Kong Davids Song.

IV. 1)
 
Til Songmeistaren. Paa Strengjespel. Ein Salme av David.
 
Naar eg ropar, so svara meg, min rettvise Gud.
I Trøngdi hev du gjort det romt fyr meg,
ver naadig imot meg og høyr mi Bøn!
 
Stormenns Søner! kor lengje skal mi Æra vera til Hæding,
medan de elskar det, som inkje duger, og leitar etter Lygn? Sela.
Men vita skal de, at Herren hev valt seg ut ein, som elskar honom;
Herren høyrer, naar eg ropar til honom.
 
Harmast de, so maa de inkje synda;
segje det i Hjartat dekons, der de ligg, og tagne! - Sela! -
 
Ofre retferdige Slagtoffer,
og halde dekon traust til Herren.
 
Mange segjer: Kven vil lata oss faa sjaa nokot godt?
Lyft upp yver oss Ljos fraa ditt Andlit, Herre!
 
Du hev gjevet meg Gleda i Hjartat mitt,
framfyr den dei hev, naar Kornet og Vinmosten deira slær godt til.
 
I Fred vil eg leggja meg og i Fred vil eg sovna;
for du Herre vil lata meg eismall bu i Trygd.
 
1) Salme I-III sjaa Fedrh. No. 87, 1878.
 
 
                                     
V.
           
Til Songmeistaren. Paa Fløytur. Ein Salme av David.
 
Vend Øyrat til Ordi mine, Herre!
vert var min Tanke!
 
Høyr paa mit høge Rop, min Konge og min Gud!
for til deg bed eg.
 
Herre, tidleg um Morgonen høyre du mi Røyst,
tidleg um Morgonen legg eg Ofret ditt tilrettes og stend og ventar.
 
For du er ikkje ein Gud, som likar Gudløysa;
eit Illmenne fær inkje vera hjaa deg.
 
Dei Ovmodige toler ikkje aa standa framfyr Augo dine;
du hatar alle deim, som gjerer det vonde.
 
Du læt deim ganga til Grunns, som fer med Lygn;
ein blodskyldig og falsk Mann hev Herren Stygg til.
 
Men eg utav di store Miskunn vil eg ganga inn i ditt Hus,
falla ned og snu meg til det heilage Templet ditt, med Age fyr deg.
 
Herre, leid meg i di Rettvisa, fyr deira Skuld, som sit etter meg;
jamna Vegen framfyre meg.
 
For der er inkje nokot trufast i hans Munn, Innromet deira er eit fælt Djup,
ei opi Grav er Strupen deira; Tunga si gjer dei glatt.
 
Lat deim faa bøta, Herre Gud! lat deim stupa fyr sine Uraader;
støyt deim burt i Syndemengdi deira; for dei er trassuge mot deg.
 
So alle dei kann gleda seg, som gjøymer seg i deg, og jubla æveleg,
og du vil verja deim, so dei kann frygda seg i deg, dei, som elskar Namnet ditt.
 
For du velsignar den rettferdige,
Herre, du legg Naade som ein Skjold umkring honom.
 
 
VI.
 
Til Songmeistaren. Paa Strengjespel, paa Oktaven.
                       
Ein Salme av David.
 
Aa, Herre, refs meg inkje i Vreiden din,
og tukta meg inkje i din Harme!
 
Ver meg naadig, Herre! for eg er visen,
heilbrigd meg, Herre, for mine Bein er slegne av Rædsla,
 
og Sjæli mi er reint forfæld,
og du, Herre, kor lengje -?
 
Vend deg, Herre, fri ut mi Sjæl,
berga meg fyr di Miskunn Skuld.
 
For i Dauden kjem ingen deg ihug,
kven kann takka deg i Dauding-Heimen?
 
Eg er utmødd av mine Sukkar;
kvar Nott gjenombløyter eg Sengi med Graat,
med Taarer væter eg mi Lega.
 
Eg er vorten inn-øygd av Sut,
eg eldest paa Syni fyr Skuld alle mine Uvener.
 
Gange fraa meg, alle de, som gjerer det vonde,
for Herren hev høyrt, kor saart eg græt.
 
Herren hev høyrt mi Bønsøkjing um Naade,
Herren tek imot Bøni mi.
 
Skjemde og forskræmde skal alle mine Hatarar verta;
dei skal snu um, dei skal verta til Skammar i ein Augneblink.
                                                           
[y.]