["Fedraheimen"]

Fedraheimen gjeng i denne Tid litt utum Programmet sitt ved aa taka upp eit og annat Stykke paa Dansknorsk, - ein Ting som hellest ikkje letteleg hender, av di Maalmennerne enno er væl veike til aa vera fullt liberale i den Vegen. Men Chr. Bruun maa have Lov til aa verja seg i same Bladet han er paateken i, alt um han ikkje kjenner seg god til aa skriva Bladets Maal, og ei Mann som Bjørnstjerne Bjørnson skal nok minst me Maalmenn negta Rom, me, som hev honom so mykje aa takka fyre.
           
Ein Ting er sann: Fedraheimen er ikkje meint paa aa vera eit Blad til Dryfting av religiøse Spursmaal; dertil er det for litet og hev for mange andre Uppgaavur. Men i ei Tid, daa Folk legg seg etter aa skræma Ordskiftet ned, og daa dei serleg legg Bjørnson fyr Hat, fyrdi han er djerv nok til aa segja det han tenkjer, - i ei slik Tid vil det vera rett aa visa, at i vaar Fylking er Folk ikkje rædde fyr Forhandling, i vaar Flokk er Aanden friare og Trui klaarare enn til aa maatta verja seg med Stengjing og Tvang.