Utlandet

Daa Bismarck gjestad Wien og sikrad seg Austrikes Venskap, skal ogso Handels- og Tollspursmaali hava voret paa Tale imillom dei tvo Rikskanslerom, og det er fortalt, at dei hev vortet samde um aa faa i Stand ei ny Handelssemja til Lette fyr Umsetningi millom dei tvo Riki. Austrike og Ungarn treng Avsetnad paa Kornet sitt og Tyskland paa sine Fabrikverknadar, og kvart av Riki ynskjer sjølvsagt, at det andre ikkje skal hindra Utførsli ved høge Tollset. Men det er ikkje godt aa faa uppgjort ei Semja, som fullnøgjer baade Partar.
           
Paa same Ferdi gjorde Bismarck eit Innstig hjaa den franske Riksutsendingen, Handelsminister hev-voret, Teisserenc de Bort, og var fælt so blidlaaten. Frankrike skulde ikkje tykkja paa det, at Austrike og Tyskland hadde vortet so fine Vener, sagde han; for det kunde ikkje skipla det gode Samhøve millom Frankrike og Tyskland. Han nyttad ikkje Talen til aa dylja sine Tankar; det hadde Waddington fenget Prov paa i Berlin, og hans Ynskje um aa halda Venskapen med Frankrike uppe var ærleg meint. Han hadde Von um, at Frankrike og Tydskland skulde verta dei beste Vener, likesom Frankrike og England hev vortet, endaa dei ei Tid var grovt so hatuge paa kvarandre; men Folki var snare til aa gløyma likesom Einmenningarne. Samtalen hev vekkt Gleda i Frankrike.
           
Mot England og Turkiet hev Bismarck ogso vist sitt venlege Huglag, det gjorde han alt paa Berlinstemna, og det er altso berre Ryssland, som stend att; - det er venlaust, som det er magtlaust.til aa trøysta seg sjølv og erta Tydskararne hev det no teket til aa øla Polakkarne. Det er elles fortalt, at Bismarck skal møtast med Gortshakov ogso. Kvat tru han bryggjar paa? Er det berre den aalmenne Fred han strævar fyr?
           
Det skal no spennast, um den store Kansleren kann greida Flokarne heime likeso fint. I alle Fall er det likt til, at han ikkje fær eit Yvertal i den prøyssiske Landdag, slikt som han ynskjer det. Storparten av dei Valmenner, som er utkorade, skal vera Framstigsmenner.
           
Den franske Skuleministaren Ferry hev sagt i ein offentleg Tale, at Regjeringi er samstellt um aa ikkje ganga inn paa nokot Forlik um Artikel 7 i det Logforslaget, han hev lagt fram.
           
JakubKhan