Chr. Bruun og "Vinstre."

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(G.)
                                   
(Slutten).
           
Bruun driv paa med aa krevja Forhandling. Fristatsmennerne skal skriva; dei skal fram i Bladi, med elder utan Tilhøve, og fortelja Folk, at dei er Republikanarar, og kvat Grunnar dei er det av. Og dersom det viser seg, at ingen bryr seg um detta, so skal dei skriva like godt, skriva og skriva, til dess Folk ser seg nøydde til aa svara.
           
Eg kann ikkje tenkja meg betre Prov paa, at Fristat-Spursmaalet enno ikkje er uppe, enn detta, at Folk slik stend og krev Forhandling um det. Det er ikkje i Livet som paa eit Folkemøte, at Ein kann reisa seg fraa ein Benk og fyreslaa, at no vil me tala um det og det, og no t. D. um Republikken! Skal ei slik Sak koma upp i Livet, so maa det fyrst henda einkvart; det maa koma nokot, som eggjar Folk upp, som gjer dei uppglødde, elder harme, nokot, som i sig sjølv hev Magt til aa draga Folks Tankar i den Leid. Og daa vil det reisa seg Menn, som krev, ikkje Forhandling um Republikken, men Republikken sjølv. Daa er Spursmaalet uppe. Og daa kjem Forhandlingi sjølvminnt.
           
Lat ein Mann i Dag skriva um Republikken, og skriva godt. Mange vil lesa det, og sume vil lika det med. Og naar dei hev leset det, so vil dei segja: Ja ja, detta er godt og væl; men lat oss no fyrst tenkja paa Røysteretten! Og dei, som ikkje likar det, vil segja: Aa ja, lat dei skriva, det kjem dei ingen Veg med; lat oss berre sjaa til, at ikkje Riksraadarne kjem i Thinget! Og so vil heile det praktiske Arbeidet paa nytt venda seg mot dei Spursmaali, som er uppe.
           
Det maa so vera. Livet er ikkje nokot Folkemøte, Livet er Arbeid, strengt, aalvorslegt Arbeid, og det vil difyr altid samla Krefterne der, som Arbeidet til kvar Tid trengst. Og den jamne, sunne Utvikling krev det so. Den jamne, sunne Utvikling krev, at kvar Tid løyser sine Uppgaavur, og dei, som finn, at det er meir vigtigt aa dryfta Theoriar enn aa vera med i Dagsens Stræv, høyrer iallfall ikkje heime i Politikken.
           
Det er sannt: nye Tankar maa vakna, fyrr dei just skal brukast, og dei maa under Dryfting, fyrr de kann setjast i Verk. Men alt maa koma til si naturlege Tid og naar Livet hev Bruk fyr det; Ein tvingar ikkje slikt fram. Og u m Ein kunde tvinga det fram, fyrr Tidi var komi, so vilde Ein dermed ikkje vinna annat enn det: aa draga Folk burt ifraa sitt Arbeid.
           
Kunde t. D. Bruun no faa eggja upp Vinstre til innbyrdes Krig um eit Spursmaal, som ligg utanum Tidsyrket, so vilde han dermed einast hava gjort, at Vinstre ikkje lenger kunde utføra det Arbeidet, det no samlar seg um, og som m a a gjerast, um Folket skal vera vælhjelpt. Vinstre maatte gløyma sin Skyldnad, uppgjeva si Sak, gjeva Bakstrævet Magti og lata det gaa med Landet som det vilde, dersom det skulde fara til med slikt. Bruun talar um politisk Moral; men detta vilde vera ein so laak Moral, som han best kunde tenkjast.
           
Fristatsmennerne hev gjort sin Skyldnad, i di dei eingong hev sett Spursmaalet fram, so Folket veit um det. Striden kjem, naar Tidi er inne. Og daa kjem han god, d. v. s. med Aalvor.
           
- Men det segjer seg sjølv, at di fyrr den Tidi kann koma, di betre vil det vera. Dei, som hev fylgt meg her i Fedrah. veit, at ingen sterkare enn eg kann ynskja fri og ærleg og vitug Forhandling um dei aandelege Spursmaali. Det er altso ikkje det eg er usams med Bruun um. Men den beste Maaten aa naa fram til ei større Tid paa er ikkje den aa jamra yver si eigi Tid; den beste Maaten er den: aa taka Tidi som ho er, vera med i Striden der han stend, og soleids Stig fyr Stig arbeida Livet upp i Landet. Det er det, me bør gjera, og det hev me full Rett til aa samla oss um, alt um me veit, at me ein Dag, naar andre Spursmaal kjem upp, kann maatta skiljast.
 
 
Bruun finn, so vidt eg ser, at det Svaret, Bjørnson fekk paa sine Spursmaal um Theologien, var nokot so nær som det skulde vera.
           
Er det altso paa slike Vilkor, Hr. Bruun manar vaare Fritenkjarar ut til Strid? I so Tilfelle trur eg mest eg kann spaa honom, at dei gode Herrar vil segja Takk fyr seg.
           
Bjørnstjerne Bjørnson reiste Spursmaal um Theologien; Hr. Pastor Heuch svarad med aa skriva um Bjørnstjerne Bjørnson. Bjørnstjerne Bjørnson var ikkje Theolog, heittest det; han høyrde ikkje til dei Innvigde; um slike Ting maatte Ingen tala, som ikkje var so og so sprenglærd og ikkje kunde so og so mange framande Maal; - Bjørnson hadde ikkje Lov aa tala; Bjørnson skulde tigja! Det heile var ein endefram Freistnad paa aa skræma Diskussionen ned. - Og det Theologiske Samfundet tok det paa same Maaten. Tilslutt gav dei seg til og vilde likefrem stengja Bjørnson ut av Diskussionen. Ein Mann, som vaagad aa koma med slike Spursmaal, maatte og skulde ikke faa tala. Og daa det ikkje hjelpte aa skræma Bjørnson, so prøvde dei aa skræma Bladi. Bladi skulde stengjast fyr Kjættaren. Dagbladsstyraren, som hadde gjevet Bjørnson Lov aa koma til ords, skulde fyr den Skuld ikkje eingong kunna vera Thingmann! -
           
Det er ikkje slikt, Ein kallar fri og ærleg Forhandling. Slikt kallar Ein Forfylgjing. Og kvar frilyndt Mann, anten han no var Kristen elder ikkje, skulde hjelpa til aa protestera mot slik Aatferd. Det hadde eg ventat, at Bruun og vilde gjera. Han, som hev talat slike Ord um Fridom, som dei han talad paa Vetlehamar, og han, som so sterkt krev fri og ærleg Forhandling, ikkje minst um Kristendomen -! Men det ser ikkje ut til det.
 
 
Det er svært so uttenkte Theologarne er, naar det gjeld aa verja seg mot Dryfting av theologiske Setningar. Bjørnson maatte ikkje tala, fyrdi han hadde lært det han visste av utlandske Vitenskapsmenn; - hadde det derimot voret so, at det, han kom med, berre var hans eigne Tankar og Uppdagingar, so hadde dei sagt, at d e t hadde ingenting paa seg; for dei store Vitenskapsmennerne i Utlandet sagde ikkje so! No maa Bjørnson ikkje tala, fyrdi han ikkje er lærd nok. Hadde det derimot voret so, at Bjørnson hadde voret reint sprenglærd, so hadde dei sagt, at det nok ikkje altid var den største Lærdomen, som saag best i slike Ting; tvertimot! detta var Sanningar, som just var løynde fyr dei Vise og Kloke, men lagde klaare fyr dei - Umyndige!
           
Likso uttenkte er Theologarne, naar det gjeld aa forfylgja Folk, som hev eigne Meiningar i theologiske Spursmaal. Væl fortel dei oss, at Trui skal vera ei fri Sak, og at Ein ikkje hev Lov til aa forfylgja andre fyr Skuld deira Meiningar 1) : men i Røyndi er det likevel so, at Ein kann stella seg som Ein vil, so fær Ein likevæl ikkje Fred og vanleg Vyrdnad, utan Ein tek Kristendomen plent paa same Maaten som Theologarne. Dersom ein Mann er Fritenkjar, men held seg roleg, so han læt andre Folk faa hava si Tru i Fred, so fær han strakst høyra, at han er rædd, uærleg; dersom han arbeider med i andre aalmenne Spursmaal, og daa sjølvsagt ut fraa sitt eiget Standpunkt, men framleides læt Trui vera i Fred, so er han dessutan sløg og falsk, ein Orm, som snikjer si Forgift inn i Folk, so dei ikkje veit av det. Og ein slik Kar er langt verre enn ein klaar Fornegtar, vert det sagt. Men stig han so fram og prøver aa vera ein klaar Fornegtar elder iallfall aa reisa Spursmaal um religiøse Ting, - ja, daa vert det reint galet. Daa vert han so ettersett fraa alle Kantar, at han maa vera glad, dersom han kann faa berga sjølve si borgarlege Æra. Me kann berre lesa det som i seinare Tid hev voret sagt um Bjørnson. Og det, som er sagt offentlegt, er nok endaa det minste.
           
- I slik ei Tid, og paa slike Vilkor, innbyd Hr. Chr. Bruun til fri Forhandling!
                                   
 
Theologien vil ikkje Forhandling.
           
Eg sagde sist um vaare Republikanarar, at dei hadde prøvt aa faa i Gang eit Ordskifte um Kongedømet 2) ; no skal eg paa same Maaten minna um, at vaare Fritenkjarar og hev prøvt aa faa upp ei Dryfting av religiøse Spursmaal. Her gjekk endaa eit Tidsskrift her eit Par Aar, styrt av fullgode Vitenskapsmenn og skrivet i folkeleg (human) Tone, - som just sette seg til Maal aa gjeva Tilføre til fri og ærleg Forhandling um dei øvste Samfundsspursmaal. Men kor gjekk det? Det gode Samfund svarad ikkje; dei berre slog fast, at Bladet var eit Kjættarblad, og daa dei hadde gjort det, prøvde dei aa slaa det ihel ved aa skræma Folk fraa aa halda det.
 
 
Bjørnson vaagar seg ut mot detta Samfundet like væl; men so er han og sterkare enn vanlegt Folk. Han gjer det knapt i nokor Von um, at det skal lukkast aa faa upp ei skikkeleg Forhandling, men visst meir av di han trur aa sjaa, at den theologiske Kristendomen ikkje lenger med Sanning kann vera Grunnlag fyr Liv og Tru no, men altso maa verta til den største Skade fyr Aandslivet og Utviklingi, ja øydeleggja oss reint personlegt i Fusk og Lygn. Og naar Bjørnson ser det so, daa maa han kjenna det som ein ufraasleppeleg Plikt aa tala, anten no dei Innvigde vil svara honom elder ikkje. Chr. Bruun maa, etter det han skreiv sist her i Baldet, vera den fyrste til aa vedkjennast, at denne Bjørnsons Gjerning er tiltrengd, og at det er godt, at desse Spursmaali kjem upp, og mange vil visst koma til aa forstaa det same, etterkvart som dei fær Tak i, kor langt me i Røyndi er komne i personleg Usanning, Vanetru og Andsvarsløysa, og kor forskræmeleg mange det er, som gjev seg sjølve upp, elder tilmed vert Hyklarar, fyr aa kunna koma til Forsoning med eit tilstorknat og aandsufritt Samfund. Ein kann vera Kristen elder ukristen: Livløysa og Lygni maa Ein hata lika fullt, og aandeleg Fridom er det fyrste Vilkoret baade for sann Kristendom og fyr eit menneskelegt Liv.
           
Bjørnsons Gjerning i denne Tid er eit Fyrearbeid, som me maa tru tilslutt vil driva sjølve Theologarne til aa forstaa detta. No er dei rædde alle friare Tankar og vil ikkje vita av Forhandling. Men naar dei eingong fær sjaa, at just ved denne sin eigen Ufridom hev dei gjort, at Fritenkjarskapen i Løyndom hev vakset seg so sterk, at det ikkje lenger nyttar med Forkjætring og Skræming, daa vil dei visseleg læra aa vedkjennast, at Sanningi fyrst og fremst er Fridom, og at Vanetrui ikkje er betre enn Vantrui, men snarare i alle maatar verre.
 
1) Det er hellest fortalt, at Professorar ved Kristiania theologiske Fakultet no um Dagen endefram lærer, at Trui etter sin Natur er intolerant.
2 ) At eg gløymde Bruuns Svar til Kongen var eit Mistak av meg. Men lat meg minna             um den Maaten, som Stor-Kongeverjaren Morgenbladet tok denne Boki paa! Bjørnson burde klagast fyr Høgbrot, trur eg det slog paa; men Forhandling -!