[Fraa Nordenskiold]

Fraa Nordenskiold kom endelig Tidend den 4de Septbr. Den 28de Septbr. 1878 fraus Fartyet hans, Vega, som me veit, inn ved Serdze Kamen (Hjartekletten) paa Tshuktsherhalvøyi, og der vart det liggjande til 18de Juli 1879, 320 Jamdøger. So siglde dei um Austkap 20de Juli og hev sidan lagt Vegen um Lorentzbugti, Port Clarence, Konyambugti, St. Lorents- og Behringsøyi og kom den 3dje Septbr. til Yokohama i Japan. Heimferdi tek Fartyet kring India, um Aden og gjenom Suezkanalen. Dei Vitenskapsmenn, som fylgjer med Fartyet, og som alle liksom heile Mannskapet hev voret friske den heile Tid, er: Professor A. Nordenskiøld, Botanikaren F. Kjellmann, Zoologen Dr. A. Stuxberg, Lækjaren E. Almqvist (svenske), Fysikaren Løytnant A. Hovgaard (dansk), Hydrografen Bove (italisk) og Zoologen Nordqvist (finnsk). Skipsførar hev voret Løytnant L. Palander, Næstkommanderande Løytnant E. Brusevitz (svenske). Mannskapet 17 svenske Sjømenn fraa Karlskrona Orlogsstation, 1 Sjomann fraa Gotland og 3 norske Fangstmenn (fraa Trums). Nordaust-Passagen er altso funnen, men nokon trygg Handelsveg ser detta likvel ikkje ut til aa verta.