Seld til den Vonde.

[Del 7 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
 
II.
                                     
1.
 
Baard Baardsson heitte den vesle Armingen, som var seld til den Vonde, fyrr han vart fødd, og det var Gunhild sjølv, som hadde gjevet Guten Namn. Ho hadde havt sine Tankar med det.
           
Baard Baardsson vaks upp i ein Utkant av Byen og hadde korkje Faer elder Moer. Ei Kjering, som dei kallad Moer Judith, fostrad honom, og Guten kallad henne Moer, fyr di han høyrde at andre gjorde det. Men rette Moer di er eg ikkje, Tullingen min! sagde ho ofta til Guten, som snart tok til aa undrast paa, kvat Skilnad det kunde vera paa ei rett Moer og ei urett. Rette Moer di er nok av eit annat Slag, ho! sagde Moer Judith, for det hev all sin Dag voret Skil paa fint Folk og Fant, ser du. Di Moer er ikkje slik ei gamal stygg Kjering som eg og andre slike; ho er fager, ho, og ung, mest liksom Ingrid, men mykje fagrare, so ho gjerna kunde vera Prinsessa fyr den Skuld; men no er ho ute og reiser, ser du, ute i vide Verdi ser du; og kanskje finn ho seg ein Prins lell; og so vert du Prins, du med, Tullingen min! forstend du det? hm? Nei, Tullingen forstod ikkje det. Men ettersom han vaks til, gav det honom mange Tankar.
           
Moer Judith var yver 50 Aar gamal, diger og rund som ein Høystakk, med eit breidt, kjøtfullt Andlit og smaae, graae, glyrande Augo, som til det jamne saag lystige ut, men stundom kunde vera kvasse og vonde, og andre Tider so midt imillom, at Ingen kunde vita, anten Kjeringi var sinnad elder blid. Ho var klok og sløg og um seg paa alle Kantar, men likevæl i Grunnen godsleg, ja snild, og snytte aldri ein Mann paa ein halv Skilling med sin gode Vilje. Ho hadde voret gjift, men var barnlaus; no livde ho av slikt som kunde falla. Ho dreiv med Dokterkunster, gjorde aat fyr altslags Verk og Mein, ikkje minst fyr uheppen Kjærleik, spaadde i Kort og Kaffigrut og var Dyrlækjar og Jordmor. Dermed laut ho ofta vera ute, ikkje minnst um Notti, og av den Grunn hadde ho Systerdotter si, Ingrid, til aa hjelpa seg i Huset. Det vart daa ho, som mest stellte med Baard. Og det var baade væl og ille.
           
Ingrid var ein liten forlivande Gjentunge paa 17-18 Aar, gjenom-snild og ikkje ufager. Baard likad seg godt hjaa henne, alt um ho i Grunnen var for mykje Barn sjølv til aa vera fullgod Barnefostra. Men likevæl var Gutungen best i Lag, naar Gamlemor og var inne. For med henne fylgde det nokot breidt godslegt og lognt, som gjorde den vesle Stova so heimsleg og koseleg, at naar ikkje Mor Judith var heime, var det liksom det var ute ein Vegg. Og so var det ein annan Ting. Naar Gamlemor var fraa Huset, kom det tidt inn ein Gut, som altid hadde so mykje aa svalla med Ingrid um, at denne ikkje kunde faa agta Barnet som ho skulde. Ho leet Baard hytta seg sjølv, gav honom einkvar Tingen til Leikverk, og brydde seg so sidan um ingen Verdsens Ting utan um den framande Guten. Daa likad ikkje Baard seg. Han gav seg stundom til aa skrika, og daa vart Ingrid vond og slog honom. Og naar ikkje det hjelpte, so kom Guten og skræmde med ein diger Stav og skjende og var skræmeleg kvass i Uppsyni. Baard vande seg daa etter kvart til det. Han laag ofta i lange Stunder paa Golvet og leikad med eit elder annat, men saag samstundes undren og sur burt paa dei tvo, som syntest hava so endelaust mykje aa tala um. Desse Stunderne vart nokot med det fyrste, som grov seg fast inn i Baards Minne, og sumt av det sat lenger enn nokon skulde tru.
           
Men ikkje fyr det -: det var ikkje berre godt, det han lærde av Gamlemor helder. Naar ho var heime og hadde ei Stund fri, so hende det ofta, at ho tok ei Flaska ut or eit Skaap, satte seg lognt til rettes inn med Bordet, slog uppi eit Glas og drakk det lettad fyr Bringa, sagde ho -; og daa kom ho altid i eit framifraa Godlag. Ho pratad og lo, fortalde Sogur, og heldt eit fælande Staak med Baard, som totte detta stod væl til. Men rett som det var, gav ho Ungen ein Draape med seg av Flaska si. Drikk, Tullingen, so vert du sterk! sagde ho. Baard drakk, men frynte fælt; Moer Judith lo. Og daa Baard forstod, at det var eit Karsstykkje, detta, so gjorde han det upp att, oftare og oftare, alt um det reiv i Halsen. Til slutt vart han so ram etter Flaska, at han bad um Brennevin som andre Ungar bed um Sukker. Moer Judith lo, og totte det var fælt so klok som den Guten var. Og han fekk ofta det han bad um. Men ein Gong hadde han krabbat upp og funnet Flaska sjølv. Og daa tok han til seg so mykje, at han vart sjuk av det, ille sjuk. Fraa den Dagen var det Stans ei lang Tid med Flaska; men detta var og ein av dei Ting, som feste seg i Minnet hjaa Guten.
 
 
2.
 
Fraa han var 4 Aar laag han og krabbad i Gata elder Vegen utanfyr Huset. Den fyrste, han der gjorde Kjenskap med, var ein Hund. Men den Hunden høyrde heime i Grannehuset, som laag so eit Steinkast burte, og det drog daa med seg, at han vart kjend med Ungarne i det Huset, og sidan med Kjendingarne deira, so det tilslutt vart ein heil liten Flokk. Millom desse skulde daa Baard faa Resten av si Upplæring. Og den vart som ho kunde. Det var Fatikfolks Born, alle desse, og dei hadde ikkje lært berre godt heime, dei helder. Sume av dei var nokot eldre, 7-8 Aar; dei vart Fyregangsmenn. So leikad dei seg saman, heile Flokken, so godt dei hadde lært. Det gjekk fyr det meste med aa herma etter, det dei hadde set av dei vaksne. Det vart med Sigling paa ein Vatsdipill, Køyring frametter Vegen, Gjestebodslag paa Trefliser og Aur-Graut og Leir-Smør og annat slikt, Handel med Stein-Kyr og Kongle-Sauder, og mykje, mykje meir. Men stundom hermde dei Ting, som saag mindre barnslege ut. Og ettersom Baard vaks til, so kunde han her læra ymist ifraa seg, som ikkje dei andre kunde. Han hermde etter Mor Judith, naar ho spaadde i Kaffi, og strakst kom alle og skulde lata seg spaa. Han hermde etter Mor Judith, naar ho brukte Flaska, og strakst tok dei til og drakk alle ihop, og var fulle, og heldt eit Lurve-Leven. Til Slutt fann han paa og hermde etter hin Guten, som han hadde set hjaa Ingrid, naar Mor Judith var ute. Og strakst bytte heile Flokken seg ut i Par og var Kjærastar. Det var fælt til Moro. Stundom, naar Folk gjekk framum der, laut dei stansa og sjaa paa, og dei saag, og dei lo, og dess meir Moro vart det. Gamle Moer Judith laut og læ, daa ho fekk sjaa det, og sidan ertad ho Baard baade tidleg og seint med desse Ting. Men daa Ingrid saag det, vart ho so raud som Blod.
           
Aari gjekk, og Baard vaks til. Han vart uvanleg stor etter Alderen, sterk og merkjeleg fager. Detta gjorde, at han vart ein stor Mann millom sine Kjendingar, og daa han væl forstod detta og dertil visste, at han var av gildare Folk enn dei andre, vart han kaut og uvyrden og trudde han kunde gjera kvat han vilde. Det førde til Slagsmaal; for dei andre Gutarne vart baade ovundsjuke og harme paa denne Guten. Men han var sterk og greidde seg lengje, fekk dessutan altid Hjelp, um ikkje av andre, so av Gjentungarne. Og til Slutt vart det so, at dei fleste fann det mest raadelegt aa vera til Vens med Prinsen. Paa den Maaten vart han som ein Førar fyr ein stor Flokk Gate-Ungdom, og no gjekk det laust Byen rundt med alleslags Gapestykkje og Ugangsverk. Og det, som kom mest i Moten, var Slagsmaal. Gategutarne førde heilt upp Krig. Dei fylkad seg i store Herar, etter som dei var fraa nørdre elder sydre Kanten av Byen, og heldt heile Slag. Baard, elder Prinsen, Gate-Prinsen, som han vart kallad, var Føraren fyr Nord-Heren, og var ein med dei villaste. Meir enn ein Gong kom han heim um Kvelden so blodutt og sundriven, at han var fæl aa sjaa. Paa denne Maaten var det, at Baard Baardsson fekk Resten av si Upplæring.
           
Moer Judith, som med Alderen vart baade digrare og surare, vart meir og meir vill paa denne Gutungen, som ho likevæl i Grunnen heldt av. Ho gnaalad og skjende alt i eit, og naar det vart som verst, bad ho honom reisa sin Veg, helst til Sjøs; for der høyrde slike ville Gastar heime. Baard brydde seg ikkje stort um detta; han hadde Moro nok heime, totte han, og so leet han Gamlemor skjella. Og stundom slog han paa, at det nok ikkje var fyr Ingenting, ho hadde honom her, so ho kunde nok tigja so lengje han tagde. For det hadde han høyrt i Byen. Og kvar Gong han slog paa det, so tagnad Moer Judith, so det var nok sannt. Dermed meinte Baard, at han hadde Rett til aa vera kaut mot henne som mot alle andre. Ein einaste Ting var det, som drog honom ut, og det var det, at han gjerna kunde ynskja aa koma til Moer si, rette Moer si. Um henne hadde Moer Judith fortalt so mangt, at Guten i Grunnen innbillte seg, at Moer hans laut vera Dronning elder nokot annat slikt utifraa, og hjaa henne maatte det altso vera gildt aa vera. Daa han var so ikring 14 Aar, vaknad desse Tankarne sterkare i honom enn fyrr, og han gav seg til aa spyrja sterkt etter Moer si, og undrast paa, kvifyr han ikkje fekk vera hjaa henne, han liksom andre Born. Moer Judith svarad ingenting til detta. Men ein Gong hadde han gjort henne so vill og vond, at ho mest ikkje kunde styra seg, og daa kom det. Du gjeng her og trur, at du er meir enn andre Folk, du, sagde ho; pøh! det skal me tru! din Lausunge du er! Baard forstod endaa ikkje heilt ut, kvat detta var; men at det var nokot utor Maaten skamlegt og laakt, det forstod han; og fraa den Dagen kjende han seg mindre enn fyrr. Han tottest vera vanvyrd, bøygd, og han var overlag rædd fyre, at Folk skulde sjaa det paa honom, at han var . . . ein slik. Det gjorde, at han kom mindre ut enn fyrr, og at han vart meir vond og arg mot Kammeratarne sine enn han fyrr hadde voret. Men det gjorde og, at han kom til aa verta snarare vaksen enn han hadde godt av. Han kom til aa tenkja for mykje, fekk for mykje aa bera paa, fekk det aa bera, som mest kann elda eit Menneske: ei løynleg Skam. -                                  
 
( Meir.)