[Notisar]

Kristiania, den 18de Juli 1879.
 
Storthinget. Handelsm. A. Schumacher, Konsul H. Møller og Brukseigar A. Sæhlie hev lyst, at dei ikkje vil taka imot Uppattval til Thinget; det same er Tilfellet med B. Essendrop, O. Welde, Lorch, Daae, Dahl, Bergesen og Sørenssen. Thingvalet fyr Trums og Bodøy skal haldast 31de Juli paa Trums, fyr Vestfold i Tunsberg 30de Septbr. Suppleantarne til Thinget fraa Nordland er: Handelsm. J. Dahl, Lærar Otto Sten Holm, Bonde H. Jæger, Bonde P. Engen og Lensm. K. I. Steen.
 
Indherredsposten som fyrr hev voret eit liberalt Blad, tek Ordet fyr, at Brennerieigar B. Jensen paa Vinje i Mossviki vert Thingmann fraa Nørdre Throndheim i Staden hans Welde. So vidt me veit, er Hr. Jensen ein hæv Mann, men konservativ, um ikkje reaktionær.
 
Fossegrimar. I Skaadøy Sokn (Telemarksfylket) hev nokre Konservative gjort seg røysterettuge paa Fossefall og Elvestup.
 
Embætts-Utnemning. Universitets-Stipendiat Dr. E. Blix til Professor i Hebraisk, Prest v. d. Lippe i Fjell til Sokneprest til Tjømøy, Prest ved Botsfengslet I. N. Brun til do. i Nøterøy, Prest Kr. Dick til do. i Aas, Kapell. Hesselberg til do. i Vaaler, Kapell. J. Qvisling til do. i Fyrisdal, Prest i Lunde E. Smith til do. i Laardal; Kadet Mamen til Sekondløytnant i Fotfolket.
 
Avskil hev fengjet Prest H. G. Hansen i Thveit og Distriktslækjar O. R. S. Haslund i Vatsøy.
 
Sjau Fot Jord. I den siste Tid hev mange møtt upp ved Bythinget i Kristiania og gjort Eid til Riksskipnaden, mest Gardeigarar fraa den yttre By. Yver deim, som gjorde Eid Tysdagen i fyrre Vika, uttalad eit Par Herrar bak i Thingsalen det Ynskje, at dei snart maatte faa seg sjau Fot Jord i Fedraheimen; det var det Harald Godwineson i gamle Dagar vilde gjeva Harald Hardraade av England. Kristianialøvur likar ikkje, at Smaafolk gjer seg røysterettuge.
 
I Kristiania hadde dei nyst Repræsentantmøte bl. A. um Namn paa ny Kyrkjelag (Menigheder). Det var fyreslegjet Betlehem, Nazaret o. s. b. Advokat Stang kunde upplysa, at det fraa kristeleg Synspunkt var nokot i Vegen fyr aa bruka Nazaret som Namn paa eit Kyrkjelag i Kristiania; dei vedtok difyr Namni Rodelykkja, Kampen o. s. fr.
 
Pressa. Frederiksstads Tilskuer er med Hus og Trykkverk seld til Hr. Hallvard Stabell i Eidsberg, kjend som politisk Bakstrævsmann.
 
Laagmaalet fyr Lærarløni vart endeleg aukat fraa 6 til 8 Krunur Vika ogso i Rogaland iaar. Hadde den nye Logi voret gjeldande, som tel, men ikkje veg Røysterne, hadde Aukingi vortet negtad: 17 Ordførarar røystad fyr (med tils. 14 Røyster) og 17, deribland den valde Uppmann, imot (med tils. 11 R.). Me lukkynskja Rogalandsfylket med denne Gjerdi. I Vest-Agder var det ved Fylkesthinget 3 Mann, som vilde ganga attende til 6 Krunur, men Skulenemndi fyrebudde Saki til Gravleggjing, og dei gruske 3 fylgde til Gravi.
 
Hr. Yverlærar K. Knudsen, Hovding fyr det dansk-norske Maalstræv i Norig, skriv i Dagbl. bl. A.: Det er, som Ordtøkjet lyd: di meir Ein dannar Fanden, di betre trivst han. Landsmaalet vert ikkje veikare, men helder sterkare Aar etter Aar. Kvifyr? Fyrdi Motstandararne av detta ikkje mannar seg upp og tek i Bruk det einaste medel mot det, som det er Forslag i, nemleg aa gjeva det ein Medtevlar, taka seg av det dansknorske Maalstræv, i Gjerning som i Ord, i Staden fyr med Hr. Storm aa tala fyr detta, men inkje gjera. . . . Er detta den same Knudsen, som hev skrivet eit langt Kapitel med Yverskrift: Kvifyr kann ikkje alle Maalstrævarar vera Vener? No tykkjest han halda seg til den Setning: skift og hersk! Det ser iallfall ikkje ut fyr, at han gled seg yver, at Landsmaalet vert sterkare Aar etter Aar. Kvifyr er han ikkje glad i det? No daa Maalmennerne er komne so langt, at dei vil arbeida saman med Maalstrævararne?
 
Den nye Khediven i Egypti hev gjevet Avkall paa Halvparten av Civillista (Kongeløni) si; han hev ikkje Harem (fleire Konur) og er ein sedad Mann med europeisk Daning.
 
Gaava. Provst Bugge i Gran, som nysst tok Avskil, hev sendt Universitetet 4000 Kr. til eit Legat, som skal bera hans Namn. Renturne skal brukast til Hjelp aat ein verdug, men trengande Studerande fyrst og fremst av Hr. Bugges Ætt. Det er ein av Hr. Bugges Lærlingar fraa den Tid, han var Professor elder Rektor, som hev gjevet Pengarne.
 
Hr. Sokneprest O. Olafsen skriv i Romsdals Budstikke um Politik og Kristendom soleids: Naar Ein ser igjenom dei fleste frilynde Blad, støyter Ein, rett som det er, paa Stykkje, som vitnar um, at Kristendomens guddomelege Sanning vert forkastad. Fyr berre aa nemna ein Ting: Naar Ein ser dei hatefulle Uttalar mot Prestarne, kvat annat vitnar dei um enn Hat til Kristus skølv? Dersom det var Tale um einskilde, uverduge Prestar, um deira Vantar, ja daa var det ei heilt onnor Sak, men dei fell yver Prestarne i det Heile som Herrens Tenarar, fell yver deim, nettupp fyrdi dei vil gjera sin Herres Gjerning, og daa, segjer eg, er det Hat til Herren sjølv, som driv deim. Er Mannen galen? A. H.
           
Ein Hr. Hv. hev i det amerikanske Blad Norden teket Ordet fyr, at det i kvar einaste Menighed vert stiftat Skular, som gjev Undervisning i baade Religion og Commonskulens Fag, so Borni i vaar egte lutherske Kyrkja (av Ohio-Synoden) aldri vert sende i Commonskulen.