[Høkeraand og Høkerklokskap]

Høkeraand og Høkerklokskap. (Tilsendt). Fyrstelæraren ved Aalmugskulen i Mandal hev 1000 Kr. (250 Spd.) i Løn, Andre- og Tridjelæraren hev 880 Kr. (220 Spd.) dei arbeider paa Skulen 33 Timar um Vika.
           
Som me ser er Løni so knapp, som det væl gjeng an, og som Ein kann venta det fraa Mandal. Men fyr aa lokka Folk til aa søkja paa desse Postarne, hev dei mandalittiske Fedrarne lyst ut i Bladi, at efter 3 Aars Tjeneste kan Førstelærer erholde et Løndstillæg af 1 0 0 Kr., og atter efter 3 Aar 100 Kr. Paa same Maaten kann 2dre og 3die Læraren etter 3 Aars Arbeid faa 60 Kr. i Tilleg o. s. fr. Og so hev Folk søkt. Men no kjem det utrulege. Naar Lærararne hev arbeidt i 3 Aar og so hev søkt um aa f a a det utlovade Tillegget, so hev Kommunestyret negtat.
           
Ein av Lærararne hev arbeidt i 17-18 Aar, ein annan i 6-7 Aar, den tredje i 5-6 og den 4de i 3-4 Aar; dei hev eit Par Gonger søkt etter Tillegget, og kvar Gong hev dei havt Anbefaling fraa Skulekommissionen og alt i Orden etter Lysingarne; Formannskapet hev sagt Ja, men Repræsentantskapet hev sagt Nei, ein Gong med 4 Røyster, og den siste Gongen med 9 imot 8, altso med ein Manns Yvervigt.
           
Men kor kann slikt vera Raad? Kor kunde slikt gjerast?
           
Jau, naar det gjeld Pengar, so kann ein Høker, til- med ein ifraa Mandal, vera sløg. Dei Mandalske Fedrar hev vist seg aa kunna ein Logik trass i nokon Prokurator.
           
Lysingarne segjer: etter 3 Aar kann Læraren faa Lønstilleg. Men no segjer Fedrarne i Mandal; Eit slikt kann kann likso godt tyda kann ikkje! Naar det berre stend kann og ikkje skal, so vil det segja, at me i den Saki hev Rett til aa gjera plent som me vil og det trass i baade Skulekommission og Repræsentantskap. - Paa den Logikken hev Saki fallet. Og paa den Logikken vert daa Lærararne snytte fyr sine stakars surt fortente Skillingar.
           
Denne Soga er so merkjeleg, at ho bør verta kjend. Det vilde vera ille um Folk ikkje fekk vita, kor kloke og fintenkte dei Mandalske Fedrar er, naar det gjeld aa spara Pengar og knipa sine Skulelærarar! Andre Blad bør taka Sogaupp.