Fraa Bygderne.

Selljord den 2dre Juli 1879. Idag var det Valmannsval her. Um det var ruskutt og stygt Vær, so mødte det endaa fram umkring 83 Røysterettuge. Hadde berre alle aatt det sanne Frisinn, hadde det vortet eit godt Val, men det var mange, som kasta Røystarne sine paa Høgremenn. Tidsaandi er væl slik i Selljord, maa vita. Valet vart soleis:
 
Til Valmenn.
1.Lensmann Knudtsen med 48 Røyster. 1)
2. Gardbrukar og Forlikskomissær Sigurd R. Sundbø med 48 Røyster.
                       
Til Varamenn.
1. Klokkar Olav Sveinsson med 26 Røystar.
2. Ordførar og Gardbrukar Jørund Telnes med 18 Røyster.
           
Baade tvo Varamennerne er Venstremenn og andre Valmann Sigurd Sundbø dei same, men fyrste Valmann veit me ikkje kor er heime, anten hjaa Høgre elder Venstre. Fullt ut godt hadde Valet voret fyrst, naar anten O. Sveinsson elder Jørund Telnes hadde komet i Staden fyr fyrste Valmannen, utan han no nyst hev skiftat politisk Ham. Kannhenda han det hev gjort!
 
H.E.
 
1) Lensmannen vart No. 1 ved Luttrekkjing.