[Notisar]

Kristiania, den 12te September 1879.
           
Ein Brevsendar fraa Nørdre Bergens Fylke skriv um den nye Thingmannen Livius Smitt: Paa Diskussionsmøtet fyre Valet gav han det Inntrykk, at han ikkje er so stor Høgremann, som baade eg og fleire hev trutt. Han er ein ærleg Mann, som ikkje held att sine Meiningar. Liljedal er ustød i Meiningarne um han hev slike daa -; men kanskje han stødnar, naar han kjem i Elden. Han er hellest ein Mann med godt Hovud.
           
- I alle Tilfelle trur eg, og fleire til meg, at Høgremennerne til eit annat Val skal verta reint slegne, for Vinstremennerne hev denne Gongen lært, at det gjeld um aa halda stødt ihop og ikkje sjaa korkje til den eine elder den andre Sida. Ein annan Brevsendar er sterkt misnøgd med Valet og trur, at Smitt er rein Høgremann og Liljedal ein Slingrar. No fær me sjaa.
 
Thingval. Den 10de Septbr. vart uppattvalde fraa Rogalandsfylket til Thingmenn:
Eskeland med 58, Øverland 54, Kolbenstvedt 53, Ueland 49 og Storsten 49 R. Til Varathingmenn valdest: Lensmennerne Ueland (49), Oftedal (40), Klokkar Sigmundstad (39), Amtsskulestyrar Aanestad (37) og Klokkar Storsten (25 R.) Valet er godt, Lukka hev voret betre enn Vitet denne Gongen og: det er nemleg so, at Rogalendingarne ikkje liver med i Rikslivet. Det er ingen Landsbolk, der so faa møter upp ved Valmannsvali som i Rogaland. At dei likvel hev fengjet so gode Menn fram, hev dei mest det aa takka fyre, at Bakstrævsmennerne ikkje dreiv nokon Agitation. Men kor lengje var Adam i Paradis?
 
I Romeriksfylket er dei no ferduge med Valmannsvali. Det er arbeidt hardt paa aa faa Sverdrup kastat, og endaa meir paa aa hindra, at Berner vert vald. Likvel er det god Von um, at dei vert valde baae. Derimot ser det illt ut med Selboe sitt Val. Professor Dr. O. J. Broch hev svarat paa eit Telegram, at han ikkje er Storthingskandidat og ikkje ynskjer aa verta vald til Thinget.
 
Embætts-Utnemning. Øvsteløytnant U. Rosenberg til Plassmajor ved Akershus Festning, Kand. P. Motzfeldt til Politifullmegtig i Throndheim, Kand. H. V. Tranaas til Fullmegtig i Finants-Dept.
 
Avskil. Resid. Kapel. Andersen i Kristiania med Etterløn Kr. 3200 og Fullmegtig i Indre-Dept. Bukier med Etterløn Kr. 1200.
 
Øvsteløytnant Karl Bassøe do nyst, 68 Aar gamal. Han var ein hæv Officer og vel likt av Alle. I 1841-45 arbeidde han i Fyrverket og hev byggt Utsire, Stavnes og Kvitholms Fyr. Han var kjend som ein Mann med Kjempestyrke. I 1849 var han nede i Eckenførde og sat ein Kveld inne paa eit Vertshus. Nokre Studentar fraa Kiel sat og drak Øl, og ein av deim rende Skallen mot honom. Han stend upp og tek i: Min Herre! Ja, min Herre! svarar Studenten, det var ei tysk Helsing til Velkoma, me brukar aa helsa slik hjaa oss! Vel, min Herre! svarar Bassøe med den blidaste Smilen sin...Dykkar Hand, min Herre! Studenten retter honom Handi og Bassøe trykkjer til, so Blodet piplar fram under Neglerøterne aat Tydsken og Studenten sig i Kne krit-kvit i Andlitet. Dei andre vert forfælde og stirde paa den Framande, som dei ikkje kjende. Men han set seg lognt ned og segjer med den djupe Basen sin: Det var ei norsk Helsing, mine Herrar, me brukar no aa helsa so hjaa oss!