Seld til den Vonde.

[Del 5 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
                                     
I.
                                     
6.
                         
(Framhald.)
 
Den gamle Futen vart fælt kvit. Han treiv seg i Dørkarmen fyr aa hava nokot aa halda seg i, og stod og stirde paa Dotter si so forskræmd, som ho var ein Draug. Er du fraa deg? spurde han tilslutt; det høyrdest so haast og styggt. Er du med Barn? Ja! kviskrad Gunhild . . . No rette Futen seg upp og sleppte Taket i Dørkarmen; men han skalv, so Gunhild totte ho kjende Golvet dirra under seg. Kven er Faer aat det Barnet? spurde Futen. Ho drog etter Pusten, svelgde og svelgde paa Rædsla, som vilde upp; no kom det verste! Er det ein Bonde -? spurde Futen med isande Mæle. Ja! jamrad Gunhild som i si sidste Naud.
           
- - Ho sat og ventad paa alt vondt -! Men den gamle tagde. Tilslutt høyrde ho han gjekk, tungt, ustødt og forunderleg seint. Ho lydde og lydde, heldt Pusten og lydde . . . kor vilde han av? Kvat tenkte han paa? Vilde han ut etter Kniv . . . Ei tankelaus Daudrædsla tok henne. Ho sprang ut og vilde gjøyma seg, kjende seg ingenstad trygg, flaug att og fram, skjelvande og ør, og var so rædd at ho knapt kunde sjaa. Der kom den Gamle. Ho seig i Kne med eit jamrande Skrik og strekkte Armarne fram fyr seg liksom til Vern. Gamlingen kunde ikkje halda seg fyr aa tykkja Synd i henne, hjelpelaus og forskræmd som ho laag der; men det kom ikkje Saki ved. Han stansad og talad til henne so rolegt og kaldt, at ho strakst kom til seg att og vart skamfull yver si eigi Rædsla. Du var væl verd aa døy, sagde han, men eg skal ikkje drepa deg. Eg hev ikkje meir med deg. Her er Moersarven din; tak den og gakk, og kom meg ikkje meir fyr Augo. Eit slikt Kvinnfolk vil eg ikkje hava i mitt Hus, og med desse Pengarne her kann du berga deg sjølv. Farvæl!
           
Dermed snudde Futen og gjekk. Ho høyrde tunge Stig burt gjenom ein Gang; ei Dør gjekk upp og att; og so var alt stillt.
           
- Det var lengje, fyrr ho rett hadde Mod til aa røra paa seg; so prøvde ho so smaatt, um ho hadde Magt til det, og so krabbad ho seg upp, men so ustødt og veikt som ho var 80 Aar istadenfyr 18. Drog seg so inn i Kammerset sitt, tok Klæde og lagde i eit Knyte, fann fram or Skrinet sitt Gullringar og Sylvstas, som ho hadde etter Moer si, lagde ei Salmebok varlegt inni Barmen, stellte Haaret sitt og fjelgad paa Klædi. Ho var som i Svevnørska; det gjekk so seint og høgtidslegt som ho stellte til Likferd. Og sjølv var ho so bleik som um det var ho, som skulde aat Jordi. Ei Tid etter kunde Ein sjaa eit Kvende med eit Knyte i Haandi rusla stillt og ustødt ut gjenom Tunet; men Ingen skulde tenkt, at det var den same Gjentungen, som fyrr foor her og sprang, lett og vill som Hind i Skog. Den gamle Gjenta stod i Kjøkdøri og stirde, ropad, men fekk ikkje Svar.
           
Gunhild drog seg burtetter Vegen; det gjekk so seint og smaatt. Daa ho kom burt i Skogkanten, sette ho seg paa ein Stein. Ho saag attende. Der laag Garden, der ho hadde aatt heime. Der budde Faer hennar, der budde Minni etter Moer hennar, der hadde ho livt og voret glad i attan unge Aar. Der uppe laag Skogen; der hadde ho hentat Blomar og Ber, songet kvate Visur, set utyver Bygdi, elskat og tenkt so mange glade Tankar. No stod Soli uppi Nuten; Skuggarne lagde seg, lange og digre. Ho maatte herifraa. Ho reiste seg upp att, fraus, og gav seg i Veg. Det bar til Neset.
           
Det var Kveld, daa ho kom dit. Mørk Kveld og vaat Kveld; det var paa Vaarparten, og Maanen var endaa ikkje uppkomen. Gjenom lange Sky-glyttar saag Ein upp til ein svartblaa Himmel med faae, bleike Stjernur, som drog seg uendeleg langt inn. Gunhild fraus og var trøytt. Det, som hadde hendt henne, laag yver henne som ei svær Tyngd; ho hadde ikkje Magt yver seg sjølv, og kunde ikkje faa klaare Tankar fyr seg. Ho stod lengje ut i Tunet med bankande Hjarta og ventad paa, at nokon skulde koma; for ho hadde ikkje Mod til aa ganga inn. Berre ein Ting heldt henne uppe: det at no skulde ho finna Baard. Naar ho tenkte paa det, var det som det lyste upp fyr henne, og ei varm, saar Gleda glødde fram or Hjarterøterne. Berre det aa kjenna hans faste Handtak, aa sjaa hans klaare varme Augo gløda nedyver seg liksom Solsin . . aa, no vilde han vera god imot henne. Og han skulde ikkje trega det. Ho skulde elska honom uendeleg. Og alt det, ho hadde gjort galet, skulde ho sona. Ho skulde vinna att si tapte Æra; alle skulde tilgjeva henne, - tilmed Futen.
           
Men dei gamle var ho rædd. Desse stive, kaute Bønderne var verre enn alle, hardare, kaldare; og Bestefar i Huset hadde eingong voret med og jagat ein Fut . . . Dei hadde Hat til slikt Folk, og ho var ikkje som deira Gjentur. Og no var ho ikkje eingong rik. Det ho fyrr hadde sett si Von til, var Pengarne sine, for Bønderne var kjære i Pengar; men no var ho ikkje eingong so rik som Signe. No galdt det, um Baard var sterk! Men vart det raadlaust paa annan Maate, so fylgde han henne. Han fylgde henne i denne Kveld, yver Skog og Aas, yver Fjell og Finne; vart ho trøytt, bar han henne, sov ho, so vilde han vaka . . . aa, ho kjende honom! ho kjende hans varme, elskhugsrike Natur; - enno var ingen Ting tapt.
           
Det vart lengje og kaldt aa standa der, og ho var so trøytt. Det verkte i Akslerne, som under ei tung Byrd. Den, som torde banka -! Ho fekk prøva. Naar det galdt Livet, fekk Ein ikkje vera so rædd. Ein laut vaaga fyr aa vinna. Ho gjekk burtimot Døri; Haandi skalv og Hjartat slog. Men no høyrdest det Stig. Ho kvakk og sprang unda. Kven var det? Gud gjeve i sin uendelege Naade, at det var Baard! Nei; det var ein av Drengjerne paa Garden.
           
- Det fekk vaaga seg. Ho steig fram att, gjekk halvt imot honom og bad Godkveld. - Godkveld! svarad han feigt og stirde paa henne; er det Framandfolk ute so seint? Aa ja . . . Er Baard heime? Kann væl henda det. Baard? Guten syntest faa ein Tanke, - kom nærare og glaapad meir og meir. Kor ber til. . . det er væl ikkje Gunhild Nielsdotter? ho saag, at han slog Kross fyr seg og vilde draga seg attende.
 
Jau, jau, svarad ho, men . . . aa bed Baard, at han kjem ut. Eg maa plent tala med honom. Gjer det, er du snild! Guten drog seg lenger og lenger ifraa. Ja-a, det er fulla so, sagde han, men . . . her er Framandfolk her i Kveld. Ja so. Ja-a, Lid-Gutarne -. Gunhild kjende ein vond Styng gjenom seg. Lid-Gutarne -? Ja-a, Olav og Aslak, Brørne hennar Signe, veit eg! Gunhild totte Jordi vilde siga burt under henne, der ho stod. Bed Baard koma ut! stunde ho, og det var slik ein Jammer i Mælet hennar, at sjølve Tenestguten vart undren og tenkte det var best aa gjera som ho sagde. Han dreiv inn att, halvt hastande, halvt tøvrande. Døri leet seg att etter honom. Der stod Gunhild.
           
- Baard hadde i seinare Tid tenkt meir og meir paa Signe. Naar alt kom ihop, var det henne, han hadde elskat lengst, og henne, han hadde mest Tru til. Og dei gamle hadde Rett: Signe høvde aat honom, den andre ikkje. Men det, som hadde gjort mest, var eit Ord, som var komet uti Bygdi um, at Gunhild Nielsdotter nok ikkje var fri fyr aa hava lært visse mindre gode Kunster etter Moer si. Kor Ordet var komet ifraa, visste Ingen utan Baard. Men han visste, at det var komet fraa Lid. Signe hadde fortalt Brørne sine um det, som ho hin Sundagen meintest hava set i Kyrkja, og Brørne hadde so fortalt det til Baard att. Og daa Baard fekk høyra det, var det med ein einaste Gong som det datt honom Skjeljar fraa Augo. No forstod han alt -! Gunhild kunde trolla! Det var med Trollkunster, ho hadde vunnet og bundet honom; det var med den Vondes Magt, at ho hadde dreget honom so altfor fast til seg! Og daa vart alt lett aa forstaa. Han minntest dei Augo, ho hadde sett paa honom hin Gongen ifjor. Der var meir enn Manns Magt i dei, der var Galder og Helvites Eld; og med dei var det, at ho hadde brennt ut hans gamle Elsk til Signe og kveikt ein ny, ugudeleg Elskhug til henne. Han hadde voret fortryllt. Han hadde voret i Berg. No rømde han som forskræmd fraa alt detta; Elsken til Gunhild skapad seg um i Rædsla, og han kjende seg hjartans glad, at han var vekkt i Tidi, og at han endaa hadde Signe. Han slog Lag med Lid-Gutarne, som i seinare Tid hadde lagt seg meir og meir um honom. Og ein Kveld hadde han vaagat seg til aa vera med dei upp til Lid. Der hadde han vortet væl fagnat. Dei hadde teket mot honom som ein gamall Kjending, og Signe hadde voret so framifraa tekkjeleg og hyggjeleg, ikkje ein ublid Mine, mild og god, og attaat so væn og snaal og faktegreid, med slik ein fin Folkeskikk . . . han kunde undra seg blaa yver, at han hadde funnet Gunhild gildare enn henne. So hadde Baard fenget Øl, sterkt, godt Øl, og so hadde det sluttat med, at han og Signe hadde lovatst, og det paa dei Skilord, at Brudlaupet skulde haldast i Vaar. Detta hadde hendt i Aftes, same Kvelden som Gunhild sat innestengd paa Kammerset sitt . . . . No sat Li-Gutarne inne i Storstova paa Neset, saman med Baard og dei gamle, og drakk og samtalad um Brudlaupet og var glade.
           
- Men ute i Tunet stod Gunhild Nielsdotter og fraus. Det varde so forfælande lengje. Ingen kom. Ho ventad og ventad, ho høyrde Stig, men det var ingenting; ho lydde og lydde, ho ynskte og bad, det var som det blødde i henne av Sut og Lengt; - nei. Ingen kom. Ho torde ikkje tenkja, at Baard hadde sviket henne, for naar den Tanken kom, tok det til aa suta so vondt i Hovudet fyr henne, og det vart so svimrande tomt rundt ikring... nei! ikkje den Tanken! Baard var ikkje slik. Han var god, trufast, ærleg, og Vaarherre var naadig og miskunneleg; slikt kunde ikkje henda paa Jordi. Hyss! der kom nokon . . . Baard! det maatte vera Baard! Men slike tunge, ustøde Stig -? Ein fæl Tanke myrknad fram fyr henne. Daa gjekk Døri upp, og ei grov raa Røyst ropad ut: Er her Folk? - - Herre Gud i Himmelen, det var Gamlen, det var Bestefaer, han, som hadde jagat Futen . . .
 
[ Meir]