[Kristiania Arbeidersamfund.]

Kristiania Arbeidarsamfund. Det hev i det seinste Bilet voret ein svare Sjau i Avisbladi um Valet paa Styre fyr Arbeidarsamfundet. Etter at den fyrre Formannen, Fullmegtug i Kyrkje-Departementet Thorvald Boeck, hadde stiget fram i det aalkjende Flaggmøtet og meinkat dei Herrar, som hadde leigt Salen (Bjørnson, Sars og Vullum) i aa tala, tok den frilynde Fylkingen bland Samfundsmedlemerne seg saman og valde frilynde Menn inn i Styret i Vaar (6 Medlemer). No skulde dei andre 6 (i Styret er 12 Mann) ganga ut og bland deim Hr. Boeck, som sjølvsagt hev voret leid aa dragast med i Styret, iser etter at han vart kastat som Formann, og det vart gjort store Fyrebuningar fyr aa vissa ei Samfundsstytta som han Uppattval. Aftenposten (Hr. Boecks Organ) tok til aa skriva um Valet fyr meir enn 1 Maanad sidan, Morgenbladet, Dagen, Aftenbladet og jamvel Morgenposten hadde dagstøtt lange Stykkje baade fraa Innsendarar og Redaktionarne med Uppmaning til aa frelsa Samfundet; for no var det i Faare att. Morgenbladet gjekk endaa so vidt, at det tok upp Stykkje, som inneheldt grove Skuldingar mot ein av dei Menn, som dei Frilynde hadde seet ut til Styresmedlem, fyr aa vera nærleg. Men Mannen vaskad seg heilt rein i Møtet den 9de, dei ropad Ned med Morgenbladet! og det gjekk den Vegen Høna sparkar med det Parti, som Boeck leit paa. Valde vart nemleg: 1. Saapesjodar Karl A. Larsen, 2. Fabrikant F. A. Otto, 3. Sekretær A. Hølaas, 4. Timmermann K. Heiberg, 5. Bokbindar C. L. Jacobsen og 6. Maalar A. Andresen med eit Røystetal fraa 248 til 220. Suppleantar vart Høgremennerne med Røystetal fraa 215 til 6, og Boeck 5te Suppleant. Detta Utfallet var so mykje merkjelegare, fyrdi Hr. Chalmer og fleire Høgremenn i lang Tid hadde drivet hard Agitation og i den siste Vika mest ikkje gjorde annat enn aa agitera, medan Vinstre slett ikkje agiterad ved detta Høvet, men vel i Vaar, daa det samlad 160 Røyster um sine Menn. Merkjelegt er det med Bladi: etter Valet segjer dei no alle som med ein Munn: me vonar at det nye Styret vil halda Maate med Politikk og ikkje føra Samfundet ut paa Vidaatta. Kvat Grunn dei hev til aa vona det, dei, som skreiv um Samfundsuppløysing, Revolution og alt, som styggt er, i fyrre Vika, skynar me ikkje. Og me tenkjer det nye Styre ikkje bryr seg um aa taka imot Raad fraa Aftenposten, Aftenbladet, Dagen og andre aandelege Pygmæar helder.