Endaa eit Svar til Chr. Bruun.

[Del 1 av 2.]
 
(Fraa G.)
 
I. Parlamentarismen.
 
Politisk Magt er i eit fritt Samfund det same som Initiativ dvs. Tiltak, Evne til aa kunna gjenomføra nokon Ting, til aa kunna setja Tankar i Verk og dermed vera styrande i ei Utvikling. Ei Statsmagt, som hev denne Evnen, er sterk; ei Statsmagt, som er utan Initiativ, er i same Stundi magtlaus. Folket gjeng sin Veg fram; den vert liggjande etter. Ho kann ein og annan Gong gjera Ugagn, i di ho brukar si juridiske Magt mot Utviklingsarbeidet; men den politiske Magti, Magti til aa vera styrande, leidande og drivande i Folkets Arbeid, - den Magti hev ei tiltakslaus Statsmagt fortapt.
           
Den norske Regjering, d. v. s. den norske Kongsmagti, stend slik. Alle er samde um, alle ser og skynar, at slik som det no gjeng, so sig ho meir og meir av i Magtløysa. Folk spyrr ikkje tidt etter Regjeringi no, utan naar dei er rædde ho skal bruka si juridiske Magt til aa gjera Ugagn. Storthinget fær meir og meir all Magti, baade den, det skal hava, og den, Regjeringi skulde hava. Det finst ikkje Raad til aa negta detta. Og det finst knapt nokon, som trur, at det paa den Maaten er rett. Iallfall maa alle Kongsmenn sjaa med Uro paa ei slik utvikling. Og dersom det skulde finnast ei Raad til aa hjelpa Kongsmagti upp att, til aa setja henne paa nytt upp paa den rette styrande Plassen paa Riksskipet, so maa Kongsmennerne vera dei, som fyrst og fremst legg seg etter aa faa denne Raadi i Bruk.
           
Ei slik Raad er, vert det sagt, Parlamentarismen. Og dei, som forsvarar Parlamentarismen, segjer, at den er det einaste, som kann mergsetja Styresmagti i eit Samfund, som er bygd paa frie Grunnsetningar og altso ikkje gjev Styret sitt Lov til aa vera sterkt ved Politi-Paakar og Gendarm-Bajonettar. Parlamentarismen gjev Regjeringi eit sterkare Initiativ, set henne upp paa ein Plass, der ho kann faa styrande Magt, der ho kann faa Tilføre til aa gjenomføra Tankar, - ein Plass, som nok er streng og krev Dugleik og Mod, men som just derved, og ved aa gjeva stort Andsvar, samstundes gjev ei Magt, som ei fredeleg Omnskraa-Regjering ikkje eingong kann drøyma um aa vinna.
           
Plassen er streng! Og den Ministeren, som ikkje stend der, han stuper. Men slik ein Ting som politisk Magt vinn Ein ikkje fyr godt Kjøp. Vil Kongsmagti vera sterk, so fær ho ikkje fæla fyr tunge Tak, og det einaste, ho kann gjera ved det er aa senda Menn i Striden, som er Striden vaksne.
           
Ei Styresmagt, som stend i stort Andsvar og ber Andsvaret med Dug og Mod, og som stend elder stuper fyr sine Tankar, - ei slik Styresmagt er sterk. Eit Ministerium kann falla, men Styresmagti stend; Styresmagti (hjaa oss Kongsmagti) vil paa den Maaten kunna arbeida seg upp til ein sovoren Plass i det aalmenne politiske Liv, so alt Folk kjenner og veit, at det er den, det kjem an paa her i Landet; det er den, som merkjer Utviklingi, og den, som held Roren paa Riksens Skuta.
           
Denne Magti vinn ikkje Styresmagti paa Valds elder Sviks Veg, men som det høver i eit fritt Samfund ved aa vera Repræsentant fyr gode, praktiske Tankar og ved aa kjempa fyr Tankarne med heilt personlegt Mod og med dei Vaapen, som einast ei klaar og sterk Yvervitning kann gjeva. Ei parlamentarisk Regjering maa i alle Grunnspursmaal repræsentera just dei Tankar, som Folket og Tidi krev sette i Verk; men ho vert ikkje veik paa dei; det er just paa dei Tankarne ho kann vinna sin Styrke.
           
Dei, som her i Landet er imot parlamentariskt Styre, er knapt imot det i den Trui, at det skal avveikja Styresmagti, men fyrdi dei veit at det vil øydeleggja det System, som tilfelligvis no hev Magti, - og det hev dei Rett i. Stangs System kann ikkje liva, naar Parlamentarismen kjem upp, og det av den gode Grunn, at Stangs System berre hev sitt Liv i det aa motarbeida Parlamentarismen. Men um Stangs Styre fell, so fell ikkje dermed Styresmagti. I parlamentaristiske Statar heiter det med ei snøgg Umskriving av ein annan vælkjend Setning: Ministeriet er fallet Ministeriet leve! Styresmagti hev sin same høge Plass og sin same styrande Styrke, um so her fall eit Ministerium i kvar Maanad. Det som gjev Styret si politiske Magt, er at alt Folk veit: det er Regjeringi, som er Berar av dei leidande Tankar, og det er den, som hev Magti og Skyldnaden til aa setja dei i Verk, - men ikkje det, at den og den tilfellige Regjering hev Magt til aa siija so og so lengje paa Krakken.
           
Men Kongen? Kongen personleg vert under parlamentariskt Styre just det, som ein konstitutionel Konge skal vera. No um Dagen er den norske Kongen dregen ned til aa vera ein Partikonge; Parlamentarismen skal lyfta honom upp att til aa vera Folke-Konge. Og Magti hans skal i rette Røyndi styrkjast, - ikkje just paa den Maaten som Bruun tenkjer seg det, men so, at no vert han den, som gjeng i Fyre-Enden; um hans Stol og Spir samlar seg no dei styrande Tankar og dei dugande Menn; Kongen stend ikkje lenger som ei Motstandsmagt mot Folket, altso aaleine og i Strid fyr sitt eiget Tilvære, ikkje lenger som ein Meinkrok, som samlar Hat um seg, - men han stend som den øvste Hovdingen, som hev Magti og Retten til aa setja Folkeviljen i Verk og gjeva Folketankarne Form, - og som Folket hev Tru til, fyrdi han er det øvste og kraftfulle Utslag av dess eigen Vilje. So skal, elder kann, det vera.
 
Bakstrævet trur, at Kongens Styrke ligg i det, um han kan halda uppe og gjenomføra ein personleg Vilje mot Folkeviljen. Vert den Tanken godkjennd, so er me i same Stundi utanfyr det frie Samfund. Det sermerkte fyr ei fri Forfatning i Likning med ei ufri er just det, at i den frie er denne Motsetningi millom ein personleg Kongevilje og ein aalmenn Folkevilje løyst, og det so, at i den aalmenne Viljen maa a l l Samfundsmagt hava baade sin Styrke og sin Rett; Kongemagti serskilt fær sin sanne Styrke i det aa vera Utslaget og Verksetjaren fyr Aalmannviljen. Detta er so kjennt, at Chr. Bruun væl ikkje vil lika aa lesa um det dihelder; og like væl er det ikkje sjeldan, det vert gløymt, naar Ein i ei snøgg Vending skal gjera Aagang mot Vinstre. Eg maa altso like fullt faa Lov til aa draga det fram, og det so mykje meir, fyrdi det høyrer med i denne Utviklingi i det heile.
 
Aa arbeida fyr Parlamentarisme vert altso i seg sjølv ikkje annat enn aa arbeida fyr, at vaar frie Forfatning, slik som me hev henne i Dag, med Kongemagt og all Ting, skal koma til full Sanning og faa fullt Liv. Den, som personlegt er Fristatsmann, trur, at alt Arbeid fyr veksande Fridom til siste Slutt ber mot Republikken; altso trur han, at Parlamentarismen og ber dit; men prova det kan han ikkje, og difyr gjer han væl i aa tigja med slike personlege Truer og Ynskje, naar han skriv offentlegt um denne Sak. Aa vera i Sanning er daa væl ikkje det same som aa vera kritiklaus? - Naar Ein sit og snakkar privat, so kann det væl henda, at Ein ikkje tek det so nøgje med Kritikken; daa kann det henda, at Ein blandar sine Ynskje ihop med sine Tankar og forkynner personlege Truer som um det var visse og provsette Sanningar. Men ingen Mann, som hev Kritikk og Samvit, vil gjera slikt offentlegt. Han vil daa væl vita aa skilja imillom det, som er objektivt paaviselegt, og det, som berre hev si Rot i hans eigne, subjektive Ynskje, og han vil ikkje forkynna annat som visst, enn det han kjenner seg god til aa sannprova. Hr. Chr. Bruun trur, at den tenkjer mest heilt, som hev lettast fyr aa koma til eit heilt Resultat. Den er mest politisk klaartenkt, som meiner seg aa hava best Greida paa, kvat Framtidi vil føra med seg. Til det vil eg svara, at det er ein i all Vitenskap godkjennd Ting, at den tenkjer klaaraste, som er mest var med aa slaa fast store, langt-rekkjande Resultat, den altso, som best forstend seg paa - aa resignera. Den, som tenkjer lyrisk, han vil altid vera snar til aa faa fram store Resultat og til aa faa full Greida paa alting; men den, som tenkjer logisk, - han vil nok ikkje leggja braadt so fort i Veg, og han vil faa finna seg i, at det gjeng tusund Dusing-tenkjarar ikring honom og hev full Greida paa Ting, som han knapt vaagar aa hava ei Gisning um.
                                                           
Meir.