Eit og annat fraa ei Englandsferd.

[Del 7 av 14. Fyrste delen.]
 
Dover.
                       
(Framhald.)
           
Det er vel inkje rimelegt, at nokon av Fedraheimens Lesarar er Skipseigar, men i so Fall er eg viss um, at han hev høyrt gjetet The Downs, og at det grys i han, naar han høyrer Namnet. The Downs er ein open Red millom Goodwin Lands og Byen Deal, umkring ei norsk Mil nordaust fyr Dover. Hit kjem alle Skip, som skal fraa Nordsjøen inn i den engelske Kanalen, og naar dei kjem hit, møter dei ofte Sudvesten og kann inkje koma lenger, og daa hender det, at det samlar seg fleire hundrad Skip her og ventar paa Medvind, og her ligg dei tolleg trygt og fyr det meste. Men det er i Dover som andre Stader ein og annan, som lever kristeligt og nærer sig av Vrag, Folk som liver av aa reparara Havaristar, og Losar. Dei ynskjer ingenting betre enn at den gode Gud vil senda ein for-rjukande Storm av Nordaust, for daa veit dei, at dei fær Fortenesta fyr lange Tider. Ja, daa er det inkje trygt paa The Downs, naar Nordausten kjem susande fyr Aalvor og velter Sjøarne inn paa Reden. Det vantar inkje paa Uversfuglar helder, for dei engelske Losarne dei er daa so snøgge som Stormen og lokkar Skipsførararne til aa stikka fraa seg Anker og Kjetting, og so tørnar Skipi mot kvarandre og lyt sjaa til aa koma under Segl det snaraste dei kann, og so sigler heile den kvæstede Seilerflok som skræmde Duvur ned mot Dover, og der skortar det inkje paa dei, som tek imot dei, og som takkar Gud og det salte Vand fyr Livebraudet sitt. Baketter fiskar Losarne upp Ankeri og Kjettingarne og tener mange Pengar, men myket vert aldri uppfiskat og vert liggjande der til Mein fyr dei Skipi, som etter kjem og fær Ankeri sine ihopfløkte med dei, som ligg der fyreaat.
           
Var eg Sjømann, trur eg visst eg kunne skriva myket forvitnelegt um detta, men desverre, eg kann inkje.
           
Ein av dei siste Dagarne, eg var i Dover, var det ein overhendig Nordaust-Storm. Eg laag i tridje Høgdi i eit Murhus, og Huset vaggad att og fram heile Natti, so eg nær hadde vortet sjøsjuk. Eg hev nok voret ute fyr slikt Veer i Norig og, og sovet i Hus, som hev vaggat paa seg, men det hev voret Trehus, og dei veit eg er seige, men eit Murhus, totte eg, kunne lett brotna tvert av i slikt Herrens Veer. Endaa skulde eg nok fenget sova kannhenda, hadde eg inkje leget og tenkt paa alle dei stakkars Sjømennerne, som eg visste stridde den siste Striden eit litet Stykke ifraa meg. Dagen etter fekk eg høyra, at fleire store Skip hadde gjenget under med Mann og Mus, heile Hamni laag reint full med Skip, som var komne ned fraa Dovns, og ein stor Italienar, som inkje kunne sleppa inn, reid av Stormen utanfyr. Ein Hest hadde tullat i Sjøen um Natti og kunne inkje kravla seg upp att, og det var slik Sjø, at det var umogelegt aa bergja han. Han laag ein heil Time og sumde umkring og skreik reint som eit Barn, og so sakk han.
           
 
Detta var ein Sunndag, og eg fekk slik Hug paa aa ganga i Kyrkja; eg tenkte: paa slik ein Dag vil det gjera godt aa samla seg i Bøn til den eine sanne Gud. Dermed gjekk eg til den katholske Kyrkja, daa eg hadde høyrt det skulde vera slik fager Gudstenesta der. Nettup som eg skulde inn, kom det dragande ei 4-500 Soldatar; Helvti av dei gjekk i den reformerte og Helvti i den katholske Kyrkja. Daa eg saag de kløvvdest i tvo Flokkar, kvar med sine Offiserar, vart eg reint kald med ein Gong. Detta var inkje aa samla seg i Bøn, verre kunne det inkje vera, um det var tvo Gudar. So kom eg til aa tenkja paa det og, at eg inkje hadde Pengar paa meg, og den som vil ganga i ei engelsk Kyrkja, lyt hava Pengar. Det er so mange friviljuge Offer baade til det eine og andre, so ein vert til Spott, um ein er pengelaus. Detta var nettupp i den Tidi, daa Russen heldt paa og skulde taka Plevna, og Engelsmennerne var endaa meir gudelege i den Tidi enn ellers og ofrad myket til Missionen, so Gud skulde gjera so væl og lata Muhamedanarne vinna paa dei Kristne.
           
Eg hadde inkje Hug paa aa kuvenda, so Folk saag paa det, og dermed gjekk eg inn. Eg lagde Merke til, at alle, som kom inn, bøygde det eine Kneet, naar dei kom eit Stykke burtimot Alteret, um det var fyr Presten elder fyr ei Fjødr av Vengen til Erkeengelen Mikael, elder fyr det Sverdet, som Bileam ynskte han hadde havt, daa han inkje hadde nokot til aa drepa Eslet med, veit eg inkje. Eg freistad paa aa gjera som alle hine, men eg vart so stinn i Beinet, nett som eg skulde til. Eg var komen i det kritiske Sur-laget, ingenting likad eg. Eit Songarkor song falskt, eg vilde inkje tru det i Fyrstningi, men det var so. Presten stod framfyr Alteret med Ryggen til Folket, men ender og daa snudde han seg um, gjekk eit Steg til høgre og eit til vinstre, slo ut med Armarne, og slo ihop Henderne, og so gjorde han heilt um att. Han hadde inkje voret ille til aa dansa Fransæse, tenkte eg. Daa han kom paa Preikestolen, talad han fælt godt paa ei Vis, men eg totte han var kunstig. Kvar Gong han nemde Kristi Namn, lettad han paa Kalotten, men inkje, det eg saag, naar han nemde Gud. Han lagde ut um Domedag, so det var ei Bisn aa høyra paa. Han fortalde um korleids Guds Born stod upp fraa dei daude, naar Doms-Basunen let, og at dei skulde hava just same Kjøtet paa seg (og so tok han eit Tak i Armen sin og riste), som dei hadde her i Verdi, og det stod slik Ange av dei og slik Glans, so dei kunne inkje kjenna seg sjølve att, so gilde var dei. Dei gudlause skulde og standa upp og bu i same Kroppen som her paa Jordi, men Kroppen deira skulde vera reint roten og full av Verk og Pine, og det skulde standa slik Illtev av han, at det inkje var til aa halda ut, og daa skulde dei segja til Gud: Me kann inkje bu i denne Kroppen, men Gud skulde svara, at han hadde skapt Kroppen til eit Herrens Tempel, men dei hadde sjølve gjort detta Templet til ein ufyseleg Bu-Stad. So gav Presten seg til aa tala um Helvite og preikad, so det gruste i meg, um eit stort Hav av brennande Bek og Tjøra, der dei fordøme skulde æveleg pinast; han preikad, so eg totte eg kunne høyra det brann og putrad og kokad og saud han tok alt reint etter Bokstaven. Det baud imot i Fyrstningi, men han talad so varmt, at han reiv meg med seg, men daa eg hadde høyrt paa detta ei Stund, kom det liksom ein Tyngsel yver meg, kann henda fyr di det leitad so paa aa fylgja med paa det framande Maalet. Eg heldt paa og skulde somna av. Til inkje aa dubba, so Folk saag paa det gjorde eg nokot, som eg fann paa eingong eg var i eit Selskap og høyrde dei las upp Keiser og Galilæer. Daa sette eg Pipehovudet mot Læret og studde Hovudet mot Munn-Bitet; kvar Gong eg somnad av, gleid Pipe-Hovudet av Læret, og detta vekkte meg. Men Ulukka var, at Røyri sat so laus i Hovudet, at ho gjekk ut kvar Gong og sette ein rund Ring av Tabaksoljen paa den ljose Broki mi. Dagen etter talde eg seks slike Ringar. No skulde eg gjera sameleids og studde Hovudet mot Staven min, og den stod so stødt, at eg inkje dubbad, men so heldt han meg inkje retteleg vaken helder. Eg tok til aa drøyma um eit brennande Hav og ein stor Djevel med ein Blaasebelg. Takomtil stakk eit Manne-Hovud upp or Vatnet og maulad Eldsmyrja millom Tennerne, men so kom det ein Smaa-Djevel med ei Eldtong og stakk han under att. Eg kjende liksom ein Tev av svidt Kjøt, og totte den Vonde sjølv stod og nid-glodde paa meg, endaa eg inkje kunne sjaa han. Sistpaa gjekk alt rundt, det tok til aa dansa umkring, Menner og Kvinnur og Djevlar med gloande Tenger etter dei i eit villt Jag, og det var liksom nokon nappad etter meg og.
           
Er du spikende galen, sit du her og søv. Skunda deg og ver med meg, det stend ein diger Tyskar paa Land i Deal.
           
Eg skvatt upp, det var ein Kjenning, som var komen inn fyr aa leita etter meg, og som hadde nappat i meg. Eg vart med ut, den friske Vinden slo mot oss, det var liksom eg hadde voret burte fraa Jordi eit Bel. Aldri hev eg skynat so godt, korleids det kunne bera til, at Katholikkarne var so harde til aa brenna Kjættarar i gamle Dagar og gjerne gjorde det endaa, um dei slapp til. Takke meg daa Gudstenesta i dei reformerte Kyrkjurne, eg var i, den var mynstergod, totte eg. Men skulde eg inkje høyra annat til Kristendoms-Læra, enn eg høyrde den Dagen, kom eg anten til aa ganga fraa Vetet, elder til aa verta ein Kjættar-Brennar, elder til aa verta reint forherdad. Slike Prestar var det vel, som fekk Kristendomen i slikt Forfall i fyrre Aarhundrad.                            
 
( Meir.)