[Um den av det Norske Samlag utgjevne Sogeboki]

Um den av det Norske Samlag utgjevne Sogeboki( Norigs Soga. Til Heimelesning og Bruk fyr Lærarar) skriv ein Bokdomar i Verdens Gang: Denne Boki torer eg trygt raada alle til aa bruka, fyrst alle, som skal undervise i Soga, dinæst alle, som vil læra Soga, baade Born og Vaksne, og endeleg alle, som fulla hev leset Soga, men som vil friska uppatt sin Kunnskap. Boki er skrivi i eit forvitneleg klaart, gjenomsynlegt, mest elegant Maal, og Forfattaren hev teket med dei allranyaste Resultat, som den siste Sogeforskningi hev innvunnet. I mange Tilfelle er denne Læreboki jamvel rettare og meir paalitande enn dei Lærebøker i Norigs Soga, me til dessa hev havt. Eit annat Fyrestig, som denne Boki hev, er, at dei store Hendingar ikkje vert framstelde lausrivne fraa kvarandre. Forteljaren hev funnet og paavist det innelege Samband, som er millom deim innbyrdes; dei stend paa alle Leider i Samhøve til kvarandre som Orsak til Verknad, det eine er ei naturleg Fylgd av det andre og Lesaren ser, at det maatte ganga, som det hev gjengjet, ser, at det Utviklingsstig, som me no stend paa, ikkje er eit Slumpehøve, men historisk naudsynlegt. Dei aagjæte Forfederne vaare, som me syng so eldfullt um, men som me likvel ikkje hev seet med full Klaarskap -, som me altid hev tenkt oss som overlag store, men som me hev seet liksom paa Avstand og tett innsveipta i ei Tokekappa, tred her livslivande fram fyr det indre Auga vaart; men ser deim gjenom deira Samtid sine Brillur, som dei var, daa dei stod midt uppe i si fyr Land og Folk so fylgdrike Verksemd. Grunnen til detta er bl. A. rimelegvis og den, at me fær høyra um deim paa vaart eiget Mormaal. Det vilde her verta for langdrjugt aa tala um alle dei Fyrestig, denne Boki hev fyr andre, - difyr kaup henne og døm sjølv! Um den andre Boki, Samlaget hev utgjevet i Aar ( Segner fraa Valdris og Hallingdal av Hallvard Bergh) skriv den same Bokdomaren bl. A.: Ein les ikkje lengje, fyrr Ein ser, at Hallvard Bergh hev eit ovleg godt Skyn paa aa skilja det Uegte fraa det Egte og samla dei skylde Brotstykkje til eit fagert Heile . . Maalet er godt og ovrikt paa egte norske Ord og Vendingar . . . Boki er baade trøysam og inneheld mange Slags To, og eg tykkjer me maa vera Samlaren stor Takk skyldug fyr detta Tillegget til vaart Folkebokverk.