[Norskt Maal i Folkeskulen]

Norskt Maal i Folkeskulen. Skulestyret hev no sendt ut eit Rundskriv til alle Stiftsdirektionar um, at dei skal taka inn i Skuleplanarne sine fylgjande Fyreskrift:
 
Undervisningen i Almueskolen bør saa vidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog. 1) Efterhaanden opøves dei at forstaa og skriftlig 2) at udtrykke sig i det almindelige Bogsprog.
           
- So langt er altso Saki greidd. Det gjeld no berre um, at ho fraa Skuleplanarne kjem aalmennt inn i Livet. Detta bør Folk halda Auga med, og finst det nokonstad ein Autoritet, som er so over-loyal, at han vaagar aa setja seg upp baade mot Storthing og Regjering, altso mot heile Riksens Raadsmagt, so bør ikkje slikt tigjast med. Saki er aalvorsleg og lyt takast med Aalvor.
           
Me set hellest vaar beste Von til Lærararne, serleg dei yngre. Og den Voni skal knapt svika.
 
1) Altso no ikkje lenger berre i den fyrste Skuletidi, men heile Skulen igjeno . Bldst.  
2) Altso ikkje no lenger mundtligt.                                                             Bldst.