[Notisar]

Kristiania, den 24de Oktober 1879.
 
I Skien var det hard Valkamp; baade Parti hadde Von um Sigren, og Høgre hadde jamvel tingat Hus til ein Seksa, dei vilde halda, naar dei hadde fengjet kastat Castberg. Det rauk no, som me veit, i Vasken med Seksaen, for Vinstrefylkingen hadde ikkje legjet paa Latsida han helder. Dei hadde, liksom General-Nemndi i Kristiania, utbytt Byen i 17 Krinsar, nedsett ei Arbeids-Nemnd i kvar Krins, og desse Arbeids-Nemnder hadde arbeidt; dei hadde i Fyrevegen talt upp dei Røyster, dei kunde lita paa, og lo berre, daa dei høyrde, at Høgre vilde halda Seksa.
 
Embættsutnemningar. Borgarmeistar Lehmann (Kristianssand) til Riks-Sekretær; Landsdomar Holm (Nordhordland) til Raadstuskrivar i Bergen; Bureauchef O. Mellby til Stemplatpapirsforvaltar; Sakførar Grundt til Politimeistar paa Fredrikshall, Kapell. S. Aars til Fullmegtig i Indre-Dept.; pers. Kapellan J. C. H. Alsing til res. Kapellan til Norderhov, pers. Kap. G. T. Rømcke til pers. Kap. i Søndeled, Kand. Bugge til pers. Kap. i Stavanger, Prest P. Megrund til Provst i Trums, Prest i Bjørnøyr J. K. S. Anderssen til Prest i Agvaldsnes, Provst i Vesteraalen og Prest i Bø A. Weenaas til Prest i Tinn, Provst i Senja og Prest i Lenvik W. F. Koren til Prest i Fjell, Distriktslækjar O. Paus til Distrikslækjar i Gloppen, Fyrsteløytnant K. F. Rode og Underløytnant E. Hagerup, baae av Marinen, til Kaptein og Fyrsteløytnant, Adjunkt H. Z a h l (Hamar) til Adjunkt i Dramn.
 
Avskil. Postmeistar i Arendal K. N. B. Heyerdahl med Etterløn 2400 Kr.