Sakførar Bentsen

fraa Kraakerøy hev no flutt paa Landet og gjort seg røysterettug der. Eg hev daa tenkt, at det kanskje kunde vera til Hjelp fyr sume Valmenn aa faa framlagt nokre av dei vigtugaste Saker, som han hev voret med i, fyr at dei daa kann hava so mykje stødare Greida paa, kor han stend, og kvat me kann venta av honom.
           
Han hev arbeidt:
  1. Fyr aa faa Riksraadarne inn i Thinget (Bentsens Forslag).
  2. Fyr Vidking av Røysteretten etter det vidast-gangande Forslag.
  3. Mot Unionsforslaget.
  4. Fyr Løysning av Soknbandet (Bentsens Forslag)
  5. Fyr ein folkeleg Skipnad av vort høgre Skuleverk; mot Latinskulens Einvelde.
  6. Fyr at dei høgre Skular skulde gjerast fraa Statsskular til Privatskular og Kommuneskular.
  7. Fyr Stipendie fyr Aalmugskulelærarar liksovæl som fyr Lærararne i dei lærde Skular, som hittil allstøtt hadde havt slike.
  8. Fyr at Futembætti vert nedlagde.
  9. Fyr Adressa til Kongen mot det ufolkelege Stangske Ministerium.
  10. Fyr meir maatelege Løner og Pensionar aat Embætts- og Umbodsmenn.
 
Kvar og ein vil av detta sjaa, at Bentsen i Eit og Alt høyrer til det frilynde Parti, og det er visst, at han med sin vælkjende Dugleik vil meir enn nokon vita aa standa paa sitt Amts Beste, som han jamvel gjorde, daa han møtte fraa Byen. I 1869 fyreslo han, at 10,000 Dalar skulde Brukast til aa kosta Veg yver Haukelidfjell. Dette gjekk igjenom. I Jarnvegsaker set han ei Innlandslina yver ei Kystlina.
                                               
17/ 679. Jon Lauvstad.