Utlandet.

Utriksministeren fyr dei nord-amerikanske Sambandsrike hev sendt Riksutsendingarne i Utlandet (England, Tyskland, Danmark, Norig-Sverik o. fl.) eit Rundskriv um, at dei maa halda Regjeringarne til aa hindra, at det flyt Folk til Sambandsriki fyr aa gjera Logbrot, og difyr negta Mormonproselytar aa fara ut. Avisurne i England og jamvel i Amerika utalar seg kvasst imot slik Inkvisition um Folks Trudom.
           
I Afghanistan er det Uppreist. Den 3die Septbr. styrmde upprørske Soldatar mot den engelske Riksutsendingi sitt Hotel i Kabul og kravde den Løni, dei hadde tilgode. Byfolket sluttad seg til deim. Emiren Jakub Khan sende Sonen sin ut til Folket, men Mengdi let seg ikkje styra, og Upprørararne gjekk laust paa baade Slottet og Utsendingshotellet, som dei fekk sett Eld paa. Den engelske Riksutsending, Lord Caragnari, og heile Fylgjet hans (Sekretær Jenkins, Lækjar Kelly, Løytnant Hamilton og Andre) vart ihelslegne. Englendingarne held Emiren fyr aa vera medskyldug og vil paa nytt gjera eit Varp mot Kabul fyr aa setja Age i honom. 3 Regiment upprørske Afghanarar hev teket vegen ut i Landet, kvat veg veit Folk enno ikkje, og det vil vara nokre Vikur, fyrr Englendingarne naar fram, so Upprøret fær Tid til aa veksa seg stort. Afghanistan høyrer til det Millombelte, som etter Konventionar av 1869 og 1877 millom England og Russland korkje maa verta engelsk elder russisk, men ein Traktat med den nye Emiren gjer Landet likvel til so godtsom ein engelsk Provins. Russland vil difyr kannhenda ikkje sjaa rolegt paa, kvat England gjer i denne Saki.
           
Fleire Beduin-Ætter i Nord- Arabia hev gjort Uppreist mot Porten (Turkeveldet) og sett seg fast ved dei Vegjer, som Pilegrimsferdi til Mekka maa fara. Sultanen hev medgjevet Karavanen 2 Fotfolks-Bataljonar og fleire Kanonar, so Pilegrimarne i 1879 fyr fyrste Gong kjem med fullt Artilleri til Profeten si Grav.
           
I India er og gjort eit mindre Uppreist; men det er alt mest kjøvt. Endeleg ser det ut fyr, at Kongen i Birma, som hev drukket Vitet fraa seg, vil reisa Krig mot England og.
           
Dei russiske og tydske Blad heldt Fred, medan Keisarmøtet stod paa. No skjendest dei som fyrr. Nokre Blad segjer, at ein Grunn til Striden var, at nokre vigtuge Papir vart fraastolne den tyske Sendemannen i Petersburg, utan at dei hev funnet Tjuven. Dei inneheldt Upplysningar um kvat Sendemannen hadde seet og høyrt i Russland.
           
Zulukrigen er mest slutt no. Soldatarne er i Faret aat Kongen, og dei vonar aa taka honom snart. Folket gjeng meir og meir fraa honom, tri av Brørne hans og fleire Hovdingar hev yvergjevet seg.