[Thingval.]

Thingval. Fraa Kristianssand er uppattvalde til Thingmenn Reinhardt og Krag; til Varamenn: Byskrivar Fleischer og Bankadministrator Moe. Fraa Fredriksstad Thingmann: Skulestyrar Jan Kristian Johanssen, Stipendiat h. v. i klasisk Filologi, med 4 R.; til Varamann: Sakførar Aksel Bech (7 R.) Fraa Skien er uppattvalde til Thingmann Castberg og til Varamann Dulin, baae samrøystes. Fraa Nørdre Throndheim er likeins alle 4 gamle Thingmenn uppattvalde: Welde og Qvam samrøystes (45 R.), Bentsen (42) og Soelberg (41 R.). Til Varamenn valdest: Prest Fr. Wexelsen (35), Bønderne J. Arnestad (30), H. Foosnes (28) og Klokkar Mathiesen (27 R.) - Av desse 7 Thingmenn er 5 frilynde Framstigsmenn; Hr. Reinhardt er Bakstrævsmann og Hr. Krag halv liberal Atterhaldsmann; Hr. Johanssen er kannhenda Bakstrævsmann, men me trur helst, at han høyrer til Millomflokken. Naar han no i ung Alder kjem med, er det jamvel Von, at han i dei fleste større Saker gjeng med dei Frilynde, daa han er ein dugande Mann med godt naturlegt Vit og grundig Lærdom. Han er Son av ein Folkeskulelærar i Throndheim og av gudbrandsdalsk Bondeætt. Hr. Welde hadde fraabedet sig Uppattval, men let seg i siste Augneblinken yvertala til aa taka imot Skrubbhøvding av Morgenbladet enno eit Bil.