Fraa Val-Striden.

[Del 1 av 2.]
 
(G.)
 
Her eit Aar var eg i Sætersdal. Eg laag med Notti paa ein Gard, som eg her ikkje skal nemna, og Mannen eg var hjaa, var ein av dei likaste i den Bygdi. Eg trur plent han var nokot stort i Bygdi og; det tor eg hellest ikkje segja so visst no lenger. Men det kann eg segja, at det var ein snild og væltenkjande Mann, som eg ikkje paa nokon Maate vil segja nokot vondt um. Den Gongen var eg fælande upolitisk, og sette endaa eit slags Æra i aa vera det, slik som mange Folk enno gjerer; men kor det var elder ikkje var, so kom eg likevæl til aa prata litt Politikk med denne snilde Verten min. Det viste sig daa, at han var ein god (konservativ) Borgar, som paa ingen Maate kunde lika korkje Sverdrup elder Jaabæk. Naa-ja! gjerna fyr meg! men kor det gjekk elder ikkje gjekk, so kom eg likevæl til aa tala nokot meir um Sverdrup; han var ein stor Talar, sa eg, og ein av vore merkjelegaste Menn i det heile, sa eg, alt um no ikkje eg forstod meg stort paa Politikken hans naturligvis. Til Slutt spurde Bonden, liksom han vart meir og meir forundrad yver det eg fortalde: ja men ko er han daa fyr noko, den Sverdrup? Ko han er fyr noko? eg sat som forklumsad; eg forstod ikkje Mannen. Ja ko gjer han? han er kji paa Storthingje, veit eg? - Eg stirde raadlaus paa min snilde Vert og tenkte: tru du vil hava meg til Narr? Men nei; han saag altfor ærleg ut til dess. Til slutt vaagad eg meg til aa svara. Javisst er han daa paa Storthinget, sagde eg; det veit du daa væl? Nei ja so, er han paa Storthingje. Men ko gjer han der daa? spurde Mannen, Ko han gjer -? eg vart meir og meir forfjamsad. Han gjer det same han som andre Thingmenn, veit eg; hellest er han Præsident . . . . Jaso, svarad Mannen. Men kjære vene, sette eg i, veit ikkje du det, du, som sagde, at du ikkje kunde lika Sverdrup? Nei, han visste daa ingen Ting; men han hadde høyrt Presten hadde sagt, at Sverdrup skulde vera slik ein leid Mann, og det same stod i Bladi au. Kvat er det fyr Blad du les daa? spurde eg. Aa, det er Almuvennen, det, svarad Mannen.
           
Næste Notti laag eg paa ein annan Gard ikkje langt derifraa. Daa eg kom inn der, sat fleire Bønder inne, baade eldre og yngre. Eg hadde knapt komet meg til Sæte, so tok desse Bønderne til aa spyrja meg ut um Jaabæk og Sverdrup, Det varde ikkje lenge, fyrr det viste seg, at desse Bønderne visste mykje meir um baade disse Mennerne og um Politikken vaar i det heile, enn eg, som no skulde vera baade Kristianiamann og alt, og eg kunde sannt aa segja ikkje svara naame-nær paa alt det dei spurde um. Dei kjende til alle dei større politiske Dagsspursmaal, visste korleids dei store Førararne hadde røystat i dei ymse Saker og mangt annat, som eg Skam aa segja heldt det fyr ei Æra aa ikkje kjenna til. De les mykje Avisur, de? spurde eg tilslutt. Aa nei, ikkje just det; - ja me les Verdens Gang og Folketidende, svarad dei. Fraa den Stundi trudde eg ikkje paa det, at di folkelege Bladi gjorde Folk dumme. Desse sæterdalske Bønderne var meir intelligente og hadde meir Vit i vaare offentlige Spursmaal enn baade eg og mange av mitt Slag, endaa Bønderne berre las slike Filleblad som V. G. og Folketidende, medan me der inni Kristiania las sjølve Morgenbladet, ja tilmed Aftenposten, som er no so uendelig vis i alle Ting, ja visare enn baade Vis-Knut og Syne-marta. Det segjer seg sjølv, at desse Dalemennerne, som las slike folkelege Filleblad, var kav folkelege og jaabækske i Politikken sin, og at dei var reint glade i Sverdrup.
           
Eg maa ofta tenkja paa desse mine tvo Ferdaminne fraa Sætersdal no, daa eg ser paa Akerhusingarne og deira Strid um Thingvalet sitt. Akerhusingarne er bytte i tvo Fylkingar. Den eine Fylkingen held paa Sverdrup, den andre er imot Sverdrup, og det er ikkje fritt at denne siste Fylkingen so smaatt prøver paa, um det skulde vera Raad aa faa Sverdrup - ut or Thinget.
           
Men naar Ein høyrer paa dei Grunnarne, som driv desse mot-Sverdrupske Bønderne, so er det tidt so eg lyt minnast min snilde Vert fraa Sætresdalen, han som paa ingen Maatekunde lika Sverdrup. Dei veit ikkje større nokot um, kvat Sverdrup i Røyndi hev gjort, og kvat Mann han i Sanning er; men dei hev høyrt av Presten, elder av Kaksen, at det skal vera slik ein leid Mann, og det same segjer Almuevennen.
           
I det heile: det aa vilja taka ut or sitt Riksthing Landsens fyrste Statsmann, den Mannen, som i Grunnen alle maa vyrda, endaa naar dei hatar honom mest, - det er ein Tanke so molboisk, at Ein aldri kann tru annat um dei, som er med paa slikt, enn at dei maa hava heile si politiske Uppfostring fraa Almuvennen elder Aftenposten.
           
Aa taka Sverdrup ut or Thinget no, vilde vera mest som aa svimeslaa det. Heile Thinget er liksom bygt upp um Sverdrup; hans Tankar er Sjæli i Verket; alle Thingmenn er valde med Avsyn paa honom, valde til aa stydja Sverdrup elder til aa motarbeida Sverdrup; Sverdrup er Grunnen i alt; han er den, det heile sviv um. Dei store Sakerne, Thinget no skal avgjera, hev han Traadarne til; hans Arbeid ligg paa alle dei fremste Punktarne til Grunn fyr det, som heretter skal gjerast, og hans uvanlege Kunskapar, hans lange og rike politiske Røynsla, hans djupe politiske Syn og hans makalause Gaavur til aa øva Kritikk og til aa greida ut i eit Ordskifte, er altsaman Ting, som trengst no meir enn nokotsinn fyrr. For Tiderne er harde, og Spursmaali stend i den høgste Spaning. Ein maatte vera reint fortryllt, dersom Ein under slike Høve skulde finna det rett aa taka den førande Aand og Landets største politiske Dugleik ut or Nilsens Thing.
                                                           
( Meir.)