[Seljord i Oktober 1879.]

Seljord i Oktober 1879. (Brev.) Den 12te d. M., hadde me Sluttnings-Møte fyr i Aar i Seljors Skyttarlag. Dagen var klaar og fager, hellest nokot kald Vind, men den gjorde au godt, so vaart litle reine norske Flag fekk flagra ut med Krossen sin og mana Ungguten til Truskap og Djervskap fyr Folk og Fedraland. Daa det var slutt, so vart det dei nedanfyr nemnde, som vart dei beste:
                                   
Eldre.
 
1. Høye Øverland . . paa 5 Skot 38 Point.
2. Jens Bjørge . . - - 31 -
3. Halvor Tvingeslid . - - 27 -
4. Øyvind Reinstaul. . - - 27 -
5. Talleiv Bjørge . . - - 24 -
 
                                   
Yngre
 
1. Kristofer Bjørge . . - - 32 -
2. Kjetil Floten . . - - 32 -
3. Øyvind Lid . . - - 30 -
4. Kristofer Dalen . . - - 28 -
5. Torgrim Reinstaul . - - 24 -
           
Eg trur det er eit Framstig, som Centralsamlaget hev gjort burtimot aalmenn Væpning, naar det set i Gang Skyttarlag ut yver heile Landet, og fyr slikt nokot bør dei Menn hava Takk. Skyttarmøti hev au den Goden med seg, at dei samlar Ungdomen til friskare Samlig og god Idtrott, og det kann væl turvast. Live Skyttarsaki!