[Lysingar]

Det norske Samlag.
 
- 1879, 10de Aaret. -
 
Samlaget hev til Fyremaal aa hjelpa fram den norske Bokavlen, og gjev ut Bøker baade paa Landsmaal og i Bygdemaal.
           
Den som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Krunor Aaret (elder 60 Kr. eingong for alle) og fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut, fritt sende med Posten. Ein melder seg i Brev til Rekneskapsføraren fyr det norske Samlaget (Lærar Johanson, Lykkjevegen 13 Kristiania, og maa med det same senda Aarspengarne.
           
Dei, som no skriv seg og bitalar med same, fær fritt ikring 6 Bøker elder Hefte (af Aasen, Vinje, Janson m. fl.), so langt Upplaget rekk, - umfram dei nye Bøkerne. som kjem ut i Aar.
           
I Aar er utkomne:
           
Norigs Soga til Heimelesning og Bruk fyr Lærarar 15 Ark. Pris fyr Ikkje-Medlemer Kr. 2.00, bundet Kr. 2.25.
           
Segner fraa Valdris og Hallingdal ved Hallvard Bergh. 10 Ark. Pris fyr Ikkje-Medlemer Kr. 1.50.
           
Til Jol kjem bl. A. siste Heftet av Heimskringla.
           
Paa 6 bitalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likeins vert Ein Lagsmann fritt, naar Ein melder og bitalar fyr 6 nye Lagsmenn.
           
Eldre Lagsmenn maa altid hugsa aa senda inn Pengarne fyr kvart Aar i fyrste Helvti av Aaret; hellest stansar Boksendingi, so lengje til dess Pengarne kjem.