Utlandet

Frankrike. Den franske Justitsminister Leroyer hev arbeidt ut eit Forslag til Umbot i Rettssskipnaden. Etter dette skal Talet paa Yverretterne setjast ned fraa 27 til 19, og Talet paa Underretterne skal minka fraa ikring 360 til 150. Det kjem mange Domarar og Notarar til aa verta avsette, og deim lyt Staten halda skadeslause; men dei, som vert attverande, kjem paa so mykje betre Vilkor, at dei skal greida 2 Tridjepartar av dei 30 Millionar Frank, som skal leggjast i Skadebot til dei hine. Denne Umboti vil setja Regjeringi i Stand til aa reinska ut dei republikfiendske Domarar utan aa krenkja Læra um, at Domararne skal vera uavsetjande. Ministeren Lepère sagde her ein Dagen, han saag yver nokre Festningsverk: Me vil Fred og berre Fred; men skulde nokon vilja nokot annat, so er me reide. Jules Simon, som i Sumar fann fyr godt aa reisa eit illhervelegt Motstand mot Ferrys Skulelog, hev ikkje vunnet annat enn aa leggja seg ut med alle Republikanerar og rimelegvis gjera seg umogleg fyr alle Tider. Den Ros, han tek inn fraa Bakstrævarsida, er hans Trøyst, men vil vist litet muna til Uppnaaing av hans Formaal, som visst ikkje var nokot mindre enn aa kasta den noverande Regjeringi og faa Gambetta til aa fortaka seg paa denne Saki, so han sjølv kunde koma til magti. Gambetta ber han fra gamalt eit Agg til, honom held han med retto fyr den største Hindringi fyr sine æresjuke Formaal.
 
Den italiske Finansminister hev lagt fram fyr Thinget det fyrste Utkast til Budget fyr 1880. Det sviv ikring 1400 Mill. Lire (ikr. 980 Mill. Kr.), og viser eit Underskot av 6 Millionar.
 
Tydskland og Austrike er Ov-vener vortne. Samstundes er det likt til, at Venskapen millom Tydskland og Ryssland hev kolnat meir og meir. Ikkje eingong ved Venemøtet millom dei tvo Keisarar synest han aa ha vermst upp att nokot, som nokot er. For dei var ikkje fyrr komne kvar til sitt, fyrr enn Avisurne i baade Land tok til aa skjella paa same Visi som fyreaat. Og Uttal, som er fallne fraa de tvo Rikskanslerar Bismarck og Gortshakov, tyder paa, at det gamle Agget deim millom enno er vaket; iallfall ser det so ut; men sume segjer, at heile Fiendskapen er berre Komedispel, og at Meiningi aat Bismarck er aa lokka Frankrike fram og faa det til aa sjaa ut, som det er hugad paa eit Samband med Russland, og derved vekkja Englands Mistillit imot Frankrike. Men kor som er, til rett aa visa sitt venlege Huglag imot Austrike og det vil i desse Høve segja det same som aa vera det motsette imot Ryssland hev Bismarck nettupp gjort ei Ferd ned til Wien og vortet fagnad med stor Æra av baade Folk og Drotten. Her hev han daa samraadt seg med sin gamle Ven Andrassy, som no tok Avskil, um dei politiske Spursmaal, og sikrat seg, at Austrikes Utrikspolitik under Andrassys Ettermann kjem til aa ganga i same Sporet som fyrr. Ferdi hev ikkje annat Formaal enn aa styrkja Freden, er det sagt. Til Andrassys Ettermann skal Baron Haymerle vera utnemd.