Utlandet.

Sluten av Talen aat Ferry i det franske Folkething. Han trudde, sagde han, at han fyrre Dagen hadde ført fram Røynslor, so som kravt var. Korleids skulde no Ministrarne og Regjeringi te seg framfyr desse Røynslor? Skulde ho, som Lamy hadde meint, fyrst og fremst vaka yver Samlagsfridomen fyr alle og møta Aagripi fraa Jesuitarne berre med Vanvyrdsla? Det gamle Styrestell hadde Verjor imot Faaren fraa Kyrkjemagti, som det moderne Samfund vantad. Det finnst ikkje lenger nokor absolut Magt, men ei Regjering, studd paa den aalmenne Meining. Naar no Foreldri tykkjer Mun i aa faa lært upp Borni sine i det gamle Styrestellet (Staak paa Høgresida), so kunde andre falla paa aa stifta Handverkarskular, som gav ei Upplæring, som var Kommunen til Lags. Kunde Ein hava Von um, at Verkningarne av den svarte Internationale skulde gjerast meinlause ved Itaki aat den raude Internationale? Det vilde vera stor Daarskap, for full Lærefridom vilde spela heile Upplæringi i Henderne paa Jesuitarne. Det var sannt, Republiken hadde vunnet yver eit Samband, som dei klerikale Parti var med og spelad ein vigtug Rolle i, men det var ikkje nokon Grunn til aa leggja ned Vaapni. Ein fekk ikkje gløyma, at Frankrike hadde vortet frelst berre ved ei Røyst i Yvertal, og at Freistnaden den 16de Mai nære ved hadde vortet eit Statskup (Samtykkje fra Vinstre). Det vøre daa altfor lettvinnt fyr det klerikale Parti, um det skulde vera so, at det berre turvte koma til Republiken, so skulde det strakst eiga full Tillit. Den store Mugen af Landsfolket leet seg ikkje lokka, for det hadde gjøymt paa Minni fra 1789, og Grunnsetningarne fraa den Tidi var eit Evangelium fyr det, men so var det ikkje med Byborgararne. Var det aa ynskja eit Samfund, der Landsfolkssønerne utgjorde tvo fiendlege Læger? Kravi aat den aalmenne Trygd galdt det um i fyrste Romet. Regjeringi maatte faa Rett til aa løysa upp eit Samlag som Jesuitarne, som forgifter den franske Ungdom (Illslegt Motmæle fraa Høgre). Det galdt altsaa ikkje um Samlagsretten, men um Lærefridomen. Ein kann taka frami mot Bøker, um det knip, men ikkje imot Lærararne, utans dei gjerer eit Brot. Men det er ikkje Forbroti, som er faarlege, men Tilstemni. Til aa hindra, at desse Tilstemni gjerer si Verkning, er det berre ei Raad aa taka til: aa stengja dei heilage Samlagi ute fra Skulestellet. Det var sagt, at Logframlaget rokk ikkje til, at Samlagi kunde skifta Namn og dylja seg. Jesuitlaget dyl seg ikkje; det hev stødt sagt, at det vil vera det, det er, elder og ikkje vera, og Røyndi hev synt, at dette Ordet vart trutt etterlivt fra 1828 og 1848. Det er framleides paastadet, at dei godkjennde Samlag er vunne fyr Jesuitsystemet. Det er ikkje so. Det store Fleirtalet av Katholikarne vil ikkje i nokon Maate venda att til det gamle System (Uro fraa Høgre), og i denne Stemna er Upplæringi styrd i dei katholske Skular. Regjeringi hev aldri tenkt paa aa føra nokon Krig imot Katholikarne; det vilde vera vitlaust. Katholikarne hev sin fulle Fridom. Katholicismen er fri og uppskipad og hev eit Budget paa 54 Millionar. Hev han Rett til aa segja, at han vert forfylgd? (Samtykkje fraa Vinstre.) Dei spyr, kvat Skuleministeren vil gjera med dei Born, som han stengjer Skularne fyr, og det hev voret sett upp eit Reknestykkje, som var ei Heimløysa. Ein laut fyrst sjaa burt fraa dei ikkje-godkjennde Samlag, som fostrar upp Smaagjentor. Desse Samlagi kunde verta godkjennde. Det same kunde gjerast med andre Samlag. Men yver Jesuitarne var Domen fellt. Det var altso Tal um 16000 Skuleborn. Ein Deil av desse vilde ganga til Skularne aat dei godkjennde Samlag, men elles var Stats- og Heradsskularne alt no i Stand til aa taka imot 29000 Skuleborn, utan at det vart innsett ein einaste ny Lærar. Det var dessutan sagt, at Logframlaget kom i Utidom, at Republiken var for ung til aa taka paa seg ei slik Tyngd. Men vart det ikkje nokot gjort no, fekk dei aldri nokot gjort. Det er i Ungdomen Regjeringarne skal gjera Storverk. Um 10 Aar vil Spursmaalet vera uløysande. Naar ein tenkjer yver dei Skuldingar, som dei sett fram, lyt ein skyna, at det er paa høg Tid aa gjera nokot. Dei republikanske Veljarar ventar med Utol ei Avgjerd, og det er ingen Ting aa ottast av Motfylkingarne. I 80 Amt hev dei fengjet Underskrifter paa Bønskrifterne, fyrdi dei sette ut, at det var Tal um aa fordriva dei miskunnsame Syster. (Samtykkje fraa Vinstre.) Mange,som hadde skrivet under, tok att Underskrifterne sine, daa dei fekk vita Sanningi. Det vilde kannhenda vera vel so lettvinnt aa sjaa paa i Ro og Mak, men det vilde ikkje samstava med Thinget si Skylda. Frankrike hev ikkje gjort tvo store Umstøytar fyr aa koma under det klerikale Herredøme paa nytt Lag. Det vilde vera i høgste Maate uklokt aa gjeva den franske Ungdom i Henderne paa dei ævelege Motstandarar av Republiken. (Samtykkje fraa Vinstre.) Naar eit slikt Spursmaal er framsett, maa det løysast; vert ikkje Artikel 7 (som forbyd dei ikkje-godkjennde Samlag aa halda Skule) vedteken, kann Soga segja, at Jesuitarne i 1879 under Republiken fekk den Innvigsla dei vantad. Tru det fannst nokon frilynd Mann, som vilde taka paa seg eit slikt Andsvar framfyr Historia og si Samtid. (Livlegt Samtykkje fraa Vinstre og centrum.) Logi vart, som fyrr nemnt, vedteki med stort Yvertal i Folkethinget. Seinare hev ho voret umtinga i Senatet; men her er det mindre likt til at ho skal ganga igjenom. Av den Nemndi, som hev havt Logframlaget til Dryfting, er 5 Medlemer imot og 4 fyr Logi. Dei avgjevne Røyster svarar til 136 Motstandarar og 1234 Vener av Logi. I Avdeilderne av Senatet forsvarad Waddington Logforslaget imot det Motlegget, at det var faarlegt fyr Fridomen aat Huslydarne. Forslaget hev ikkje annat Maal enn aa taka imot eit Tilstemne, som stendigt hev vist seg fiendlegt imot Regjeringarne, og ei Læra, som er Fornegtingi av dei moderne Tankar. Denne Læra er Logi meint paa aa døyva.
           
Det tydske Riksthinget er no uppløyst. Fyrre Onsdagen heldt Bismarck ein stor Tale i Tollspursmaalet. Fyrst daa synte det seg til Fullnad, at Brotet millom honom og dei Nationalliberale er fullkomet og ubøtande. Toll-Logi vart ved andre Gjenomgangen vedteki med 211 R. mot 122. Det Tollpaalegget, som fyr Norig hev mest paa seg, er Paalegget paa Tollen fyr hyvlat og sagat Trevyrkje. Det gjerer so mykje, at Utførsla til Tydskland av tilverkat Tre er aa kalla stengd fyr oss. I Frankrike skal det vera ei Rørsla, som gjeng i same Stemna.
           
Liket aat Keisarprinsen kom til England Torsdagen den 10de Juli. Laurdagen den 12te vart Syrgjefesten halden i Chislehurst. Bland deim, som var med, er nemnt Kronprinsen av Norig og Sverik.