Utlandet

Frankrike. Grevy skal no hava teket den Raadi, at han vil sjaa aat aa faa gjort ein Ende paa den Uppegglingi, som dei heimkomne Kommunardar og dei radikale Politici hev sett i Verk. Domstolarne vil heller ikke leggja Fingeren imillom, er det likt til. Humbert, den radikale Bladmannen, som vart vald inn i Byraadet i Paris, er dømd til 6 Maanadars Fengsl og dertil ei Bot paa 2000 Franks fyr Skamord mot Domarstandet og fyr Lovprising av Gjerningar, som Logi stemplar som Forbrot. Den Andsvarshavande fyr Bladet Marseillaise er dømd til Fengselsstraff paa 2 Maanadar og ei Bot paa 5000 Franks fyr det, at han hev trykkt av ein Tale av Humbert, og 1000 Franks fyr det, at han hev kunngjort eit Brev fraa Rochefort, og dertil er det forbodet Bladet aa koma ut i 14 Dagar. Det er no upplyst, at Gambetta ikkje hev havt nokot med dei Stykkje i Republique francaise, som hev talat fyr aalmenn Amnesti. Regjeringi skal ha vortet forlikt um si Fyreloga fyr næste Thingmøte. Ho vilde halda paa Skule-Forslaget ubrigdt og fyreslaa, at nokre av dei tyngste Skattarne skal nedsetjast, og at Jernbanetakstarne skal setjast lægre. Tanken um, at Frankrike skulde ganga inn i eit Handelssamlag med Tyskland og Austrike, hev vortet kvasst avvist i franske Blad. Det er ikkje talande um slikt, solenge Tydskland ikkje hev gjort sin Urett mot Frankrike god att, d. e. gjevet fraa seg Elsass og Lothringen.
           
Forsvarssamlaget millom Tydskland og Austrike er no umtalat fraa mange Leider, deribland ogso av den engelske Utriksministeren Salisbury i ein Tale, han heldt her ein Dagen i eit Gilde i Manchester um Utrikspolitiken sin og aat Regjeringi. Den britiske Regjering, sagde han bl. a., laut fyrst og fremst hindra, at Ryssarne gjekk til Konstantinopel, og Austrike hadde fenget den Gjerning aa hindra, at det slaviske Rike kom til aa rekka radt fraa Ishavet til Midlandshavet. Ryssland kann ikkje lenger koma, fyrdi Austrike er sterkt, og Austrikes Magt og Sjølvstende er ei Aabyrgsla fyr, at Freden i Europa vert ved Lag standande. Hendingarne i den sidste Vika gjev Regjeringi Rett til aa tru, at Austrike ikkje vert standande einslegt, um det vert paateket. Den Tidendi, Bladi hev boret, um at Austrike og det tydske Rike hev bundet eit Forsvarssamlag seg imillom, hev vekkt livande Gleda her. Likeins skal Salisburys Tale ha vekkt stor Gleda i Tydskland og Austrike (men ikkje hjaa dei slaviske Folk, vel?). Samlaget skal i fyrre Vika vera stadfest av Keisararne.
           
I Millom- Asia hev Ryssarne stendig Ufred. I eit Telegramm fraa India er det sagt fyr visst, at Ryssarne er slegne reint attende av Teke-Turkomannarne og hev dreget seg attende burtimot det kaspiske Hav til Veteren.
           
Turkiet hev sendt heim 90000 Soldatar fyr aa bruka Pengarne til aa setja igjenom dei Umbøter i Styringi av Litle-Asia, som det hev lovat lenge sidan. England hev kytt paa, at vert det ikkje gjort vonom snarare, vil det ikkje hava nokot Verndemaal fyr Litle-Asia lenger.
           
I Irland er det stor Røra millom dei innfødde Leiglendingar; dei orkar ikkje bera dei Ovtyngsler, som dei innflutte engelske Godseigarar legg paa deim. Mange krev, at Irland skal riva seg laust og jaga Storherrarne heimatt, andre det gamle Home-Ruler-Parti krev berre Sjølvstyre fyr Landet i Samlag med England under sams Riks-Yverhovud.