Censur!

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(G.)
                       
(Slutten.)
           
Færden og Fædrel. vil væl segja som so, at Hellenbachs Tankar er so fæle og ugudelege, at dei ikkje fortener Svar elder Forhandling. Kann so vera.
           
Men eg undrast likevæl paa, um me hev Rett til aa vera fullt so moralsk kaute. Det er æveleg sannt, at Hellenbachs Tankar er fæle; men um det viste seg, at me i vaart eiget Samfundsliv hev Ting, som er endaa fælare, og som vaare Prestar like væl - forsvarar?
           
- Naar du ser eit Menneske, som er født slik, at heile Livet maa verta det til ei einaste lang, vonlaus Liding; som t. D. er født helselaust, som hev Fang, elder er spedalskt, elder tullutt, elder Krypling; som i det heile hev det slik, at det berre er til Mein og Tyngsla baade fyr seg sjølv og andre, - so er det i Grunnen ikkje unaturlegt, um du kjem til aa tenkja som so: Herre Gud, kvi fekk ikkje den Armingen døy, daa han var liten. Og den, som hev voret med ved ei Helsottseng, der den Sjuke i unemneleg Pine laag og skreik som ein galen Mann og berre bad og tagg, at nokon vilde gjera so inderleg væl aa renna Kniven i honom, for Verken vart for fæl, - han kann nok med seg sjølv hava tenkt som Hellenbach: at her burde Lækjaren hava Lov til aa frelsa den Sjuke ut or eit so avskræmelegt Talm, so han paa lind og lempeleg Maate fekk d ø y istadenfyr aa pinast ihel. Tankarne aat Hellenbach kann altso hava eit Slags naturleg Humanitetskjensla aa byggja paa. Det fæle i dei er, at Samfundet etter dei skal taka seg Rett yver Liv og Daude, endaa Mannslivet etter alle vaare Fyresyningar og Kjenslur er ein so heilag og urørleg Ting, at einast Vaarherre sjølv hev Retten her til aa gjeva og taka.
           
Men so kjem Ulukka. Me hev alt no Tilfelle, der Samfundet gjer seg til Herre yver Liv og Daude, og det ikkje paa Grunnlag av Humanitet. Me hev Tilfelle som er av det Slaget, at dei mest berre skil seg fraa dei Hellenbachske i det aa vera meir barbariske, baade i sin Grunn og i sin Maate. Vaart eiget Samfund, som me gjeng og innbiller oss er so overlag moralsk, serleg i Likning med det nye Samfundet, som sume europæiske Filosoffar drøymer um, - gjer seg sumetider til ein sann Slagtarbud. Og kor hev me Prestarne her? Her finn me Prestarne i Kappe og Krage, lesande og bedande midt imillom dei, som øyser ut Blod. Presten stend midt i Slagtarflokken, og les og vælsignar dei, som læt Menns Blod renna som Vatn. Kor heng detta ihop? Heng det ihop? Og hev me under slike Tilstand Rett til aa slaa so moralskt paa Nakken aat Hellenbach?
 
 
Ein Mann er dømd til aa rettast. Han er ein Mann som eg og du; men han hev paa ein elder annan Maate voret sjælesjuk elder abnorm. Han hev gjort eit Mord. Men den Sjælesjukdomen, som dreiv honom uppi denne fæle Ulukka, er ikkje av det Slaget, at Vitenskapen enno kann gjeva Syndaren Sjuke-Attest; han skal altso rettast. Han vert sett inn i eit Fangehol; der skal han sitja ein Maanad og venta paa Dauden. Han veit, naar han skal døy, og han veit Maaten, han skal døy paa. Ei kvass-slipt Øks skal skjera Halsen hans av; han skal kløyvast, parterast som eit Dyr; og det skal skje offentlegt; Tusund skal standa ikring og sjaa paa, og naar dei hev set paa, og naar han er kløyvd og lagd i Kista, so gjeng dei heim og fær seg Middag. Detta: aa vita alt slikt paa Fyrehaand, det maa fyr den sterke livskraftige Mannen vera verre enn Dauden sjølv. Me veit nok alle, at me eingong skal døy; men me tek det rolegt, fyrdi me altid kann tenkja oss Dauden langt burte; men tenk deg inn i det: um ein Maanad skal du døy, og det midt i di fulle Kraft; og dei bind deg, passar paa deg, som paa ein Gjødkalv, at du ikkje skal sleppa ifraa dei; for um ein Maanad vil dei slaa deg ihel! I den Maanaden vil du lida Dauden kvar Dag. Uppatt og uppatt, meir og meir livande; - eg vil ikkje tala um Nætterne med alle sine tunge blodsprengde Draumar. Og di nærare det kjem, di verre vert det. Du skjemmest fyr aa visa deg rædd, naar nokon ser det; men naar du er aaleine, vrid du deg i ei Daudrædsla, i blodige, skræmslefulle Draumar, som ingen livande kann tenkja seg inn i. Det aa verta drepen av ein Mordar, i eit braadt Tak, elder i Kamp fyr Livet, det er fælt, men væl ikkje so svært mykje verre enn aa døy paa vanleg Maate; men aa døy rettslegt, etter Log og Dom, bunden i ein Baas, vitande um baade Tidi og Maaten, - det er aa døy tusund Gonger; det er det mest avstyggjelege, som Tanken kann finna ut. Og so kjem Dagen. Syndaren vert sett i ei Vogn og køyrd ut fyr aa døy. Han er i si fulle Kraft; han ser Jordi, han ser Himmelen; han ser Folk, som liver og er glade og hev det godt, og skal liva lengje; - men han skal døy. Døy um ein Time. Han kjem til Rettarstaden, som han, um ein Time, skal køyrast burt fraa att i ei Likkista. Han ser Blokki; han gjeng der upp fyr aldri aa stiga ned att. Folk stend rundt ikring, glor rædde og forvitne paa honom, drikk Brennevin, fær seg Mat, snakkar, lær; dei gjer seg hans spefulle Endelegt til eit Skodespel. Han vert lagd ned fyr aa døy. Presten stend og les Fadervaaret. No kjem det -! Han ligg der, i full Livskraft, i fullt Medvit, - kvart Sekund er Dauden, kvart Ord i Fadervaaret eit Øksehogg . . . endeleg fell Øksi fyr Aalvor, og eit Mannsliv er sloknat - fyr Manns Haand.
           
- Er ikkje detta fælt? Er det ikkje slik, at Blodet kann storkna i deg, og Haaret reisa seg paa Hausen din liksom Buster? Og likevæl: detta forsvarar Presten! forsvarar det med Nebb og Klo!
           
Det fæle i Hellenbachs Tanke er, at Samfundet tek seg Rett til aa gjera Ende paa eit Liv, fyrr det naturlegt sloknar. Og endaa er det hjaa Hellenbach berre Tale um aa enda eit Liv, som er dauddømt i seg sjølv, og som Eigaren ynskjer.aa sleppa ut av, fyrdi han veit, at det heretter berre vil vera ei lang og jammerleg Ihelpining. Men hjaa oss, i vaart eiget Samfund, tek dei Liv, som tidt stend i si fulle Kraft, og som Eigaren just ikkje vil vera av med, - Samfundet tek dei, fyr di det trur seg aa hava ein høgare Rett enn den einskilde Mannen. Heng detta ihop?
           
Den Dokteren, som etter Samfundets Bod og Vilje gav ein Helsotting eit Pulver til Ending av hans Pine, vilde Fædrel. kalla ein Mordar. Men den Skarprettaren, som etter Samfundets Bod og Vilje kløyver ein arm Syndar i tvo, til Hjelp fyr ingen, men einast i Kraft av ein gamal tvilsam Doktrin, - den Skarprettaren vert i Fædrel. forsvarad med ein Iver, som er reint ut forunderleg. Heng detta i hop?
 
 
Verre og verre!
           
Ein Mann sit i ein staseleg Sal og segjer til seg sjølv: eg er sterk, men eg vil vera sterkare! So skriv han eit Brev til Grannekongen sin og segjer: Um tri Dagar stend eg i Landet ditt med ein Krigsher.
           
O so gjev dei tvo Kongarne seg til aa samla Folk. Dei tek den beste, kraftigaste Ungdomen rundt alt sitt Land. Dei tek Son fraa Foreldre, Mann fraa Kona, Festemann fraa Festemøy, Far fraa Barn; det finnst ikkje Naade; Samfundet hev ein høgare Rett, og fyr den maa alt ofrast. Ein Million av frisk, fager Ungdom er samlad; so rykkjer Herarne fram.
           
I den Krigen, som no kjem, tek Samfundet i Tusundtal av unge, friske Liv, Liv, som just skulde til aa byrja, Liv, som Eigarmennerne kvar fyr seg set uendelig Pris paa. Samfundet tek dei. Alle desse hundrad tusund Ungdomarne vert drivne fram til Nedslagtning; Ingen spyrr dei, um dei vil; dei skal, og dermed Punktum. Samfundet vil det. Dei vert skotne som Villdyr, sundhogde med Sablar, uppsprette med Bajonettar, uppflengde og sundrivne med Granatar og Skraasekkjer, sprengde i Lufti, sekkte i Havet, avtynte paa alle dei fælaste Maatar som tenkjast elder drøymast kann. Dagar og Nætter, i lange Slag og etter Slagi, ligg dei paa Valen i tusundtal, i store Dungar, millom daude Skrottar og Bitar av Lik, i Blodsøyla, i ein spyeleg Illtev av Blod og rotnande Kjøt, ligg og vrid seg av fæle Saar, i Senedrott, i Feber, i Vanvit, i den mest hjelpelause Rædsla, i sann Helvitespine, - og so døyr dei. Døyr i Flokketal. Samfundet tek dei, paa den mest villmannslege Maaten som til er, og ofta utan nokon godkjenneleg Grunn. Det er fyr det meste den og den Kongen, elder den og den Ministeren, som brukar alle desse tusund Liv til Framhjelp fyr sine eigne magt- elder æresjuke Fyremaal.
           
- Det er ein fæl Tanke, naar Hellenbach, fyr aa frelsa Folk fraa stor Liding, Armod, Sjukdom, Svelting og slikt, vil tyna Smaaborn i Mengd, men kor galen han er, so hev han daa ei human Meining med det: han vil frelsa Folk fraa Liding. Og han vil gjera det paa lempeleg, pinefri Maate, og mot Smaaborn, som endaa ikkje veit til seg elder set Pris paa Livet sitt. Men Krigen! At Samfundet, utan moralskt Fyremaal, og ikkje paa human Maate, slagtar Millionar, som med fullt Medvit held fast paa sitt Liv -! I Sanning, Ein skulde tru, at naar me fordømer Hellenbach, so maatte me tie Gonger fordøma eit Samfund, som kann halda slikt uppe.
           
Men Prestarne forsvarar Krigen.
           
Krigen er moralsk, ja kristeleg; det vert forkynnt med Embætts Autoritet fyr menig Mann, og det vert med fromme Fakter og mange Bibelspraak godtgjort i Morgenbladet av Prestar. Der stend me!
           
Den simplaste Logikken skulde segja oss, at dersom Mannslivet hev eit so uendelegt Verd, at Samfundet ikkje eingong av humane Grunnar hev Rett til aa røra ved det, - so hev Samfundet endaa mindre Rett til aa taka det av andre Grunnar. Og dersom Krigen, som i sitt Upphav er likso heidensk som Barnemord, og i sin Framgangsmaate langt meir barbarisk, kann segjast aa vera kristeleg, - so synest ikkje vaar Samfundsmoral aa hava nokon stor Fyremun fyr Hellenbachs. Me bør altso knapt vera so snare til aa takka Gud, for me ikkje er som andre Folk. Daa ar det visst likare, um me i slike Tilfelle fyrst prøvde oss ærlegt sjølve, um me i Røyndi var so gode som me innbiller oss!
 
 
Eg hev den Voni, at me eingong vil koma so langt, at me finn baade Hellenbachs Tankar og Krigen og Avrettingsstraffi like fæle og like galne. Men um me kjem so langt, so skal me nok ikkje kunna takka Prestarne fyr det, iallfall so lengje dei tek det paa den Maaten som no. Og her vil det i framifraa Maate visa seg, kor ille det var, um Fædrel. fekk sin Vilje fram med Censuren.
           
Det, som skal vekkje oss til Sjølvprøving og Gransking, og altso driva oss fram, det er dess nye Tankarne, som stundom bryt innyver oss som eit Uver og skræmer oss upp av Vanesvevnen og den likesæle Ro. Me kann finna dei nye Tankarne so galne me vil; hev me Daning nok til aa taka dei upp til Forhandling, so vil dei iallfall tvinga oss til fornyad Prøving av vaart eiget Samfund og vaar eigen moral, og den vil me daa med Ljos fraa dei kunna sjaa ymist klaarare enn me hellest kunde gjera. Men steng alle slike Tankar ute, og me vil sovna reint av. Me vil aldri faa Tilføre til aa sjaa Samfundslivet vaart fraa nye Synspunkt, aldri faa Tilføre til prøvande og vekkjande Samanlikning. Me vil altso storkna meir og meir til i Vane og Heimalings-Trongsyn, verta meir og meir farisæisk sjølvkloke, meir og meir kinesisk innfrosne; Aandslivet vil sjukna meir og meir burt. Det finst enno Bønder, som ikkje luftar ut i sine Rom, av di dei ræddest fyr Kulden; so liver di all si Tid i usunn, kjøvande Luft, sugar inn Sjukdom med kvart Andedrag, og veiknar meir og meir av fyr kvar Ættled, so det snart vil vera en saga blott med den gamle Talen um Bondens Kraft; plent paa same Maaten er det med desse censur-kjære Prestarne, som er so rædde fyr all aandeleg Luftveksling i landet. Me skal agta oss fyr dei. Frisk Luft, jamt Luftskifte, er det fyrste Vilkor fyr sunnt Liv baade i aandeleg og lekamlig Meining. Censuren er Loka fyr Glaset og Spjeldet fyr Pipa; men det frie Ord er det, som aandeleg skal lufta ut i vaare tronge Rom, so tidt Lufti der inne tek til aa verte tung og usunn.
           
Enno er det frie Ordet altfor lite i Bruk. Samfundet er so nedskræmt og aandsbundet, at me ikkje kann faa fri Forhandling um større Samfundsspursmaal, um me aldri so gjerna vil: - Folk ræddest fyr Kulden. Men me maa stræva fyr Framgang so godt me kann. Den Dag vil koma, daa Folk vil finna det likso umannslegt aa vera rædde fyr nye Tankar som aa vera rædde fyr den friske, kalde Luft!