokprentar J. W. Eide fraa Bergen (Varaformann), Redaktør J. Svendsen fraa Arendal og Lærar G. Johnsson fraa Dramn (Skrivarar). Fyr Ser-Møti elder Møti fyr dei 3 Avdeilder, som skulde fyreleggja dei Emne, som var upptekne til Dryfting, valdest: Fyr 1ste Avdeildi (Skule- og Upplysningsspursmaal): Sekretær A. Hølaas (Formann), Klokker Torjus Hansen fraa Landvik (Varaformann), Lærararne O. Varmbo fraa Trondheim og J. Nielsen fraa Fredriksstad (Skrivarar). Til Referentar, som skulde greida ut i Sammøtet um Raadleggjingarne i Avdeilderne, valdest Fatikforstandar A. Johnsson fyr Barnskulesakerne og Redaktør G. Lorentzen fyr Ungdomsskulesakerne. Fyr 2dre Avdeildi (Nærings- og Sjølvhjelpsspursmaal): Bonde Helge Væringsaasen fraa Elverum (Formann), Sakførar Osk. And. Dietz fraa Fredrikshall (Varaformann), Kaupmann Steensohn fraa Hammerfest og Sakførar G. Sverdrup (Skrivarar). Som Referent fyr Spursmaalet um Samarbeidsdrift og Part i Arbeidsverket valdest Ingeniør Dr. Stoltz. Fyr 3dje Avdeildi (Røysterett og Samarbeid i Samfundslivet): Bokprentar Eide fraa Bergen (Formann), Redaktør Arne Garborg (Varaformann), Lærar O. Johnsson fraa Arendal og Kaupmann H. Ravelsaker (Skrivarar). Til Referentar valdest Sakførar A. Wichstrøm og Kaupmann E. Sunde. Um Maandagen avgjordest Spursmaalet um Røysteretten. I Avdeilderne arbeidde Møtet um Fyremiddagarne; um Ettermiddagarne vart derimot haldet Sammøte av alle 3 Avdeilder. Onsdag Kvelden Fest. Dei Framande tok fyrst ein Tur til Bygdøy. Til Festen i Arbeidarsamfundet møtte fram so mange som den store Salen kunde taka. Songarlaget i Kristiania Arbeidarsamfund song Fedralandssongar, og Formannen fyr Fest-Nemndi, Dekorationsmaalar V. Krogh, ynskte Gjestarne velkomne; Formannen fyr Møtet, Sakførar Dietrichs, opnad Festen med eit Live fyr Kongen. So vart det haldet Talar fyr Arbeidararne av Fabrikant F. Otto, fyr Sverig av Fatikforstandar A. Johnsson, fyr Fedrelandet av Kandidat G. Lorentzen, og ei Mengd andre Talar. Festen varde til Kl. 1. Arbeidarmøtet sluttad Torsdag den 29de. Me skal i næste Numer gjeva ei Yversyn yver det, dei fekk gjort.