[Notisar]

Kristiania, den 14de Novbr.
 
I Haakon Sverressons Soga Kap. 8 vert det fortalt, at Jon Drottning, Hovding yver Viki, som budde i Baahus, Aar 1206 huglagde Ragnfrid, Trond Bonde si Kona, og jamt vitjad henne. Ein Gong, Jon var uppe hjaa henne paa eit Loft, kom Trond og vilde sleppa inn, men Jon kastad Mannen nedyver Troppi og stengde Døri. Trond stemnde Jon til Things, men Jon let Trond gripa og binda til Rumpa paa ein kaat Hest. Trond fekk Hjelp av Bror sin, Styr, og fleire, og dei reid ei Nott til Garden fyr aa hemna seg. Ragnfrid varskudde Jon, som rymde til Kyrkja, men Trond og Styr braut inn, greip Jon i Kordøri, førde honom ut paa Aakeren og hogg Hovudet av honom. Bror hans Jon, Gunnbjørn, hemnde Udauden hans, drap 9 Mann og hogg Føterne av 7. Um desse Tilburder er og lagad ei islandsk Visa. No hev dei paa den Staden, der Jon vart gravlagd (Hougakels Kloster) funnet ein Runestein, som det stend desse Ordi paa: Gunnbjørn let reisa denne Stein yver Herre Jon Drottning, Bror sin.
 
Professor Nordenskiöld skriv, at naar han kjem heim, vil han taka seg eit Aars Kvild og skriva ei Bok um Ferdi si, men so vil han paa nytt gjeva seg paa Upptekkjing og daa taka Lena-Elvi til Utgangspunkt og dei nysibiriske Øyar til Operationsbasis; det er hans Maal aa gjera Nordstrondi av Asia fullt tilgjengeleg fyr Skipsferd.
 
Missionær L. Skrefsrud skriv fraa Santalistan: Santalarne hev i Aar havt mykje illt aa dragast med: paa Maisen hev dei havt Uaar og Fenaden deira sturtar i slik Mengd, at dei no hev att berre Fjordeparten. Santalarne trur, at det finnst Trollkjeringar, som et baade Folk og Fe, og daa Kretursjukdomen tok Yverhaand, meinte dei, at Trollkjeringarne var ute med sitt Spel; dei gjekk daa kring til dei kloke Konurne sine og bad deim um Raad. Disse kunde ikkje semjast um, kven det var, som aat Fenaden. So kallad nokre heidenske Hovdingar i ein landsby alle Kvinnur saman og lyste, at Dagen etter vilde Kerap (Skrefsrud) koma, ved sine Konster greida Saki og senda alle Trollkjeringar til dei Menneske-Etarar med ein Fot, som bur paa Øyarne i Storhavet. Fraa den Stundi frisknad Fenaden til, og Hovdingarne kom og takkad Skrefsrud; det, at berre Namnet hans var nemnt, hadde teket Magti fraa Trollkjeringarne.
 
Finnarne i Norig. Talet paa Finnar i Vatsøy er no 1,025 mot 512 Nordmenn; altso nettupp dubbelt so mange Finnar som Nordmenn. Likeso mange er Finnarne i Vatsøy Landsbygd. Med Varanger er dei umkring 700. Dei siste 15 - 20 Aari hev Finnar i alt større og større Flokkar komet til Norig, serleg fraa Kittilä, Sodankylä, Kemi, Kemiträsk, Torneå og Haparanda. Det hev nemlig voret Uaar i dei svenske og ryske Grensebygdarne. Finnarne slær seg ned i landsbyar og held fast paa gamalt Maal og gamal Sed. Dei blandar seg ikkje med Folket hellest.
 
Bjørkenesmordet. Stiftsyverdomstolen i Kristianssand hev den 5te Novbr. stadfest Underdomstolens Dom yver Jørgen Olson Bjørkeland, likevel soleids, at Straffi vert sett til Straffarbeid paa Livstidi.
 
Omkring 27de Novbr. kann det ventast eit fagert Luftsyn. Jordi vil daa koma til aa ganga gjenom ein Sverm Meteorar, og dei ventar jamvæl, at Mengdi av Stjerneskot vil verta større enn i 1799, 1833 og 1866, daa det var Ovmengder av deim aa sjaa. Dagen elder Notti kann ikkje segjast paa ein Prikk, men ein fær sjaa etter millom 25 Novbr. og 1ste Decbr.; det er eit drustelegt Syn aa sjaa den eine Stjerna detta ned, som det synest, etter den andre, og jamvæl fleire i Senn.
 
John Erikson strævar enno truleg med Solmaskina si. Solgeislurne uppfangar han med store Speglar og leider deim under Kjetelen; dei vermar so upp Vatnet paa vanleg Vis. Sjølv trur han likevel, at Kol maa verta dyrare, fyrr Maskina kann koma til aa løna seg. Han gjev henne difyr til Framtidi som Ervelut.
 
Ved Meraaker ligg Snjoen alt so høgt, at Jarnvegen hev Bry med aa koma fram.
 
Paa Sunnmøre og fleire Stader paa Vestlandet hev dei fiskat Sild jamt heile Hausten. Bohuslensfisket gjev ikkje mykje av seg enno.
 
Oleo-Margarin, Kunstsmør, Talgsmør er Namni paa eit Slag Smør, som no vert gjort so likt det egte, at gamle Smørhandlarar vert narrad. Serleg i Amerika lagast uhorvelege Mengder av detta nye Smøret. Alt i alt lagar dei kvar Dag 250,000 Pund. Osten gjeng det samaleids med. Ein Fabrik lagar daglig 150,000 Stykkje. Størsteparten gjeng til Europa.