Til Innsendarar og Lesarar.

Bladet hev litet Rom no til aa taka inn Brevsendingar o. d., so lengje det kjem berre 1 Gong i Vika. Dei Herrar Innsendarar fær difyre ikkje tykkja paa, um dei ikkje altid fær sine Stykkje inn. Men driv paa og samla Tingarar, so me kann faa Bladet upp att, og mana paa dei gamle, at dei betalar! Det er det einaste, de no kann gjera.
           
Som fyrr sagt kann eg ikkje innlata meg paa aa senda utekne Stykkje tilbake. Av Stykkje, som det mest er visst ikkje kjem inn, nemner eg: Stykkje um Maalet, Brevsendingar utan nytt, Vers, og i det heile lyriske Saker, anten dei no er sette paa Rim elder ikkje. Segner, Æventyr og Rispur vert imottekne, naar dei er gode og nye.
                                                                       
Utg.