Eit og annat fraa ei Englandsferd.

[Del 1 av 14.]
 
Utferdi.
           
Eg hadde arbeidt for myket og hadde vortet so klein med Helsa, at dei talde meg til aa fara paa Langferd, so eg kunna friskna til att, og daa vart det til det, at eg skulde fara til England og vera ei Tid i Dover, og faa frisk Sjøluft og sjaa nokot av Verdi med det same.
           
Thorsdagen den fjorde Oktober 1877 gjekk eg umbord paa Albion i Kristiania, med lett Pung og tungt Hjarta og saag utyver Byen, aldri hadde han set so fager ut.
           
Men eg fekk inkje standa lenge i mine eigne Tankar. Det kom fleire umbord, som skulde vera med, og dei snakkade til meg.
           
Det er Skam aa segja det, men eg hev voret Lærar i 7 Maal og skrivet Bøker paa det aattende, men endaa kunde eg inkje tala og skikkeleg skyna meir enn eitt Maal, og det var just det Maalet, som hev voret meg ein Forargelse alt fraa eg var liten, og som eg, daa eg vart vaksen, hev stridt imot alt det eg hev orkat, og det var Dansk. Detta høvde ille, for det var ingen umbord, som snakkad Dansk, dei snakkad Engelsk alle ihop. Det var fleire, som talad til me paa Engelsk, Tysk og Fransk. Engelsk kunde eg mest inkje Ordet av, og eg kom meg inkje til aa svara paa Tysk og Fransk helder, so det vart snart slutt paa Samtala. Eg skjemde meg litet Grandet, men eg totte det var godt og, daa eg aldri hev havt vidare Hug paa aa svalla med ukjende Folk. Som eg fekk vita sidan, hadde dei grundat myket paa, kvat Slags Landsmann eg var; det var merkelegt, at ingen kom paa den Tanken, at eg var Nordmann, det laag so nær, skulde ein tru.
           
Klokka tri um Eftan gleid me ut etter Fjorden i blenkjande Solskin og varmt Vedr. Holmarne og Smaaøyarne hadde teket Haust-Skrudet sitt paa, med gult og raudt og brunt Lauv innimillom det grøne. Alt Ferdafolket sat paa Dekket og saag seg umkring. Ein Engelsmann sat med Huslyden sin og svallad. Eg sette meg eit litet Stykke ifraa, so eg kunne lyda paa og kannhenda læra litet Engelsk. Men eg skynade aldri Ordet. Eg totte dei snakkad so underlegt og. Sumt liknad paa Dølemaal. Eg høyrde Ord som Kyrkjun, Syster og slikt, men eg fekk inkje Meining i det, og eg totte detta var ein snodig Engelsk. Eg visste elles, at Engelsk liknade meir norsk Landsmaal enn Dansk, og at Engelsmenner skulde hava lettare fyr aa skyna Fjellbønderne enn Byfolket. Fyr mange Aar sidan var eg i Sikkilsdalen med ein annan Turist, M. Det var inkje Hus aa faa andre Stader enn hjaa ein Engelsmann. Eg kann inkje somyket Engelsk, at eg kan snakka med han, sagde eg. Eg er stiv i Engelsk, sagde M., eg skal nok greida det. So gjekk me inn til Engelsmannen daa, og M. snakkad, og Engelsmannen snakkad, men korkje M. elder eg skynade eit Ord. So sat me der heile Kvelden og gjorde Teikn. Men so kom det inn ein Døl, som ender og daa fylgde Engelsmannen paa Fjellet. Daa vart det Snakk. He comes to-morrow, sagde Engelsmannen. Jess, ja, han kjem i Morgo, sagde Dølen og so nikkad Engelsmannen.
           
Daa eg hadde lydt etter detta Svallet paa Albion ei Stund, vart eg reint hovudtullen. Me gleid langsomt framum Nesodden og Elgjarnes (Ildjernet). Eg kjende meg so reint aaleine, inkje ein fannst paa heile Skuta, som eg kunde snakka ved.
           
Um Kvelden var det ovende fint Vedr, men helder myrkt. Eg gjekk att og fram paa Dekket og røykte. Ender og daa møtte eg einkvar, og kvar Gong let det paa Engelsk: Vakker Kveld, elder fint Vedr. Eg tenkte med meg sjølv: Dei er inkje braadt so stive som Nordmennerne.
           
Dagen etter var eg Fyrstemann paa Dekket. Soli skein so blank, og Nordsjøen laag og kvilde etter alle Stormarne. Ein og annan lang Dyning, Aandedraget av den sovande Kjempa, minnte um, at Freden var inkje gamal. Langt i Nord laag Norig som ei laag, blaa Strima, duvande paa Sjøen, elles var det det endelause Havet paa alle Kantar.
           
Ei ung vakker engelsk Dama kom upp og saag so tyd og blid ut, at eg helsad.
           
Vakker Morgon sagde ho.
           
Myket vakker, sagde eg (paa Engelsk, forstend seg). Eg hadde gode Grunnar til inkje aa segja meir, men sannt aa segja, er det sjeldan eg snakkar so pass myket med ei Dama, mindre ho anten er fælt styg elder yver 30 Aar, for daa er dei blide som Smør og helsar att og svarar. Elles vrid dei paa seg og dreg litet paa Gjeipen, naar eg kjem og vil snakka til ei ukjend Dama.
           
Etter Dugurden var eg paa Dekket att. Hine Herrarne sat nede endaa, men nokre av Damorne var uppe. Strima vart laagare og laagare, og sidstpaa seig ho under. Eg vart liksom nokot underleg i det same. Eg hadde høyrt so myket Snakk um, kor vandt det var og greida seg aaleine i London, jamvæl um ein var van til aa fara umkring, og fyr meg vart det so myket verre, daa eg inkje kunde stort Engelsk, og inkje skynad eit engelsk Ord, naar ein Engelsmann snakkad. Eg hadde tenkt eg skulde finna nokon umbord, som kunde rettleida meg litet Grandet, men det saag kleint ut me di.
           
Eg gjekk burt til Rorgjengaren og stirde mot Nord.
           
Ein Matros kom ruslande burt til oss og skulde løysa av.
           
Er Klokka alt 2 naa da, Hans, sagda Rorgjengaren paa breidt Fredrikshalls-Maal.
           
Eg vart reint forundrad og spurde, um det var fleire Norske umbord.
           
Vi er norske alle Folka, so nær som Fyrbøtaren og Maskinisten, svarad han.
           
Vi er fra Fredrikshall, vi to, sagde den andre, Je kjenner a dere jej. Je bur i Storkleiva, strakst nerafor der.
           
Ei av dei engelske Damorne høyrde me stod og snakkad. Ho kom burt til meg og sagde paa Gudbrandsdalsk:
           
Eg tykkjer, eg hev set den Karen fyrr.
           
Eg vart reint som ovandotten.
           
Var det inkje du, sagde ho, som var i Fylgje med Student N. same Sumaren, som Student Hals slo seg ihel paa Besseggi?
           
Nei, Herregud, er det deg Kari; men korleids gjeng det til, at eg skal raaka deg her?
           
Eg hev teket Tenest hjaa ei engelsk Familie, og no skal eg vera med til England og hava 100 Dalar Aaret.
           
Kjem du til aa trivast der daa, tenkjer du?
           
Eg er rædd eg kjem til aa lengta heim, Stands-Skilnaden skal vera so stor der, segjer dei, men so skal me bu i Gudbrandsdalen um Sumaren, Husbonden min eig Gard der.
           
Me sat og svallad ei Stund. Det laag ei Bok paa Benken, som ein av Herrarne havde leset i; eg tok upp Boki og saag ho var svensk. Aa -haa, tenkte eg.                                    
 
( Meir.)