[Paa Mogjen i Telemarkji]

Paa Mogjen i Telemarki var det Fesjaa den 12te September, skriv ein Brevsendar til oss. Endaa Veeret var stygt, vart det sagt. Det var væne Dyr. 22 av desse vart funne verduge til Præmi. Fyrste Premikui aatte Jon Aa i Høydalsmo, den andre Herbjørn Rui i Laardal, den tridje Tjøstolo Aasland fraa Mo og den 4de Torbjørn Huvestad i Eidsborg. 5 Kvigur og 4 Stutar fekk Premi; fyrste Premikviga aatte Nils Heggtveit i Laardal og fyrste Premistuten høyrde til Nikuls Breidland av Høydalsmo. (Fyrste Klasses Premi var til 12., den lægste til 2 Kr.) Etterpaa heldt Agronom Jakobsen ein Tale og sagde, at det var Von til, at Staten og vilde gjeva ei Haand med litt aa stydja Fesjaai her paa Mogjen; hellest totte han, at det i Aar ikkje var fullt so gilde Kyr som ifjor; men det kunde koma av den kalde og regnlege Sumaren. So kom Aslak L i fraa Rauland upp aa Talarstolen. Han talad um Kvinna, som han sagde mykje gildt um, endaa han meinte han skulde gjort det endaa betre, um det hadde voret klaarare Veer. Deretter talad Olav Sandland, nokot um Fesjaaet og nokot um Politikken; ærleg talad han fyr Vidking av Røysteretten og fyr veksande Upplysning. Det sluttad med eit Hurra fyr Mogjens Framtid som Fesjaaplass, og so tok Kreturhandelen til. Det vart selt ikr. 40 Kyr, men Prisarne var laage; 14-30 Spd. var Jamnaden; 2dre Premikui vart jamvel seld fyr 32 Spd.