[Ved Thingvalet i Sud-Upplandi]

Ved Thingvalet i Sud-Upplandi (i Dramn den 30de Juni) vart alle dei eldre Thingmenn uppattvalde, Bonde A. G. Egge samrøystes (45 R.), Sakførar O. L. Skattebøl og Bonde R. N. Leer med 38 R. og Bonde H. O. Hurum med 31 R. I 1876 hadde Hr. Egge berre 38 R., altso ikkje fleire enn Skattebøl og Leer no. Hitt Aaret vart burtkastat 66 R., no berre 32. Mennerne er dei same, men det er Von um, at Hr. Skattebøl og jamvel Hr. Hurum vil ganga meir til Vinstre i dei tri Aar, som kjem, enn i dei tri, som er gjengne. Dei, som skal verta Vinstremenn tarv jamnan Tid til aa læra. Nordmennerne er so naive, maa vita! Dei trur paa Riksraadar, Amtmenn, Futar, Prestar, Storkaupmenn o. s. b. i lengste Laget. Høgremennerne derimot er ferduge med ein Gong; dei vert fødde med Visdomen sin. Til Suppleantar valdest Lærar Sørum, Bonde Helgerud, Lensmann Falch og Bonde Kjømme. Prøveval vart ikkje haldet, men derimot Diskussionsmøte Laurdag og Sunndag. Skattebøl vart spurd, um han hadde skiftat Meining i Riksraadsaki; han svarad, at han ikkje vilde lova fyr Visst aa røysta fyr detta Grunnlogbrigdet, men hadde røynt ymist under sitt Thingliv; han kjem visst like fullt til aa gjera det. Likeins er det med minnst ein av dei eldre Thingmenn fraa Aust-Agder. Det kjem ellest ikkje lenger an paa Riksraadsaki; det er visst nog, kvat Utfall ho vil faa i Thinget. - Paa Egge røystad alle (umfram Egge). Paa dei 3 andre Valde røystad 16 (Falch, Egge, Ihlen, Dokken, By, Holte, Veme, Dramdal, Østby, Rytterager, Bjella, Sandelien, Strand, Horne, Tvete, Skara); paa Skattebøl og Leer dessutan 15 (Sørum, Synju, Sætre, Borge, Rothe, Karlsrud, Tveten, Kjømme, Steensen, Gunnhus, Hervig, Jar, Hurum, Slettemoen, Hammersbøen); paa Skattebøl og Hurum 7 (Haftun, O. Roe, Ø. Roe, Storla, Helgerud, Leer, T. Olsen); paa Hurum og Leer 7 (Lomsdalen, Haugerud, Kvernerud, Fosnes, Hvamb, Gjømle, N. Olsen). Skattebøl røystad ikkje paa Leer (kvifyr ikkje?). Paa Sørum røystad 22 (Helgerud, Egge, Synju, Sætre, Borge, Lomsdalen, Haugerud, Rothe, Karlsrud, Tveten, Kjømme, Kvernerud, Fosnes, Steensen, Hvamb, Gunnhus, Hervig, Jar, Hammersbøen, Slettemoen, Gjømle, N. Olsen), paa Helgerud 6 (Haftun, O. Roe, Ø. Roe, Storla, Leer, Hurum), paa Kjømme 1 (Sørum), paa Falch 1 (Skattebøl), paa Asle Strand 2 (Skattebøl og T. Olsen.