(Innsendt).

Det er mest sjaaande til, at Chr. Bruun vil tvinga Vinstreflokken i Landet til aa stiga fram og krevja Kongedømet avteket. I Svaret sitt til G. og Bjørnson hev han bøygt Ordlaget so løglegt og ført Vitnemaalet so sløgt, at aarlege Storthing og Riksraadsaki fær til Botn og Baksida Republikken. Det maa vera flirande fyr baade Livande og Daude, som hev arbeidt med desse Ting, no med ei Gong aa sjaa Bruun setja dei paa Krakk med Republikanararne! Slikt hev dei Folk visst aldri tenkt fyrr no, daa Bruun segjer det.
           
Tru han ikkje her er komen i Skade fyr aa skriva um det, han ikkje kjenner til? Folk so ærlege og sanne som Bruun plar hellest halda seg til det, som vert sagt og gjort; men her tek han seg til aa laga ihop nokot, som korkje er sagt elder gjort, og dermed tek han og so skadeleg i Mist. Det er ikkje mange, um her er nokon, som hev Republikken fyr Augo, av dei som er med aa dreg paa vort tunge Framgangs Lass. Men her er ikkje helder nokon, som hev gjevet Kongedømet verre Skadehogg enn Bruun hev gjort i sitt Svar.
           
Men det kann ikkje vera so, som han segjer, at Kongedømet er so kleint, at det ikkje kann bera aarlege Storthing og Riksraadarne der inne. Me er langt ute paa den andre Vegen og tenkjer som so, at just det skal styrkja Kongsmagti, um dei Menn, som stend henne nærast, var meir Eit med det heile Folk, og ikkje stod og stritad imot Folket, som dei no gjerer. Finst her Menn i Landet, som er Republikanarar paa den Maaten, at dei set Republikken som det Einaste, dei vil arbeida fyre, - so maatte dei stræva i m o t aarlege Storthing, og mot, at Riksraadarne kom inn i Thinget, daa det vilde letta Arbeidet deira meir enn nokot annat, alt um det knapt var til Bate fyr Folk og Land. Det hev nok voret sjaaande av og til fyrr, at dei drap Barnet av gloande Kjærleik.
           
Det er liksom Bruun famlar i nokot; men kven kann segja kvat han meiner: Likaste ser det ut til, at han av pur Ærlegdom vil hava Folk til aa ljuga paa seg sjølve. Vil han vera med oss og stydja Kongedømet, so maa han snu um og læra det, at ingen Ting kann sterkare verna det enn god Semja millom Konge og Folk.
           
Enno vil me leggja til, at skulde me eingong - som me ikkje no trur koma til aa vilja Republikk, so skal me segja til i god Tid.
                                               
Ein heil Flokk.